Facebook

onsdag 29. mars 2017

Staveneset 29/3-17




Fin solnedgang på Staveneset i kveld....


tirsdag 28. mars 2017

Mountains in Askvoll post


Litt lenger vest frå Fristadfjellet, sjø førre foto, ligg Blåfjellet. Her er eit mars-foto i kveldinga der i frå. På dette bildet ser vi i midterste rekkja Kultingane og nemnde Fristadfjellet. I bakkant ligg Moldura, Kalderasnipene og Dokka. Dalsfjorden mot Dale t.h. Blåfjellet er som dei andre toppane lett å nå frå parkeringsplassen ovanfor kyrkja. Det står eige turskilt over stiar til fjella her.

Frå Mountains in Askvoll

P.S: Legg merke til dei relativt synkrone linjene i desse to-tre fjellrekkjene.


søndag 26. mars 2017

I skoddeheimen

Skodde og regn på Toreheia i dag...
...og heime...
Det var ikkje veir for dei nye
Black Diamond stavane mine,
så dei gamle av dei gamle fekk
turen i dag....:-)
Fruen i huset brukar å kalle det turar for spesielt interesserte når eg dreg til fjells i skitveir. Så òg i dag. Men regn og skodde hindrar meg aldri for ein tur. Iallefall ikkje på Toreheia, heimefjellet, der eg har merka ruta for nettopp skoddeturar. For uansett kor godt kjend ein er, er det godt å ha nokre faste merker å gå etter når du ser berre nokre meter framfor deg. 

Og ja, det var dårleg sikt og sørpe vått. Regn og issmelting om ein annan. Det rann vatn overalt. Trugane eg bar med meg fekk eg ikkje bruk for. Den vesle snøen som låg trakka eg berre gjennom. 

Elles må eg nesten få skryte litt av reimpregneringa av Paramo-buksa mi. Eg var faktisk heilt tørr eg kom heim igjen. På overkroppen skifta eg alt på toppen. 

Fin trimtur i dårleg veir...

lørdag 25. mars 2017

Eg søkte tilflukt

Desse søkte ikkje tilflukt

...men beita fredeleg vidare....

God sti og merking på Høgeheia
Eg søkte tilflukt
At skodda kjem fort her på kysten, veit vi som bur her. Så òg i dag. På Høgeheia i føremiddag vart skodda som sleppt ut av ein sekk. Eg sat og vente eit bèl der på toppen og lurte på om ho letta, men den gong ei. Eg gav meg såleis på turen austover til Lia, Liavika og Grimelia. Såg ingenting likevel. Ja, då vart det med turen på Høgeheia i dag. I og for seg heilt greitt. I skodda og silregnet. Fin liten trimtur for det.
  


tirsdag 21. mars 2017

Bli ny...


Relax Hårstudio i Førde.  Facebook  Kontakt Malin...👧

søndag 19. mars 2017

Kaldt gitt...

Soloppgang ved Indrevågefjellet - eg får dra dit....😎
Eitrenipa N&S Kringla
Fossedalshengenipa

Det var ikkje lenge sola rakk


Portafjellet

Vardenova, Røyrbotnholten og Smørskornova,
 Svelivatnet og Botnastølsvatnet


I dag gjekk eg meg ein morgontur frå Osland, over Vågeskardet, og opp bakkane til Indrevågefjellet. Det var kald vind. Men ein luftetur måtte til. 

Det var snøfritt opp den lange vestvende bakken. Oppe på platået låg det litt meir snø, men fin å gå på. Som eg tenkte meg. Utan ski og trugar. I utgangspunktet var eg tenkt inn på Midddagsnipa òg, Lysta forsvann likevel i den iskalde vinden der oppe. Her var det berre å kome seg heim att i varmen. Fin trimtur då 😛 
Foto Indrevågefjellet 19/3-17

lørdag 18. mars 2017

Toreheia vest

Toreheia

Svanøy

Skylefjellet

Heime igjen
Det fine med å bu så nær fjord og fjell er at eg slepp å reise nokon stad for å nyte friluftslivet. Som eg sikkert har nemnt fleire gonger så er det ei sælebot å gå på fjellet frå stovedøra heime. Difor blir det nokre turar på fjella ikring her. Og så slepp eg å bruke heile dagen på reising og tur. I dag gjekk eg difor den vanlege turen på Toreheia og Skylefjellet. Ikkje heilt rett då for eg gjekk heilt ned på nordsida i dag og glytte ned på Stavestranda og inn til Flokeneset. Det er så forblåst og steinete her oppe at det minner om månen eller Mars. Utsikta derimot er praktfull. 

Returen heim att gjekk eg om dei flotte Mangevatna. Nydeleg 3-4 timars tur på morgonen.  





mandag 13. mars 2017

Gebursdagar

Papirfly har vore populært lenge...
Sander, Nikolai og Andreas
(barnebarn-gutane mine)

ds
ds

Tor-Ivar
Papirfly-general Rudi


  
Produksjonsavdelinga:
her Vilde og Lene på
"kontoret" mitt
Vi er inne i ei tid med mange gebursdagar for barn og barnebarn ++
Denne søndagen var det Peter sin tur. Han er blitt ein stor gut på 17 år. Og til og med vakse forbi faren! Så då måtte vi ha ei familiesamling i Stongfjorden. Mykje stas, leik og moro. Spesielt vart produksjon - og kasting av papirfly populært ute i gangen. 

Eg har plukka ut nokre bilder av dette. Dei andre bilda får ligge i harddisken så lenge...

søndag 12. mars 2017

Vårvæte


Det vart ein ny trimtur på Toreheia i dag tidleg. Litt skodde og vind var det i dag òg, men ikkje så mykje som fredags-kvelden. Nokre dagar til med vind og mildvèr no og all snø er borte. Eg gjekk opp via Krikavatna. Heilt fint å gå ned igjen Yndestadhøgeheia på berre føtene òg. Men hugs gamasjar. Heilt snøfritt er det ikkje. Snøen som ligg er av det blaute slaget. Litt regn i lufta på siste del av turen heim igjen.  


Toreheia 120317

Video inkludert fjellvind!

lørdag 11. mars 2017

Molduras store son

Ansgar Bjarne er fast inventar her oppe....

I skaret mellom Fanafjellet og
Moldura
Friskt framme på kanten med utsikt
til Holmedal og Straumsnes
Det er vel knapt nokon som går så mykje på Moldura som Ansgar Bjarne. Frå huset sitt på Neset i Stongfjorden har han den flotte ruta opp på fjellet som næraste nabo. Eg brukar å treffe han på same plassen kvar gong eg går her. So og i dag tidleg òg. Eg var god og varm etter å ha skifta alle kleda på overkroppen på toppen. Og sidan han hadde fått på seg ein ekstra gensar, vart vi ståande å prate eit bèl vest av Fanafjellet. Veldig kjekt.

No hadde eg vore ein tur innom Fanafjellet før eg gjekk oppom Moldura òg. Som video-klippa viser var det ganske friskt her oppe i dag. Den sparsommelege sola som viste seg var ingen varme i heller. Slike dagar er difor gode klede eit must. Gjerne byteklede for sveitt ty nær kroppen. Og fleire lag. Forholda ellers var heilt greie. Litt sigesnø, skaresnø, fokksnø og is. Heilt toppers med trugar frå lia ovanfor Neset og opp. 

Så mykje elles er det vel ikkje å nemne. Noko særleg liv er det ikkje akkurat å sjå på fjellet på denne tid. Ein litt dristig rypestegg med aukande hormonnivå i skallen må i tilfelle vere det einaste.... Ja, det går nok mot vår i år òg. 

Dagens selfie på Moldura
(inkludert to vindtette huer)


Det er i grunn greitt å kome seg ned att til våren på denne tid...

ds

Foto Fanafjellet Moldura 11/3-17


fredag 10. mars 2017

Sola drukna i skodde

Ingenting å sjå på toppen i dag

Eidsfjorden og Stongfjorden


Glimt av blå himmel ved Krikavatnet
Mørkt på Rinda ned igjen



Det vart både skodde og mørkt då eg slo følgje med Agnar på Toreheia etter arbeid i ettermiddag. Ja forsyne meg slo det til å regne òg på heimveg. Ikkje akkurat som meldt då. Vi hadde bestilt solnedgong, Men slik er det - vèret styrer ingen. Kjedeleg egentleg å ikkje få vise Agnar den flotte utsikta frå Toreheia. Og ikkje minst solnedgongen. Vel, når det vart som det vart så får ein berre ha herlegdomen til gode til ein annan gong. God trimtur iallefall. Og så fekk vi no pratast litt etter gamalt òg. 


mandag 6. mars 2017

6. mars 2017




Ja det er i grunn greitt å ha hjorten i Flokeneset samla på ein plass. Gjerne godt inngjerda som her. Det er ikkje til å kome forbi at eg har hatt ein god porsjon flaks som ikkje har køyrt i hel nokon av arten dei mange åra eg har pendla.

Kanskje vandrar det mykje hjort hit frå indre strok grunna den tidlege våren? Eller lèt seg lokke av ein ny slåtteteig som her? Farleg er iallefall hjorten for oss pendlarar. Og neppe særleg bra for bøndene heller. Men slik går det med mengda av hjort når vi har utrydda alle naturlege rovdyr og endra balansen i naturen. Kanskje er det til sjuande og sist oss sjølve å skulde for mengda av hjort? Hjorten gjer jo berre det som er naturleg for han. Slikt sett er det nok verre stilt med oss menneske...

søndag 5. mars 2017

Krigstankar

Selfie Furefjellet

Militærhelikopter

Eg fekk i grunn nok av snø i går. Og ein av dei mest snøfrie plassane på fastlandet i Askvoll er Stavenesodden. Furefjellet og Høgeheia er flotte å gå på heile året om ein ynskjer seg lite snø. Dette er òg greie turmål om ein ikkje vil bruke heile dagen i fjellet òg. Det finst jo andre måtar å bruke tida si på enn i fjellet òg. Som elles i dag med middag- og kaffibesøk. Og sport på TV.

Det bles i dag. Ein kald søraust kuling ut fjorden. Det bles også godt på Stavensodden. Men som nemnt stort sett snøfritt med litt tele i jorda.

Elles kvapp eg godt då tre digre militærhelikopter nærast flaug rett over meg. Med eit forferdeleg rabalder. Det gav assosiasjonar til innslag frå Syria. Her på den fredlegaste plassen på jord. Men med si eiga krigshistorie å fortelje. Staveneset var åstad for mangt eit krigsdrama i si tid. Vi får håpe at slike scenario aldri får sjå dagens lys her ute igjen.

Askrova
Smelvær

Stongfjorden og Holevika



lørdag 4. mars 2017

Kremtur

Fossevikja i første sola for dagen
Eg køyrde til Dale i 07-tida og starta turen frå parkeringsplassen ved brufestet på Dalsfjordbrua noko over 07.30. Dei første solstrålane for dagen gylla akkurat toppen av Kringla. Stien til Fossevikja var fast og fin utan snø. Eg tok meg raskt bort i Fossevikja. Omlag då sola steig over fjella i aust. 

Elraki
Nedre Fossedal









Eg var ein tur bortom Elraki og tok nokre bilder med sola i ryggen. Både hytta og Nedre Fossedal låg bada i den låge marssola denne morgonen. 

Dalsstølen i morgonsol
Nå låg det nok noko meir snø oppover enn eg hadde tenkt meg. Spesielt ovanfor Dalsstølen. Og sidan Olaug fekk trugane mine på trugetur med turlaget, vart det ein relativt stri tur opp Dalsstoredalen. Skia hadde eg ikkje tenkt på. Dei måtte eg uansett ha bore på ryggen til Nedre Fossedal. Og ski gjennom småskog, delvis frosne myrar og opne elvesitler, er noko herk. (Å gå på ski til Nipebu er ruta frå Markavatnet eller Rivedal betre). Eg kom meg likevel relativt greitt opp til turlagshytta på berre skorna. 

Dalsstølen i dag
Nipebu


Selfie Nipebu

Naustet ligg godt under snøen no
Utsikt mot aust og kjende fjell


Kloppa ved Krokavatnet i dag

På Nipebu bestemte eg meg for å kutte ut Fossedalshengenipa. Klok av skade tok eg ikkje sjansen på å gå over Langevatnet. Eg gjekk difor Massbu-ruta austover til kloppa i sørenden på Krokavatnet. Deretter via Øvre Fossedal, langs Fossedalsvatnet, og retur til fjorden den ruta eg gjekk opp. 

Øvre Fossedal hytte 1
under restaurering
Øvre Fossedal hytte 2


Vinterleg ved vassenden på Fossedalsvatnet i dag
På stien til fjorden igjen traff eg folk. Først ein "kjendis" frå Dale. Tidlegare lærar, spelemann og ein av motorane for Jubelhornet. Eg slo av ein god og kjekk prat med Andreas. 

Litt lenger nede traff eg ein heil familie på tur. Eg prata litt med dei òg. Kvar gong eg har gått denne ruta vi laga langs fjorden frå brua til Fossevikja, har eg treft folk. Mange. Veldig kjekt at denne stien blir så godt nytta. Til og med tidleg i mars. 

Veldig flott og solrik marstur. 
Traff denne karen i Kleivane i Fossevija i dag.
Slo av ein god prat med Andreas Ramstad.

Siste bildet for dagen på stien til Otterstein


Herleg tur via denne ruta i dag:

Nedre Fossedal Nipebu Pergytten Øvre Fossedal Dale 040317