Facebook

torsdag 1. juni 2017

Til Miklagard

Gaute Losnegård fortel om den imponerande sykkelturen sin gjennom Europa

Tid for trekning i lotteriet 
Det var ei kjekk stund på puben i Stongfjorden i går kveld då Folkeakademiet inviterte til eit kåseri av Gaute Losnegård og sykkelturen han hadde gjennom Europa til Istanbul. Imponerande innsats på over 3000 kilometer gjennom mange land. Og for å seie det forsiktig så var heller ikkje sykkelen av siste racermodell.

Vi fekk høyre om interessante opplevingar og gode tips på flotte plassar langs reiseruta. Rikt illustrert med bilder på skjerm. I tillegg fekk vi servert nylaga kanelbollar og kaffi. Til slutt eit lotteri. Olaug og eg kom så rikare heim att av eit flott kåseri. Ja søte druer og sjokoladekjeks følgde med heim att òg. Takkar! 


med heldige vinnarar
Legg inn en kommentar