lørdag 19. august 2017

Taket, Steiestølen

På Taket i dag



I dag vart eg med Olaug på Taket på Steiestølen i Dale. Fjellet er ein av postane på den såkalla 10-fjellsturen i Askvoll og Fjaler i regi av Indre Sunnfjord Turlag. Olaug hadde ikkje vore på Taket før. Kor tid eg var der sist veit eg ikkje. Det er iallefall haugevis med år sidan. Slik blir det når ein bur litt abakeleg til på hi sida av fjorden... Eg køyrer dessutan nok bil med det som er om eg ikkje skal måtte køyre land og strand rundt for å gå på fjellet òg.... Vel, nok om det.

Vi var tidleg ute for å nyte den sola som var att i denne omgang. Og akkurat det heldt godt stikk. Turen opp var fantastisk. Kjempegodt merka og flott vèr,  men sjølvsagt litt vind på toppen og litt blautt. Nydeleg utsikt til alle dei kjende fjella på nordsida av Dalsfjorden og ned igjen til alle hyttene på Steiestølen. Dei flotte grøne bøane på Ulvedals-garden skein ein i augene. Vi toppa så greitt ut toppen. 


Steiestølen
Storehesten i bakgrunnen
Ikkje så langt nedom toppen på returen trakka Olaug grassat skeivt. Der og då lurte eg på om vi kom oss ned igjen eller helikopter var neste. Så lett er fruen heller ikkje å bere... Eg fekk raskt av ho skoen og kjøla ned ankelen med våt og kald mose. Det trur eg hjelpte bra på, men det vart jo ei seig affære ned igjen. Stavane mine kom bra til hjelp, men stakkars fruen skreik ut si smerte gong etter gong. Å trakke skeivt veit eg dessutan godt kva er av eigne erfaringar. Det kan vere veldig smertefullt. 


Myklebuststølen
Eit stykke ovanfor Myklebust-stølane traff vi Audun og Liv Sandsund. Vi slo av ein hyggeleg passiar med dei. Og nedom dei same stølane traff vi Gudmund og Magni Solheim. Nok ein koseleg prat. Men for Olaug sin del var det no berre å kome seg heim igjen for å sjå på ein dobbelt-so-stor ankel som vanleg. Eg får vere litt serviceminded med ho resten av dagen....

Ingen kommentarer: