Facebook

lørdag 4. februar 2017

Nydeleg på Eitrenipa

Selfie på Eitrenipa i dag


Eg stakk tidleg avgarde på Eitrenipa i dag, og var allereie på plass oppe ved Markavatnet litt før kl 08. Det kjendest nesten ut som det var vår lufta. Med 4 plussgrader i lufta og stjerner på himmelen gjekk eg opp kraftvegen. 

Det var ikkje mykje vatn i Eitrefossen gitt. Berre ei lita sitle. Såvidt det rann ut av demningen ved lagunane. Medan fossen inn i lagunane rann friskt (sjå foto). Slik er livet. Pengar går framfor natur... Det er altfor få menneske som talar naturen si sak.... Men eg har heldigvis godt samvit! Til sjuande og sist er det det som tel. Ikkje pengar og makt. Det er eg hellig overbevist om.

Utløpet av lagunane med demningen

Sjå kva vatn som renn inn i lagunane vs det som renn ut til Eitrefossen...
Det bles ganske bra austavind innover nordsida av Leknesvatna. Kan vel ikke akkurat kalle vinden kald. Men vind er no vind. 

Oppe i den bratte skåra valde eg å ta på broddane. Det var både hard snø og nysnø. Men det var ingen problem med å ta seg opp på toppen. 

Utsikt frå skåra på vestsida opp. Leknesvatna nede mot høgre.
Utsikt mot Dale frå søndre toppen

Flott ustikt frå Eitrenipa mot nordvest og Florøkanten


Det bles endå meir på toppen. Sjølvsagt. Og det var såpass kaldt her oppe at eg skifta alt tyet på overkroppen. Å gå i sveittevåte klede på denne tid er ikkje noko særleg... 

Turen opp hadde nok kosta meg ein del. Nokon vidare tur bort på Nordre og Søndre Kringla var uaktuelt. Etter ein månad lungebetennelse i desember treng eg nok litt tid til å kome i  betre form. Eg gjekk difor ned Eitreskaret. 

Fjorårsgraset ned her var glatt. Ei blå skinke viser att av det. Elles var det delvis tele og våte steinar. Så eg tok meg god tid ned til Botnatjerna. Deretter gjekk eg ned den merka stien som held fram til Nipebu, men tok over myra før Krokavatnet, og gjekk austsida av vatnet til Svortevikstølen. 

Eitrenipa dukkar opp igjen halvveges inn over austsida av Krokavatnet. Kjekt å sjå attende...

Eg tok eit stopp under den flotte hellaren før Krokvassenden. Sola stod fint inn frå sør og varma. Herleg plass dette. Sommar som vinter. 

Flott under hellaren ved Krokavatnet

Utsikt ved hellaren
Svortevikstølen i dag
I enden av kraftvegen ved Grunnevatnet stod to stk Osland-karar og kappa ved. Furu som har lege att etter at kraftvegen vart bygd. Eg slo av nokre ord med karane før turen gjekk ned att til Markavatnet. 

Tilbake ved Markavatnet

Ja, ein skulle jo ikkje tru denne turen var i starten av februar. Reine vårløysinga med rennande smeltevatn ned etter Fossedalshengenipa. Og sola som varma i bakkane. I sanning ein kjempeflott tur i dag. 


Foto Eitrenipa 040217
Legg inn en kommentar