Facebook

lørdag 3. juni 2017

Stongfjorden walk, kunst og kafè
















I dag vart det ingen fjelltur. Skodda låg tjukk på morgonen, og eg valde heller ein dag i bygda. Først ein god times spasertur med barnevogn. Så x-ord. Og deretter familie-walk i bygda med innlagt expresso og kaker hjå Galleri Rintler Northwestwood. Hyggjeleg stemning hjå Charlotte Rintler og Johan Moen. Måleria er flotte og ein studie verdt. Heimeside her.

Etter dette traska vi opp i Gjerdedalen. Her såg vi på Torbjørn og kompisen Gaute Hope frå Dale som klatra i ein hammar. Alice Vie har rydde og klipt flott sti opp til hammaren. Dei har planar om å sette boltar i fjellet for øvingsklatring.Tøft! 

Nede i Gjerda traff vi på Jeff Pedersen og dottera. Vi slo av ein god prat med dei. Ellinor skulle på overnattingsbesøk hjå Olina til Miriam og Håvard. 

På veg heim att gjennom Stong kosa ungane seg i det fine vèret. 

Nei, ein treng ikkje gå på dei høgste toppane i fjellet for å ha ein fin fridag. God pinse!

Legg inn en kommentar