søndag 30. april 2017

Dameselskap

Olaug og Molduras store sønn
Ja, det tek på om du skal opp....
...men jammen er det verdt slitet...



...å no opp på toppane.

Påskegåva frå banken inneheldt visst meir enn Kvikklunsj!
Vi fekk oss ein god latter...😄



I dag fekk eg med meg Olaug på den flotte ruta frå Neset til Fanafjellet (fjelltrimpost). Vi gjekk deretter over traversen ved toppen på Fagredalen til Moldura, og vidare opp hit frå nord. Returen til fjorden igjen tok vi via Størdalsstauren i vest. 

Når sant skal seiast er ikkje Olaug heilt fri for høgdeskrekk. Traversen over til Moldura frå Fanafjellet kan ofte vere litt tricky då her er bratt og ofte isete på vinterføre. Men det gjekk i grunn heilt greitt i dag. Vi kom fint over ved at eg gjekk først og trampa spor. Broddane vi hadde teke med var òg til god hjelp.

Elles traff vi - eg heldt på å seie som vanleg - Molduras store sønn Ansgar Bjarne her oppe. Vi slo av ein liten prat rett nedom toppen. Han på veg opp, vi på veg ned. Som seg hør og bør måtte møtet dokumenterast....😃

Det mest morosame var likevel då vi ute på Størdalsstauren opna påskepakken frå banken . Den vesle pakken som eg visste inneheldt kvikklunsj. Men i staden for to kvikklunsj drog Olaug ut eit Yatzy (sjå foto). Då lo vi godt! Truleg første og einaste gongen nokon har teke med seg eit Yatzyspel opp hit...😂

Nydeleg tur i supert vèr!

lørdag 29. april 2017

60 år - tusen takk!

På trapp
 Urnes Stavkirke


Huarplassen
Skomargjelet







Solvorn


Lysthuset t.h.

Påbygg av den eldre delen av hotellet

Nydeleg steinbord og steinbenker


Fint folk med Morgan bilar
Fint skal det vere....












Mamma heiser flagget heime i Dale


Olaug og eg hadde ein veldig kjekk dag i Solvorn i går då eg fylte 60 år. Etter eit lite besøk innom mamma i Dale, køyrde vi i nydeleg solskin til Sogn og sjekka tidleg inn på Walaker Hotell. Vi vart ynskte velkomen av strålande opplagd betjening. 

Etter å ha pakka ut vandra vi i fjæra og blant kvitmåla og velstelte småhus. Det var stille. Veldig stille. Ja, vi var samde om at vi knapt hugsar ein stillare stad. Hotellet var til og med utan radio og TV. Imaget var fred og ro. Mogeleg det er annleis under turistsesongen. Men for oss var dette midt i blinken. 

Vi gjekk så vidare på ein kultursti der vi fekk kjennskap til bygda. Ei brosjyre vi fekk utlevert på hotellet gjorde turen meir interessant. Deretter gjekk vi opp ei bratt T-merka turløype til Huarplassen, høgt over bygda (sjå bilder). Fin trimtur. Vi nådde så ned att til bygda til å ta Lustrabåtane si vesle ferge til Ornes. Ferga som er bygd i 1968. På Ornes gjekk vi så opp bakkane til Urnes Stavkirke for eit besøk her. Litt seinare tok vi så ferga tilbake til Solvorn. 

Middagen seinare på kvelden var eit kapittel for seg. Eit firerettars måltid som smakte fortreffeleg. Vi tok så tidleg kveld. 

I dag bila vi ruta heim igjen over Gaularfjellet. Vegen vart opna for sommaren i går. Som ein kan sjå av bilda ligg det framleis mykje snø her oppe. Skiføre lenge for dei som ynskjer det. 

Olaug og eg var samde om at vi hadde hatt ein fin tur...👫


lørdag 22. april 2017

Kong Vinter returnerte

Fanafjellet


Osland og Oslandsvatnet

Selfie
Smørskornova
Smørskornova med utsikt til
Dalsfjorden





Stongfjorden frå rett vest av Mannskaret

Neset

I dag gjekk eg denne flotte turen:


Det var rimeleg tungt. Og det skal det vere. Noko av meininga med fjelltrimmen det. Men jammen var det kome ein god del snø i høgda. Vèret var veldig variabelt. Frå flott sol, snøbyger med skodde og dårleg sikt. Alt frå nordleg retning. Ja, frå Siklebergvatnet og til Mannskaret var det så dårleg sikt at eg heldt på å gå ned sistnemnde til Gjerdedalen og Stongfjorden. Men det var jo å feige ut... 

Det tok nøyaktig 10 minutt så skein det opp igjen, og eg såg heim att. Utrulege vèrforandringar på kort tid. Elles var det til tider ein ganske sur trekk. Spesielt oppe ved Fanafjellet. I dag kutta eg difor ut Moldura. Nok var nok og gjekk ned vest om Langevatnet (Stongfjorden) og Langedalen til Neset. Her henta Olaug meg. Vi køyrde så til Oslandsbotnen og henta bilen min. Flott og tung tur! Herleg!


torsdag 20. april 2017

Easter 2017


Minner frå atter ei flott påske.
Omslaget er med "ungane"...


tirsdag 18. april 2017

Gebursdagar april

Hatten hadde alle barnebarna laga og namnsett
(p.s. minstejenta Live manglar på bildet)

"Ungane" mine -
Margunn, Ingebjørg, Kristine og, Peter

Barnebarna mine: Hanna, Nikolai, Sander, Lene, Vilde, Amalie og Andreas
(minstejenta Live manglar) 


Ingebjørg, Margunn og Kristine
Sander og Nikolai
(legg merke til beinstillinga)


Amalie Sander og Nikolai

Amalie
Ingebjørg, Tor Einar og Anna


Tore og Olaug
Olaug, mamma og tanta


Lene, Vilde, Andreas og Amalie

Ingebjørg og Nikolai
Anna og Andreas


Tor Ivar Vilde og Lene

Tore og onkel Ivar
Ingebjørg og Kristine
P.S. Det er nokre dagar igjen endå...;-)
Margunn



Peter og Margot (eks)




Madame



I går var det den store gebursdags-feirings-dagen. I år i det nye og flotte huset til Margunn og Tor Ivar i Farsund-feltet på Sunde i Førde. Dei to andre døtrene mine, Kristine og Ingebjørg, bur rett i nærleiken. One big family samla... 

Så mykje er det vel ikkje å seie om feiringa. Kanskje utanom at eg sjølv vart sett ekstra stas på sidan eg snart fyller år, og er "bortreist på dagen"... 😄Men egentleg var det Lene og Vilde, Sander og Rudi vi feira.

Barnebarna veks iallefall til. Det skal vere visst. Vi andre grånar nok bort litt etter kvart. Som eg skreiv hin dagen "You can`t run away from time". Men den største gåva ein kan ha i livet, er iallefall at andre tek over stafettpinnen når ein sjølv legg han ned. Det er ei god kjensle. Og det er vel det livet handlar om. I røynda, og når sant skal seiast, så har livet allereie gitt meg dei gåvene eg treng. Som varige fotefar.