mandag 29. mai 2017

Hjort og laks


Tja - var kanskje ikkje så verst denne assosiasjonen....
Å treffe hjort i fjellet samanlikna med dei som går på heimebøen er som forholdet mellom oppdrettslaks og villaks. Mogeleg desse her "tok han heilt ut" i Bjørnastigvatnet for nokre år sidan. 

søndag 28. mai 2017

Lite bèt - endå...

 
Langevatnet

Det er nok endå litt for tidleg på året for noko særleg bèt i fisken på fjellet. Heller ikkje i Langevatnet (Stongfjorden) var det noko tak i han i dag. Så etter ei runde rundt vatnet pakka eg i hop stanga igjen og gjekk på Fanafjellet i staden. Greitt å få ekstra trim i dag òg. 

Elles var det kjekt å observere at heiloen er tilbake på sørsida òg. Dei er faste gjestar både på sør- og nordsida av Stongfjorden. Songen er kanskje den meste karakteristiske du finn i fjellet. Eit fint verktøy for deg som har lyst å lære litt meir om både fugl og fuglesong finn du på ein god app som heiter BirdID - Nord. Appen inneheld òg øvingsoppgåver tilpassa fleire nivå av kunnskap.

lørdag 27. mai 2017

Pure lukka

Haust- og vårfargar på denne staden...

I austenden av vatnet renn elva ned frå Blåvatanet

Eitrenipa i midten

Førdefjorden
 Foto

I dag gjekk eg frå Rørvika i Kvammen til Høgefjellet og ned til Bjørnastigvatnet for å prøve fiskelukka. Så mykje til fisk vart det ikkje. Vatnet var sjølvsagt iskaldt. Det rann friskt snøvatn nedover fjellsidene frå Blåegga og Blegja. Men - 3 fine drog eg på land, så søndagsmiddagen er i boks. 

Med synnavind i fjeset gjekk eg på to hjortar oppe ved stølane. Den lyse rumpa på den eine skein meg imot frå alt det grøne. Dei stod midt i stien, og jammen kom eg dei nære før dei sprang opp. Alltid artig å sjå denne utgåve av rasen oppe i fjellet. Som eg sikkert har skrive mange gonger er det ei heilt anna oppleving å møte hjort på fjellet enn i "hagen" heime. Det blir nesten som forholdet mellom oppdrettslaks og villaks....

Elles vart det veldig fint vèr etter kvart. Angen av nysprotta fjellbjørk pirra i nasa som reine parfymen. Ein rein nytelse og finne fram nista i sola ved vasskanten. Flotte timar i fred og ro i stilla. Pure lukka. 


Rørvikenipa og Rørvikelva

søndag 21. mai 2017

Gebursdag Hanna & Live






 




I går var det nok ei feiring av barnebarn sin dag. Omlag ein månad sidan forrige "pulje"... Det var Hanna og Live som stod for tur denne gongen. Selskapet vart helde hjå Margunn og Tor Ivar i det flotte nye huset deira i Førde. Stor takk til dei for ei koseleg stund i godt lag. 



lørdag 20. mai 2017

Glupsk dame slukte froskeprinsen


Frå Jamneheiane i går kveld

Frå Jamneheiane

I bakgrunnen Moldura, Kalderasnipene og Dokka

 







Eg fann det tryggast å forlate heimen i går då Olaug fekk besøk av to tidlegare klassevenninner for overnattings-besøk. Ikkje det at Siv og Velaug utgjer nokon fare for mitt vè og vel. Snarare tvert i mot. Men det er noko med å late kvinnfolk få fred no og då. Dei treng vel det til liks med oss mannfolk. Når det er sagt trivst eg no egentleg best i eige selskap. Då får eg styre fritida som eg vil. Det er nok med krav og mas og forventningar i kvardagen elles...

Vel, eg strauk til fjells. Med soveposen og fiskestonga. Og litt klede, nokre brødskiver, saft og ein melkesjokolade. Teltet gadd eg ikkje å dra på. Det er noko med å kjenne vinddraga og lydane i natta i berre soveposen. Så mykje stjernehimmel er det ikkje å sjå no. Men seinare er det kjekt å ligge i soveposen og sjå inn i stjernehimmelen. "Høyre stilla"...  No er det knapt mørkt i det heile. 

Eg køyrde ned til Nordeide. Deretter gjekk eg stien nord til Fisma. Så tok eg opp det relativt bratte og ulende skaret, og nådde opp til Fismavatnet. Tungt nok med sekk egentleg. Eg pakka så ut, og gjekk meg ein tur opp på Jamneheiane. Her fekk eg med meg utsikta og sola i vest. Praktfullt! 

Nede ved campen min igjen fann eg fram fiskestonga og gjekk meg ein tur rundt vatnet. Ikkje eit napp. Ikkje ei krusing på vassyte. Komplett dødt. Rett nok med eitt og anna forsiktig vàk. Så fisket gav eg opp. Eg tende i staden bål og fekk i meg noko mat. Suset av elva-sitler var det einaste som braut stilla i kvelden. 

Eg kraup så i soveposen og sovna ganske umiddelbart. Etter ein lang dag... 

Klokka 01.40 trudde eg det var morgon. Det var nesten heilt lyst! Men fann ut at det var i tidlegaste laget å stå opp... (merkeleg kor opplagd ein blir av å sove ute....😄) .

Eg vakna igjen i 04.30 tida. Frå soveposen åt eg nokre brødskiver. Eg fekk så auge på ein flokk med hjortar på morgonbeite i austhellinga på Steinheia. Somme leika seg med raske løp i lia, andre åt frå det nyspira graset. Fantastisk. 

Etter å ha fått på meg kleda, fann eg fram fisketroa. Og omlag då sola spratt over horisonten ved Størdalsstauren i aust, small det til noko så grassat på stonga at eg kvapp som i den høgste himmel. Himmel og hav for eit utras. Puls 150. Og i himmelens navn for nokre plask der ute på vatnet. 4 eller 5 gonger hoppa det til som om det var ein kval ut i der. Men fisken sat jammen santen framleis på.... Her var det berre å ta "dagen" til hjelp. Etter endå fleire utras, om og men, og ved hjelp av all varsemd i verda, greidde eg å håve fisken. Då slapp sluken... Fantastisk. Det var som eit reint Deja Vu frå Nipevatnet ved Nipebu for fleire år sidan....

Turen var fullendt. Klokka 05.30 i dag. Nok ein tur for minneboka. Meir fiske var uinteressant. Her måtte eg berre finne att vet og forstand og kome meg ned att på jorda. Frå himmel-landet. Eg åt difor opp Melkesjokoladen min - som sendt frå Melkevegen - pakka sekken, slumra i morgonsola og drog heim etter eit bèl.

Livet er ei gåve. Lukka i livet er ei gåve. Ho ligg der. Det er berre å gå og finne ho.... Men ikkje gjer som den glupske dama - ikkje sluk prinsen. Slikt kjem det neppe noko godt ut av...

Den glupske dama slukte
froskeprinsen....


torsdag 18. mai 2017

Herleg 17.mai 2017



































Nok ein fantastisk 17. mai er over. Og eg sat i Grendahuset og lurte på om det nokon gong hadde vore dårleg vèr i Stongfjorden 17. mai etter at eg flytta hit for snart 20 år sidan...😆 Ja, for vèret var som å slå av og på ein brytar i høve resten av veka. Plaskregn både før og etter. Snakk om flaks. 

Innhaldet i dagen var elles av god gamal tradisjon. Mat må ein jo ha ein slik travel dag. Rømmegrauten og spekematen smaka herleg. Sikkert betasuppe òg. Gratis is og brus for ungane - slå den. Og kaloriane stod i kø frå eit bugnande kakebord! 

60 meteren stod sjølvsagt på programmet. Dessutan hesteskokasting, natursti, tipping på eitt og hitt, og halding av mjølkespann på lengst mogeleg tid. Nytt av året var hundeshow. Artig innslag. Her var altså noko for ein kvar smak. 

Frå scena i Grendahuset stod ungane for underhaldninga. Ivrige småtroll synte flotte og morosame sketsjar med stor innleving. Kjempeflinke var dei! Primus motor for dette var Idun Losnegård og Jeff Pedersen. Vi har proffe folk i bygda. 

Talen for dagen var det Rolf Losnegård som heldt. Han tok utgangspunkt i det å ynskje kvarandre til lukke med dagen. Og kva som kunne gjere oss menneske lukkelege. Vi ynskte så sidemann og dei bak oss til lukke med dagen. Ja, så kjende vi oss litt lukklegare der og då... Lukka i livet er vel til sjuande og sist det å kunne vere saman og dele gode stunder....