Facebook

søndag 27. august 2017

Feiring under Storehesten

Mamma med oss "ungane"....

Nysna Gard

Halve familien Nyland Skaar


Stefan og Sigmund hadde gått frå Dale over Blegja til Bygstad.
Her Stefan, Mildrid og Erik Njøsen


Mildrid føl Kristine og Margunn (døtrene mine i Førde) på plass

Tanta, Mildrid, Kristine og mamma

som Lisa ser etter.
Kidsa - 



Stefan, Ivar, Sigmund og Mamma

Yngvild og Bergljot

Mamma, Ivar og Kristine
   
Mildrid og Bergljot

Minstemann Øystein og mamma
Mesteparten av dei vaksne i familien min besøkte i går Nysna Gard under Storehesten i Bygstad for sosialt samvere og middag, kaffi og kaker. Dette i høve at mamma er 80 år på tirsdag og er bortreist på dagen. 

Gjengen samla

Dei kjekke eigarane, Erik Njøsen og Nina Hjelmeland, tok vel i mot oss. Sistnemnde fortalde om den interessante historia til garden då vi var samla til middag. 

Nina Hjelmeland fortel om Nysna Gard

Sillan leia så festen vidare. Vi fekk m.a. kontakt og bilder via Skype av to av barnebarna til mamma i London. Dei fekk framført sin gratulasjonssong live på storskjerm (den teknikken den teknikken), sjå fotoserie. 

Maten frå koldtbordet vi fekk servert smaka fantastisk. I fleire omgangar. ikeeins kakene vi hadde teke med. Elles var vi fleire som hadde historier å fortelje. Mest frå gamle dagar. Og vi song frå songhefte som var laga til for anledningen. Under kaffien song også Leif-Arne sjølv til mamma. Eg fekk dessutan vist mange gamle bilder, der pappa òg var med. 

Nysna Gard
Nysna Gard i Bygstad


Det var ein strålande kjekk dag på Nysna Gard (facebook). Vèret var like fantastisk. Takk til Erik og Nina for vertskapet. 

Foto:



onsdag 23. august 2017

Sporty Marie




I kveld følgde eg Marie opp på Fanafjellet slik at ho fekk seg ei runde på fjelltrimmen denne sesongen òg. Ho bur til vanleg i Bergen, men likar å få med seg årets toppar og diplom. Samtidig fekk eg eit overblikk over sauene som går i området. Dei beita fredeleg innover mot Mannskaret, øvst i Fagredalen og ned igjen mot Størdalsstauren. Som vanleg. Kor tid det er sanking veit eg ikkje. Men reknar med å ta del i år òg. Det er moro. Og ein dag med god trim. 

Elles gjekk turen radig opp. Fekk fortalt Marie litt om vegen og vist rundt. Ned igjen sprang vi for det meste. I bra temperatur og overskya vèr. Herleg! 

lørdag 19. august 2017

Taket, Steiestølen

På Taket i dag



I dag vart eg med Olaug på Taket på Steiestølen i Dale. Fjellet er ein av postane på den såkalla 10-fjellsturen i Askvoll og Fjaler i regi av Indre Sunnfjord Turlag. Olaug hadde ikkje vore på Taket før. Kor tid eg var der sist veit eg ikkje. Det er iallefall haugevis med år sidan. Slik blir det når ein bur litt abakeleg til på hi sida av fjorden... Eg køyrer dessutan nok bil med det som er om eg ikkje skal måtte køyre land og strand rundt for å gå på fjellet òg.... Vel, nok om det.

Vi var tidleg ute for å nyte den sola som var att i denne omgang. Og akkurat det heldt godt stikk. Turen opp var fantastisk. Kjempegodt merka og flott vèr,  men sjølvsagt litt vind på toppen og litt blautt. Nydeleg utsikt til alle dei kjende fjella på nordsida av Dalsfjorden og ned igjen til alle hyttene på Steiestølen. Dei flotte grøne bøane på Ulvedals-garden skein ein i augene. Vi toppa så greitt ut toppen. 


Steiestølen
Storehesten i bakgrunnen
Ikkje så langt nedom toppen på returen trakka Olaug grassat skeivt. Der og då lurte eg på om vi kom oss ned igjen eller helikopter var neste. Så lett er fruen heller ikkje å bere... Eg fekk raskt av ho skoen og kjøla ned ankelen med våt og kald mose. Det trur eg hjelpte bra på, men det vart jo ei seig affære ned igjen. Stavane mine kom bra til hjelp, men stakkars fruen skreik ut si smerte gong etter gong. Å trakke skeivt veit eg dessutan godt kva er av eigne erfaringar. Det kan vere veldig smertefullt. 


Myklebuststølen
Eit stykke ovanfor Myklebust-stølane traff vi Audun og Liv Sandsund. Vi slo av ein hyggeleg passiar med dei. Og nedom dei same stølane traff vi Gudmund og Magni Solheim. Nok ein koseleg prat. Men for Olaug sin del var det no berre å kome seg heim igjen for å sjå på ein dobbelt-so-stor ankel som vanleg. Eg får vere litt serviceminded med ho resten av dagen....

fredag 18. august 2017

Djevelens utsende


Det beit meg ei fluge på nasa mi raud
ho svei som av hinmannens rike
Eg slo etter beistet og ropte mi naud
men fram dukka hundrevis like

Eg fekta og banna og hitna i sinn
so fekk eg ei fluge i gapet
Ho kravla og spann kring om drøvelen min
so vitet eg trudde sku` tape

Men brått vart det alvor då insektet hogg
der nede i brokja og styret
Det kjendest som vesenet spytta og togg
og kveldsmaten sikra det dyret

Eg sprong som ein tykje til vatn eg fann
og hoppa i tjønna den myrke
Eg plaska og gaula det beste eg vann
og trygla om himmelens styrke

Nei svarten eg seier at fluger er beist
 i helvetes eldar må brenne
Eg drøymer at fluger åt fanden har reist
so stilla eg atter kan kjenne

Tekst og foto 
G.Skaar


søndag 13. august 2017

Bringer lukke

Kvit røsslyng skal bringe lukke....
Lia
Liavika



Parti frå Vågen

Jammen var det godt å kome seg ein tur til fjells igjen. For det er ikkje til å kome vekk i frå at eg har lege litt bakpå i det siste. Alder, pendling og joggsituasjon krev sitt. Og egentleg har eg ikkje vore heilt i slag etter syden-turen tidlegare i sommar. I så måte måtte eg gjennom ein pencellinkur òg. Men i dag fekk eg meg heldigvis ein tur igjen. Ja, om ikkje anna så gjekk eg på Høgeheia og vidare til Lia, Liavika og til Vågen. Ei flott rute. 

I dag kom eg over utegangarane som går på Stavenesodden (sjå foto link). Dei gjekk rett aust om toppen på Høgeheia. På Stongfjorden sida. Men dei sprang forsyne meg på ein halv kilometers avstand. Sky vesen dette! 

Det artigaste var likevel to fjellvåkar som følgde meg nesten heile stykket ovanfrå fjellet og ned i Lia. Dei "stilla" rett over meg fleire gonger. Noko brukande bilde fekk eg derimot ikkje teke mot den lyse himmelen. Betre gjekk det å ta bilde av ein stor gåseflokk då eg kom opp mot hovudvegen i Grimelia...(foto link). Ja det går mot haust. Elles gjekk eg på ein hjort. Men med vinden i ryggen vart han vàr meg med ein gong. God luktesans på desse dyra....! 

Så dette var ein fin start på litt fjellvandring igjen. 




søndag 6. august 2017

Familietur til Fossedalen













Kafèen på Vårdalsneset

I dag gjekk vi heile gjengen av Olaug sine barn og barnebarn til Fossedalen. Til og med minste mann på 6 månader var med. 

Som vi veit er det flott å gå til Fossedalen på turstien frå Otterstein ved Dalsfjordbrua. I dag var det rett nok ganske blautt og vått etter alt regnet. 

Vèret var betre heime i Stongfjorden då vi starta enn det var inne i Dalsfjorden. Men opplett og fin temperatur er i grunn det beste turvèret ein kan ha. 

Ved dei store hellene som er med på å danne bru over elva i Nedre Fossedal drakk vi kaffi, åt skiver og lefser ++ .  Eg må nesten få nemne Tiril som gjekk som ei fjellgeit i dag. Først opp og først ned igjen. Eg vart sjølv god og sveitt begge vegar ved å halde følgje. Elles var det artig å høyre ho fortelje om vegen. Det var 4 gongen ho har gått denne turen. Tiril var til og med bort under Fossedalsfossen, sjølv om elva var diger å kome over. Turen gjekk elles veldig greitt opp og ned.

Tiril under Fossedalsfossen

Etter at vi var komne ned igjen køyrde vi til Lagunen (ved Verftet) på Vårdalsneset og kjøpte oss vaflar og is, drakk kaffi og brus. Fin søndag.