tirsdag 2. mai 2017

Perfekt utsikt

Ja, her er det vèrhardt oppe...

Nydeleg utsikt frå Portafjellet

Stordalsfjellet i dag
Besøkte steinen igjen...
 Foto Portafjellet (N) Stordalsfjellet Vardeheia 010517

Frå Vardeheia ser vi langt innover Dalsfjorden

...og utover


I dag gjekk eg ruta frå Oslandsbotnen til Portafjellet (N), vidare opp på Stordalsfjellet, så ned øvst i Stordalen, og opp på Vardeheia. Eg returnerte gjennom Porten til Oslandsbotnen. 

Frå Portafjellet er det fantastisk flott utsikt vestover til mellom anna Moldura, Skålefjellet, Høgeheia, Toreheia, Ytrevågefjellet og Florø. Og sjølvsagt til Stongfjorden. Diverre er Portafjellet eit fjell som sjeldan er besøkt. Stordalsfjellet i nærleiken står på programmet for fjelltrimmen kvart 7-ande år, men Portafjellet er etter mitt syn eit "betre fjell". Kanskje burde desse fjella ha bytta plass? Stordalsfjellet har flott utsikt det òg. Det står ikkje på det. Men her ser du ikkje vestover. Derimot er det flott utsikt austover og sørover mot Dalsfjordtraktene. 

Det vart tungt i dag. Turen gjekk for det meste på trugar då skaren ikkje heldt. I tillegg varma sola snøen til slush. På oppstigninga til Vardenova slo eg frå meg alle tankar om å gå vidare vestover til Røyrbotnholten og Smørskornova. Eg måtte kome meg heim att i heilinga. Middagsgjestar skulle vi òg ha.... 

Vel, som de skjønar gjekk det greitt. Skikkeleg mo i føtene då. Men med nok ein flott tur innabords. Det vart ei fin helg dette òg...😅

Ingen kommentarer: