torsdag 2. mars 2017

Varsku her

Vel vel - eg låg nok og sov då steinen som knuste vegbana ved Heilevang i natt ramla frå stor høgde i Heilefjellet.
Vi som reiser her kvar dag - for mitt vedkommande 17-18 år no - er jo vane med at det rasar både eitt og hitt - 
men denne steinen må jammen ha vore stor. 

Noko større utgreiing trengst vel ikkje for å tenke seg kva som hadde skjedd om det kom ein uheldig billist forbi i rette augneblinken...



Ingen kommentarer: