onsdag 27. september 2017

Fjelltrim 2017/2018 - Jamneheiane






Frå Mountains in Askvoll

Sjå festa innlegg AHIL- fjelltrim 2017/2018

Den femte og siste obligatoriske toppen på fjelltrimmen for komande sesong er Jamneheiane på vestsida av Eidsfjorden. Den er også nordlegaste toppen på Askvoll-halvøya (sjå kart som kommentar).

Den tradisjonelle ruta hit er opp heile Askdalen og forbi austsida av Steinheia. Det er god sti heile vegen. Ei anna ruta som underteikna har nytta mykje er å gå frå Nordeide via Fisma og rett opp skaret til Fismavatnet og til toppen (det er alltid ein fordel å redusere bilkøyringa)..... Det er dussutan fint å gå frå Follevåg for å få litt forandringar på turane. Jamneheiane er den toppen på sjølve Askvoll-halvøya som ligg lengst frå sentrum. Utsikta derimot er blant dei beste i alle retningar (sjå foto). Det er fint å gå hit heile året.

Det er gode parkeringstilhøve ved innløpet til Askdalen i Askvoll. Her står det òg informasjonsskilt over fjell og ruter kring sentrum.


tirsdag 26. september 2017

Fjelltrim 2017/2018 - Middagsnipa



 Frå Mountains in Askvoll

Sjå festa innlegg AHIL- fjelltrim 2017/2018

I dag er vi på Middagsnipa. Ny fjelltopp på fjelltrimmen frå 8.oktober. Middagsnipa ligg mellom Indrevågefjellet og Kvamsnipa, på platået mellom Osland og Skjerlia (sjå kart som kommentar). Terrenget er småkupert og steinete. Nesten utan vegetasjon.

Som på dei andre toppane på fjelltrimmen er det fleire ruter opp. Den mest nytta er over Vågeskaret på Osland og opp den lange og relativt bratte bakken. Stien slyngar seg oppover og er grei å følgje. Ovanfor den lange bakken er terrenget ganske flatt, men stig litt inn mot Indrevågefjellet. Det er bra varda inn hit. Frå Indrevågefjellet til Middagsnipa er det ein fordel å få merka noko meir. Terrenget er uoversiktleg i dårleg vèr og skodde/snøfok.

Eit annan alternativ til vegval er å gå frå Skjerlia via Kvamsnipa til Middagsnipa. Denne ruta er nok ikkje så mykje brukt. Her er heller ikkje merka. Det er dessutan fullt mogeleg å ta rundturen frå Oslandsbotnen via Stordalsfjellet til Middagsnipa/Indrevågefjellet og ned att stien til Vågeskaret. Forandring på turane er alltid kjekt. (Personleg synest eg det alltid er kjekkast å gå ein veg opp og ein annen ned igjen).

Middagsnipa er stort sett grei å gå på heile året. Men det er som oftast ein klår fordel med å bruke broddar om vinteren. Som elles i Askvoll-fjella på denne tid. Spesielt opp den bratte bakken frå Osland kan det vere hardt og isete om vinteren, Men kanskje er det nettopp på denne tid du kan få dei flottaste opplevingane når det gjeld lys og stemningar. 

Vedlagt nokre vinter/haustbilder frå/ved Middagsnipa.




mandag 25. september 2017

Fjelltrim 2017/2018 - Gjelsvikefjellet









Frå Mountains in Askvoll

Sjå festa innlegg AHIL- fjelltrim 2017/2018

Gjelsvikefjellet i Kvammen er eit nydeleg fjell. Og det er ein nydeleg tur å gå frå parkeringsplassen ovanfor skytebana i Skorva og vidare opp Fesselia, Knuthjellen, Selvikliane og forbi Selvikestølen og Gjelsvikestølen. Her i frå tek du opp til venstre og opp på toppen. Det er oppgådd sti heile vegen til stølane (sjå kart i kommentar). Vidare opp er det varda. Langs ruta er det god utsikt til Eitrenipa og Fossedalshengenipa. Ved Gjelsvikestølen ser du Blegja og Rørviknipa i all si prakt (bilde ovanfor).

Ein annan veg på Gjelsvikefjellet er å gå frå Selvika på nordsida av Skorvatunnelen og opp Litlerimma til Gjelsvikestølen. Men det er dårlegare parkeringstilhøve ved fylkesvegen enn ved førstnemnde. 

Gjelsvikefjellet er flott å gå på heile året. Her er fantastisk vinterlys frå aust om du startar ein tidleg vintertur hit. 



søndag 24. september 2017

Åleine, men aldri einsam






I dag vart det intet fjell. Etter fleire av sorten i går, trong skrotten kvile. Så eg valde heller å ta meg ein tur med båten ut i havgapet og prøve fiskelukka. Vel, eg kom meg knapt gjennom makrelstimane med utstyret, så det vart i grunn magert utbytte. Men fint var det. Sola hèta på ein stille fjord. Som sist hadde eg kledd på meg altfor mykje klede. Kjekk tur.


lørdag 23. september 2017

Ei vandring i gull

Frå Smørskornova ser vi mot Rivedal og Flekkefjorden

ds mot Straumsnes

Langevatnet med Hekkelfjellet t.h.


Frå toppen av Fagredalen

Frå Moldura (vestsida)  i dag

Ansgar Bjarne har merka igjen
Blegja i det fjerne


I det flotte haustvèret i dag gjekk eg gjennom deler av kremen i Askvollfjella. Eg starta i Oslandbotnen i 09-tida og gjekk opp Brekka til Botnastølen. Vidare opp den vanlege ruta til Svelivatnet til vestre enden. Deretter tok eg opp skaret på sørvest sida av dalen og opp nordsida av Smørskornova. Dette er ei ruta som få går. Men den er ikkje mindre fin av den grunn. 

Frå Smørskornova gjekk eg så ned den vanlege ruta på sørvestsida, runda Langevatnet i nordvest der DNT-løypa frå Stongfjorden til Nipebu passerer, og klatra deretter opp austsida av Hekkelfjellet. Her blir det lagt ut ny fjelltrimpost 8.oktober. Men merkestaken var allereie komen på plass på varden. Eg såg eit par til nedover på sørvestsida, så då er det nok merka frå Hålandsstølen som eg trudde. Reknar med det er John Lien som har teke jobben. Godt jobba!

Hekkelfjellet i dag
Eg gjekk så nordover Hekkelfjellet og ned denne sida, og følgde så DNT-løypa forbi Siklabergvatnet til Mannskaret. Her såg eg dei første og einaste sauene for dagen. 6 stykker heimehøyrande i Holmedal. Eg gav beskjed til eigaren og prøvde å få dei på kjøl til Holmedal. Men det ville dei slett ikkje i det fine vèret. Forståeleg nok. Eg innsåg då at eg ikkje kunne bruke opp resten av energien min på dette åleine, så eg heldt fram til Fanafjellet. 

På Fanafjellet bles det alltid. Så òg i dag. Sola heta litt. Men så snart den forsvann bak ei sky var det ganske kjøleg. Eg heldt difor fram over skaret øvst i Fagredalen og Moldura, og gjekk opp på Moldura òg. Nokre nøtter og rosiner som eg plar ha i sekken som "kriseproviant" var no gode å ty til. Utan mat og drikke....

Tor Einar, Jostein og Audun Erikstad på sauesanking i dag

På veg ned nordsida av Moldura såg eg eit menneske ta seg ein pause i lyngen. Då eg kom ned viste det seg å vere Jostein Erikstad. Vi vart snakkande. Og snart dukka Tor Einar og Audun Erikstad opp òg. Dei var på ettersanking. Eg kunne då opplyse kva område eg hadde fare over. Og det hjelpte litt på. Etter kva eg såg forrige helg så går det ein god del sauer nede i sjølve Størdalen. Eg kan aldri tenkje meg at dei går opp på fjellet igjen. Det er trass alt skrint med fòr lenger oppe. Og langt betre nede i dalen. Så truleg lyt ein ta alt av sau som står nede i dalen til fjorden att den vegen. Det vil no vere det enklaste, sjølv om dei ikkje er vane med å gå her. Det var her eg fekk ned nokre Holmedalssauer ganske seint på hausten i fjor. 

Vel for min del var mesteparten av kreftene brukt opp for dagen. Eg vog litt fram og tilbake på ein sanketur nede i Størdalen, men slo det fort i frå meg. Det var nok med 6 timar i føtene. Eg hadde eit stykke å gå ned att til Neset i Stongfjorden òg. Kjempeflott tur dette i dag! 

Video Hekkelfjellet 230917 (obs litt skraping)

Smørskornova Hekkelfjellet Fanafjellet Moldura 230917

fredag 22. september 2017

Fjelltrim 2017/2018 - Hekkelfjellet (Ny)

Hekkelfjellet t.h.
Foto frå oppstigninga til Smørskornova i nord

Langevatnet
Hekkelfjellet i venstre kant

Utsikt til Holmedal
Utsikt vestover

Mot Holmedal
Blåfjellet t.h. og Dokka t.v.

selfie
Dokka


Frå Mountains in Askvoll

Sjå festa innlegg AHIL- fjelltrim 2017/2018

Hekkelfjellet i Holmedal er òg ny post komande sesong. Etter kva ein har registrert var denne sist på programmet for 14 år sidan. (Svarthamrane som i år er skifta ut med Hekkelfjellet var inne for 7 år sidan).Hekkelfjellet kan ein omtale som eit lett fjell å gå på. Det ligg midt i hjartet av fleire turløyper, m.a. passerer den merka DNT løypa frå Stongfjorden til Nipebu rett på nordsida. Truleg blir det merka løype frå vassverket i Holmedal, via Hålandstølen og Siklebergvatna og opp. Det virkar mest logisk og er kortast. Ved vassverket er det også best parkeringstilhøve.

For dei som går mange gonger på Hekkelfjellet for sesongen vil eg likevel slå eit slag for å gå via Svelia i nordaust, Mannskaret i vest eller Rivedal i søraust. Då får ein litt forandring i "kosten" og litt meir ut av turen.

Frå Hekkelfjellet er det flott utsikt mot Holmedalskanten i sør. I vest ser ein mot Dokka, Moldura og Fanafjellet. Mot nordvest ser ein Svarthamrane og Skålefjellet. Mot nord ser ein mot Førdefjordsida og i aust til Langevatnet og Smørskornova. Sjå foto frå i fjor haust/vinter.


torsdag 21. september 2017

Fjelltrim 2017/2018 - Nonsholten (ny)

Frå Nipebu til Nonsholten
  
Flott utsikt frå Nonsholten mot Fossedalen, Eitrenipa, Nordre og Søndre Kringla og Blegja

Nonsholten midt i bildet

Frå AHIL Fjelltrimgruppe v/Dag Tore Mjåseth

"NYE FJELLTOPPAR I SIKTE 🏃😊


Søndag 8 oktober er den store bok bytte dagen, den dagen ligg det ute nye bøker på dei nye fjelltoppane våre. Samme dag om kvelden tar vi inn dei gamle, for årets sesong. Vi har fått ny og gammal topp for sesongen 2017/18.
Fjelltrim 2017/18 har desse fjelltoppane:
Gjelsvikfjellet 663 moh. 10 p. (Øyra/Markavatnet)
Jamneheiane 456 moh. 10 p. (Askvoll)
Hekkelfjellet 706 moh. 10 p. (Holmedal)
Middagsnipa 639 moh. 10 p. (Osland/Stongfj.)
Nonsholten 752 moh. 30 p. (Ottersteinen/Rivedal)
Blegja 1304 moh. 50 p. (frivillig)
Kjem med meir info om toppane/parkering/stiar/merking.
God tur til alle🚶🏃"



Utsikt mot Nipebutraktene

Frå Mountains in Askvoll

Nonsholten på Heileberget er nok ein relativt ukjend topp for mange. Den ligg omlag midt mellom Driveknolten i vest og Fløyen i aust, og litt lenger mot nord. Her er difor ikkje utsikt til sjølve Dalsfjorden frå toppen. Derimot er det veldig flott utsikt nordover og mot nordvest, aust og nordaust. Fossedalen ligg nett "nedom føtene".
Nonsholten midt i bildet. Foto frå skaret på Driveknolten.
Storehesten mot venstre.
Når det gjeld ruter til Nonsholten er det fleire.Truleg blir det litt hipp som happ tidsmessig og avstandsmessig om ein vil gå frå Rivedal over Driveknolten til Nonsholten, eller frå Otterstein over Fløyen (ved sistnemnde får ein sjølvsagt køyringa til/frå Dalsfjordbrua i tillegg). Frå nord kan ein gå frå Nipebu og opp skaret aust for Driveknolten. Ein kan òg gå opp ved sørvestenden på Atlevatnet via Vagstaddalen. Eller via Fossedalen til Dalsstølen og Grautadalsvatnet og opp. Som ein veit er det gode parkeringstilhøve i Rivedal og ved Otterstein (kan bli trangt på flotte dagar ved sistnemnde). 



Varden på Nonsholten
Driveknolten midt i bildet
Obs: Til vinteren bør du vere fjellvand om du vil gå opp framsida frå Otterstein. Her er bratt og ikkje reint ufarleg ved snø- og isforhold.