søndag 15. januar 2017

Oh shit...


Begge foto Yndestadhøgeheia...
med iskalde føter!

Det var antydning til dramatikk i dag tidleg då eg gjekk gjennom isen på Krikavatnet. Det virka som isen var trygg innerst inne ved land, men lenger ut på gjekk eg brått gjennom. Sjokket, ja sjokket var rimelegvis stort. Så mykje tid til å tenke var det ikkje, men eg fekk løyst ut stavane og drog meg opp igjen der eg kom i frå. Svarte svingande. Ein time heim igjen og mange minusgrader. Situasjonen var heilt surrealistisk og totalt idiotisk! Men det som kanskje var det mest idiotiske, var at eg heldt fram oppover. Med stadig lenger veg heim igjen....

Vel, på høgda rett under toppen måtte eg gjere noko med føtene og tærne. Dei var fullstendig kjenslelause. I den bitande kulden fekk eg av alt på føtene, men utan sokkebyte og med våte sko, var gode råd dyre. Det einaste eg fann på var å dra over føtene eit par innerhanskar og deretter eit par brødposar. (Eg brukar ofte brødposar som mellomlag mellom to par sokkar om vinteren, så eg snudde dei eg hadde på meg). Så fekk eg på meg dei våte skorna igjen og la til palings ned over Yndestadhøgeheia. Til palings og til palings fru Blom. Snøen rakk jo meg til låra rett som det var, og pusten gjekk som ein blåsebelg. No rett nok utan lungebetennelse...! Buksene hadde teke av for det meste av væta, og alt på overkroppen fekk eg skifta. Men timen heim att vil eg gå forbi i det stille.... Men for å seie det slik - eg fekk ikkje nyte han! 

Heldigvis ser det ut til å gå bra på heile greia. Smerten i føtene og tærne då eg stod i dusjen heime var nærast uuthaldeleg. Men amputasjon slepp eg visst denne gongen òg... 

No er det andre gongen eg har gått gjennom isen på Krikavatnet. Ja, eg har visst ein episode på Langevatnet ved Nipebu òg. Kanskje på tide ein tek til vèt. Flaksen kan jo vere oppbrukt... sjølv om ein seier at trening gjer meister. Men i røynda kan dette blogginnlegget fungere som skrekk og advarsel til andre. Sjølv om ein er aldri så fjellrøynd....

Ingen kommentarer: