mandag 24. juli 2017

Dale Nipebu Rivedal med 70 års jubilant

Ein 70 års jubilant på "tunet" heime

Olaug og Ellen i Fossedalen



Ved Dalsstøken

Dalsstølen

Ved Nipebu

Nipebu

Olaug 
og Odd ved Atlevatnet


Inngangen til Vagstaddalen

Vi fekk litt uventa besøk av Ellen og Odd (bror til Olaug) direkte frå hytta på Blefjell fredag. Vèrmeldingane var supre. Skjergardstreff og greier. At Ellen vart 70 år søndagen var spesielt...

I det flotte vèret gjekk vi så frå brufestet på Dalsfjordbrua til Fossedalen, vidare til Nipebu og enda opp i Rivedal der vi hadde sett frå oss ein bil. 

Det vart ein super tur. Litt chipt at sola forsvann då vi kom opp til Nipebu. Men etter denne sommaren må ein vere glad for kva solstrålar ein får. 

Bildeserien frå turen ser du her: Dale Nipebu Rivedal med 70 års jubilant

søndag 16. juli 2017

Rintler`s galleri




I dag kom Agnar og Margrete på besøk til bygda, så då vitja vi kunststudioet til Charlotte Rintler. Håvard og jentene vart òg med i Losjehuset. Fleire andre hadde òg funne vegen til å sjå på måleria og handarbeida som er utstilte her. 

Fantastisk broderi av Kevin Hawkes


Det er kjekt med ei stund i losjen. Her kan du nyte flott kunst til sals. I tillegg smakar engelske kaker, kaffi og te veldig godt. Galleriet og kunststudioet er vel verdt eit besøk ei helga.  

lørdag 15. juli 2017

Dalsbua 40 år

Jentene på besøk i Dalstunet er visst like pene no...

...som då Dalsbua vart starta...
Kari Jensen t.v. har vore med i alle år

To eldre heltar

Mykje liv og røre i tunet i dag
Olaug og mamma



Dalsbua i Dale er 40 år i dag. Så då valde eg og Olaug å ta turen til Dalstunet. Mor mi vart òg med. Og sjølvsagt vart det kaffi og kaker i tunet. Som alltid. Anten det er på Almuen, i gamle Skaar-huset, eller utom. 

Mykje folk var møtte opp. Praten gjekk livleg rundt småborda. Men om det var partytelta dei så flott hadde sett opp som gjorde at det ikkje kom ein regndråpe veit eg ikkje. Iallefall var vèret bra med solgløtt og greier. Nordavinden heldt seg òg roleg. 

Ein ser jo at folk ein kjenner frå gamle dagar, og det er lenge sidan ein har møtt, eldest. Men dette er nok gjensidig. Sjølv om ein kjenner seg aldri så ung i topplòket. Moro er det å treffe att ungdommar som var små då eg flytta frå Dale for tredje gong. Artig at ein kjenner desse flotte ungdommane igjen gjennom foreldre og besteforeldre. ja, det var veldig kjekt å prate med så mykje kjentfolk. Vi er no ein gong sosiale vesen vi menneske, og trivst best i lag. 

Elles er det jo sjølvsagt eineståande at Dalsbua har helde det gåande i desse 40 åra. Og med stort sett same jentene som drivarar i så lang tid. Eg håpar at Dalsbua held fram i 40 år til. Butikken og miljøet ikring er ein miljøindikator for eit sentrum slik eg likar det. Svære betongklossar av handlesenter, baserte på drive in drive out og store parkeringsplassar, utarmar diverre meir og meir dei rolege sentrumsområda der det før levde og oppheldt seg folk. 

Som tidlegare og næraste nabo i Dalstunet ynskjer eg Dalsbua endå ein gong til lukke med dagen. Så får vi håpe på ein sommar med mykje folk i tunet. Butikken er vel verdt å besøke.




onsdag 12. juli 2017

80 år - still shining...


Mamma er 80 år neste månad. Ho er still going strong. Trass i litt gips og slikt... På vedlagde bilde som ung mor saman med underteikna (bildet er forøvrig lagt farge på av pappa + litt misfarging frå mobilen). Det heng på veggen min heime. 

Mange kjenner nok mamma. Syster til Herbjørn Sørebø. Som yrkesaktiv dreiv ho gamle Skaar-bokhandel i Dale i mange år. Mamma er òg veldig sosial av seg, og har alltid hatt ei stor kontaktflate. Ho bur framleis på Skaartun i Dale sentrum. 

Med 6 barn, 18 barnebarn + 1 til hausten og 15 oldebarn + 1 til hausten, har ho sett merke etter seg. Som 80-åring syter mamma framleis for presangar til alle på dagane våre. Vi skal feire ho på skikkeleg vis neste månad. Vi er alle veldig glade i henne.


mandag 10. juli 2017

Lindos


Nokre bilder frå Lindos.
Du har ikkje vore på Rhodos utan å ha vore på Lindos....
Musikk: Robert Farmer
"If we knew all the laws of Nature"




torsdag 6. juli 2017

Varme dagar

Klart for middag på taket
Magni og Olaug strålar i varmen
(sjølv om sistnemnde ser feil veg...)

Soloppgang på Faliraki Beach


Faliraki i solnedgang
Gamlefar skal klippast
og følgjet må pent vente


Peter kjøpte seg puslebitar av pyramide

Minigolf er ikkje alltid så enkelt....😅

Lindos

Borga sett gjennom ei gamal vindmølle på Agio Emilianos

På Agio Emilianos
Agio Emilianos med borga i bak


Magni på Lindos i første veka
Flott kaktus i ei gate på Lindos


Heile gjengen

Sander og Margunn

Ingrid
Solfrid, Margunn og Hanna


Full fart i Old Town
med Peter, Sander, Ingrid, Margunn og Hanna

Tid for middag (igjen)

Før soloppgang på Faliraki stranda

Kjentfolk som tidlegare budde i Stongfjorden var òg på Rhodos

Lady in the breeze

Evangelismos Church, Rhodes town

Hamneområdet i Rhodos by

Mandraki Habour i solnedgang
I Rhodos By stod denne
norske forfattaren i glaset


Esperos Village med matchande kaktus til fruen
(utan samanlikning forøvrig...😋)


Agia Sofia
Ved Agia Sofia

Agia Sofia i Esperos Village





I desse ferie-tider blir det berre eit lite ressymè av turen vår til Rhodos i sommar. I detaljar blir 14 dagar for mykje å skrive om. Bilder og snuttar fortel det meste (sjå full bildelink til slutt). 

Verdt og vite er det likevel at Magni Rivedal budde på same hotellet som oss den første veka. Vi reiste i lag til Bergen, og overnatta hjå Torbjørn (son til Olaug) og Ingrid Anita, før vi tok flyet i lag. 

Elles traff vi traff Margunn, Tor Ivar, Sander og Hanna i Rhodos by. Nokre dagar i opphaldet overlappa vi kvarandre. Dei reiste saman med eit vènepar frå Førde, og budde i lalyssos på hi sida av øya. På same hotellet vi nytta i 2015.

Nokre stikkord frå turen:
  • Epsilon hotellet via Apollo i Faliraki/Kallithea var flott. Godt reinhald av rom og basseng. 
  • Lindos er ein fabelaktig plass (du har ikkje vore på Rhodos om du ikkje har vore på Lindos)
  • Gamlebyen er utruleg livleg. 
  • God mat overalt
  • Herleg sandstrand, men sanden var som å gå på glør
  • Fantastisk badevatn. Krystallklårt. Nydeleg å snorkle der vi låg. Mange fisketypar.
  • Fin temperatur, men ei hetebølgje på eit par dagar var hard!
  • Dårleg kronekurs for tida - dyrt opphald! 
  • Vi er veldig nøgde med turen.