lørdag 11. mars 2017

Molduras store son

Ansgar Bjarne er fast inventar her oppe....

I skaret mellom Fanafjellet og
Moldura
Friskt framme på kanten med utsikt
til Holmedal og Straumsnes
Det er vel knapt nokon som går så mykje på Moldura som Ansgar Bjarne. Frå huset sitt på Neset i Stongfjorden har han den flotte ruta opp på fjellet som næraste nabo. Eg brukar å treffe han på same plassen kvar gong eg går her. So og i dag tidleg òg. Eg var god og varm etter å ha skifta alle kleda på overkroppen på toppen. Og sidan han hadde fått på seg ein ekstra gensar, vart vi ståande å prate eit bèl vest av Fanafjellet. Veldig kjekt.

No hadde eg vore ein tur innom Fanafjellet før eg gjekk oppom Moldura òg. Som video-klippa viser var det ganske friskt her oppe i dag. Den sparsommelege sola som viste seg var ingen varme i heller. Slike dagar er difor gode klede eit must. Gjerne byteklede for sveitt ty nær kroppen. Og fleire lag. Forholda ellers var heilt greie. Litt sigesnø, skaresnø, fokksnø og is. Heilt toppers med trugar frå lia ovanfor Neset og opp. 

Så mykje elles er det vel ikkje å nemne. Noko særleg liv er det ikkje akkurat å sjå på fjellet på denne tid. Ein litt dristig rypestegg med aukande hormonnivå i skallen må i tilfelle vere det einaste.... Ja, det går nok mot vår i år òg. 

Dagens selfie på Moldura
(inkludert to vindtette huer)


Det er i grunn greitt å kome seg ned att til våren på denne tid...

ds

Foto Fanafjellet Moldura 11/3-17


Ingen kommentarer: