torsdag 4. mai 2017

Bravo Frende

Doctor Vittorakis
Platanias




Eg fekk nytt reise-forsikringbevis frå Frende Forsikring i dag. Gyldig eit nytt år. Det er flott. Det fekk meg til å tenkje på turen i fjor sommar då eg fekk bruk for forsikringa. Det hadde seg nemleg slik.  

Olaug og eg gjekk ein tur i åsen over Platanias på Kreta då to kamphundar brått angreip oss. Fruen sprang, men medan eg heldt den eine hunden unna, beit den andre meg i leggen... Olaug som har 40 års teneste på legekontor sa då "dette er ikkje bra Gustav" (og når ho seier noko slikt er det alvor) ! Spesielt sidan eg ikkje kunne hugse å ha teke sprøyte for stivkrampe nokon gong.

Vi gjekk til doktoren som stod oppført i StarTour brosjyra, og vart møtt av ein vennleg og blid fyr. Han spurde etter reiseforsikring og pass. Eg drog fram my FRENDE-card og fekk beskjed om å fylle ut eit enkelt skjema. To minutt seinare leverte eg inn dette til same fyren, og vart henvist på direkten til legen. Her fekk eg behandling, skrive ut resept for antibiotika og  sprøyte for stivkrampe. På næraste apotek sette deretter Olaug sprøyta på meg. Ho er van med slikt frå legekontoret. Og eg putta i meg to tablettar.  

No gjekk heldigvis dette ganske greitt. Vi reiste heim nokre dagar seinare, og både eg og hundane overlevde. Men eg må seie at eg følte meg både naken og utsett der i berre shortsen mot desse villdyra.. I ettertid har eg tenkt på at dette kunne gått så mykje, mykje verre. Glad er eg for at det var eg som tok støyten og ikkje fruen... Ho er nemleg livredd hundar! Og så er eg umåteleg glad for at eg hadde reiseforsikringa hjå FRENDE i orden. Har du fiksa di? 

For sjette gang sia 2011 er Frende si reiseforsikring kåra til best i test 👍

Blogg juli 2016

Ingen kommentarer: