lørdag 30. desember 2017

Eit ork...

Ytre Stongfjorden, Eidsfjorden t.v. og Alden t.h.

Yndestadhøgeheia

Stongfjorden

Nok er nok
Stongfjorden


Krikavatnet i dag

Eg hadde ein plan om å kome meg opp igjen på Toreheia igjen i dag. Det gjekk ikkje. For eg såg ingen grunn til å halde fram inne på Yndestadhøgeheia. Med ein isande kald vind, og ein halv meter nysnø mange plassar, vart det eit ork å halde fram oppover. I eit par bakkar under Yndestadhøgeheia kom eg meg ikkje av flekken. Med fòksnø til magen vart det berre Texas. Meininga med ein fjelltur er vel at det skal vere kjekt...Eg skar difor ned igjen til Krikavatnet, tok på meg trugane, og vende nasa heimover igjen. Nok var nok. 

Kjekt var det likevel å sjå sola igjen. Om ikkje det var så mange minuttane. For trimmen sin del så vart eg utsliten nok....


mandag 25. desember 2017

1.juledagsparty

Godt med ein søskenbarnkos

Julaftan hadde vi besøk av den
minste nissen i jula. Han var
veldig interessert i bilar....


Mykje bingo på Yndestad i dag


To solide barskingar. Håvard og Tor Ivar

Barsking nr tre, Rudi, med Kristine

Kul type i lag med søster....

Ingebjørg, Nikolai og primus motor - Olaug
God å klatre på han Peter
Så var årets 1.juledagsparty over. Maten var god. Ungane snille, og dei vaksne nøgde. 

Tradisjonen med å samle flest mogeleg av barn og barnebarn held vi vedlike. Vi var nesten fulltallige i år. Men å få samla alle skal jo noko til. Vi er ein svær gjeng. Så nokre var vi i manko. 

Vedlagt ligg det nokre bilder (utan mat)...



søndag 24. desember 2017

Toreheia Julaftan

Stongfjorden i dag 24/12

d.s.

Yndestadhøgeheia mot aust
Yndestadhøgeheia mot vest
Eg har dei par siste dagane vore på tur og lett etter eine delen av paret på mikrobroddane mine som eg miste forrige helg. På Yndestadhøgeheia i går i eit plaskande regnvèr, og opp igjen i dag og inn på Toreheia. 

I går var det veldig mykje regn og skodde her oppe, så eg gjekk ikkje inn på Toreheia. Eg var våt nok med det som var. Men brodden såg eg ingenting til. Heller ikkje i dag lukkast det å finne delen. Det var som du sikkert kan tenkje deg heilt andre forhold her oppe no. Sist helg var det nydeleg vinterstemning. No var det vått og trasig. Så nøyaktig kvar eg gjekk då er ikkje så godt å seie. Stien var jo ikkje å sjå då. Brodden får eg ha i bakhovudet til ein annan gong. Nytt par er iallefall på veg i posten. 

Elles er det sjølvsagt godt å ha fri og kunne bevege seg litt medan det er dagslys. Elles i vekene er det jo mørkt før eg reiser på arbeid og mørkt når eg kjem heim att. Dørstokkmila er lang då etter ein dag på jobb. 

No brer ribbelukta seg i huset og jula ringjer snart inn. God Jul til deg som les dette.

Fossedalen 2017 m/litt Dale




Med nokre klipp frå Fossedalen i 2017, og nokre frå Dale, ynskjer eg alle i gruppa "Fossedalen i grøne far" ei God Jul og eit Godt Nytt År.

Ei spesiell helsing går til eigarane av Nedre Fossedal v/Odd, John, Harald og Tor Øystein m/familiar som held fjellgarden så godt vedlike. Kjekt å sjå er det dessutan at husa i Øvre Fossedal no blir restaurerte. Prisverdig!



torsdag 21. desember 2017

Høgdepunkt i 2017



Framsidebilde: 80 års feiring av mamma på Nysna Gard i Bygstad.
Fotograf: Erik Njøsen

Når eg no har sett gjennom fotoalbuma mine for i år, så slær det meg at eg har veldig mykje å takke for. Med famnen full av barnebarn og "goffabarn" seier det i grunn seg sjølv. Men at åra går fort er i grunn lettast å sjå på ungane. Eller på andre. For det rare er at eg i grunn kjenner meg slik som eg alltid har gjort - og ser sameleis ut - vel nesten då....😛 For det er eit privilegium å eldest. Rynkene og arra fortel ei historie. Så lyt ein tòle tidas gang. Standing the test of time....

Kva som er det største i året som har gått reint personleg er ikkje så godt å seie. Det viktigaste er at "alle mine" er friske og har det bra. At eg har fått lov til å bli 60-år er ikkje alle forunt. Likeeins at mor mi har blitt 80 år,  og framleis er ved god helse. Dette gir ei god kjensle. Eg har fått ny nevø på Austlandet då Caroline og Øystein Olav har fått sin Olav Emanuel på Hamar. Men har også måtte takke farvel til Tante-Liv i året som har gått. 


Vår ved Walaker Hotell
på min 60-års dag
Nysna Gard i Bygstad under feiring
av mamma sin 80-års dag



Mamma, Ivar og Kristine på
Nysna Gard









Avslapping på Walaker Hotell
 i høve 60-årsdagen min 28/4













Førde har på mange måtar blitt knutepunktet i livet mitt. Eg har dei tre vaksne døtrene mine buande her i lag med alle dei åtte barnebarna mine. I år bur dessutan Peter på 17 år i Førde.  Det er veldig kjekt at han trivst både på skulen og på hybelen. Ja, og so har eg no jobben min i banken i Førde - om det skulle vere noko.... 


7 av barnebarna mine
Hanna, Nikolai, Sander, Lene, Vilde, Amalie og Andreas
(Live mangla)


Nytt av året er at Ingrid Anita og Torbjørn, son til Olaug, har fått sin Håkon. Dei bur i Fana i Bergen. Håkon er fjerde barnebarnet til Olaug. I det høve fekk vi vere med på ein flott namnefest i Skjolden, der Ingrid Anita kjem frå. Vi budde fantastisk bra på Skjolden Brygge. Dette vart eit retteleg minnerikt besøk i Indre Sogn. Takk igjen til Ingrunn og Anders Bolstad m.fl. for det flotte gjestebodet. 

Når eg no er inne på barnebarn, så bur dei tre andre barnebarna til Olaug her i Stongfjorden saman med Håvard og Miriam. Dei er ofte hjå oss. Både på besøk og overnatting. 


Tora, Tirill, Olina og Marie i Skjolden i sommar.
Barnebarn og dotter av Olaug.



Lustrafjorden frå Skjolden


Skjolden Brygge
Olaug, Marie, Peter og Torbjørn


Skjolden Brygge
Ingrid Anita, Torbjørn og Håkon
















I år fekk vi igjen besøk av Ben og Viola frå Tyskland . Eit venepar vi har kjent lenge. Dei vart ei lita veka hjå oss i Stongfjorden. Hyggjeleg. Elles var Olaug, Peter og eg 14 dagar på Rhodos i sommar der Magni Rivedal var med. Eit besøk til Lindos er alltid kjærkome. Dessutan ei veke på Kreta i haust der Olaug og eg igjen gjekk Samaria ravina. No utan Peter. Det gjer godt med sol, varme og sommar. Det finaste med heile desember månad er at sola snur. I dag. Særleg julete har eg nok aldri vore.


På Staveneset med Ben og Viola Barwitzki


Med desse orda ynskjer eg alle ei retteleg God Jul og eit Godt Nytt år. Takk for det gamle. 2017 har vore eit godt år, sjølv om tida krev sitt. 

P.S. Bilda på filmen kjem i den rekkefølgje dei er tekne i året som har gått.


lørdag 16. desember 2017

Woow tur








Toreheia Yndestadhøgeheia 161217 



Eg venta ut myrkna i dag tidleg, og fekk meg ein strålande tur gjennom skodda på Toreheia. Skodda låg ved Rinda. Ovanfor var det nydeleg solskin. Heilt utruleg. Nesten surrealistisk å gå ut att Yndestadhøgeheia etter å ha toppa ut Toreheia. Ja, det var ikkje sikt ned igjen til Stongfjorden. Skodda låg ut heile fjorden til havs.

Elles var det ingen problem med å gå over Krikavatnet. Vinterbadet i fjor er historie. Vidare oppover vart det ganske så tungt. Hard pusting i bakken med trugar på føtene. Det er flott å gå med trugar, men det er rimeleg tungt i lengda. Her oppe hadde det nok gått med ski, men det stikk opp mykje stein. Og mange plasser er det heilt avblese. Som på Yndestadhøgeheia. Her måtte broddane fram. 

Eg har gått mange gonger her oppe. Noko tal har eg ikkje. Kanskje 4-sifra snart. Det er sjeldan same forholda. Turen i dag vil eg nok minnast.

onsdag 13. desember 2017

Ved solsnu


Med ein serie bilder teke rundt solsnu
ynskjer eg lesarar av bloggen 

God Jul!
🎄

mandag 11. desember 2017

Julekonsert Stongfjorden Kapell

Miriam Håvard, Tirill og Olina

Magnhild Osland las historier
Håvard og jentene
Kjekk julekonsert i kapellet i går kveld. Her nokre klipp og bilder tekne med mobil. 

Å synge "Det lyser i stille grender" høver godt i Stongfjorden.

Takk til Askvoll Musikklag ved dirigent Jørgen Alisøy, Magnhild Osland og Sissel Hestad som arrangørar.









Ingunn Osland ønskte velkomen og takka til slutt for oppmøte.


søndag 10. desember 2017

Sørgeleg turvèr


Stongsvatnet

Ja, så er nok ei helg med elendig turvèr over. Eg vart funderande litt på begrepet turvèr på veg inn Solsidevegen i Stongfjorden i dag. Turvèr. Turvèr kan vel vere så mangt. Alt etter kva tur det er snakk om. Kva årstid det er. Regn, snø, sol, vind etc. Men sjølv om vinden dura oppe i fjellet, og det snøa trollkjerringar og rennefòket dreiv, var det egentleg heilt greitt vèr for ein tur inn Solsidevegen, og vidare langs vegen til Osland. Noko anna hadde det nok heilt sikkert vore om eg hadde gått opp i fjellet. Så dagens moral kan då vere at at ein vèl tur etter vèret sidan ein ingenting kan gjere med det. Det var som Olaug sa til meg - hvis du ikkje har noko anna å klage over enn vèret, så har du det jammen godt....! Fruen i huset er i grunn ikkje så dum ho....

fredag 8. desember 2017

søndag 3. desember 2017

Hard gange

Gravrøys på Staveneset

Det vart ingen fjelltur i dag. Vèret var temmeleg ufyseleg her ute ved kysten med nordavind og byger. Ispedd nokre få plussgrader. I staden gjekk eg fort til Staveneset. Det er ca ei mil etter flate vegen. Litt mosjon i det òg. 

Eg fekk på meg eit par sure regn- og haglebyger. Midt i fleisen. Skikkeleg surt. Men dei gjekk i grunn ganske fort over. Så mykje elles er det i grunn ikkje å skrive heim om. Litt fugl var å sjå. Som vanleg kretsa eit par havørner over himmelen. Nokre piplerker heldt seg på bøane på Underset. Ei nøtteskrike og ei flaggspett var òg å sjå. 

Eg var nedom helleristingsfeltet og gravrøysene her ute. Sistnemnde er det minst 30 stykker av. Dei er tilbake til 1800 år før kristus. Diverre er helleristingane no i dårleg forfatning. 

Det vart fort kaldt i den isande nordavinden. Litt sveittevåt som eg var. Heldivis hadde eg avtalt med Olaug om henting. Det vart no litt mosjon ut av dette òg...

lørdag 2. desember 2017

Adventstjerna




Så var årets sommarpresang frå Barwitzki-familien på plass. Dei bur i Pulsnitz utanfor Dresden i Tyskland, og var ei veke på besøk hos oss på ettersommaren. 

Det var ein heil del arbeid med å montere stjerna. Og no kan vi endeleg bruke ho. Den heng utanfor inngangen heime. Takk til Viola og Ben. God advent!

torsdag 30. november 2017

Ein adventsdraum





Ubeskriveleg flott måneskinstur på Toreheia og Yndestadhøgeheia i kveld. Ja, det var så lyst oppe i snøen av måneskinet at eg nesten ikkje trong hovudlykta! Stjernene funkla. Det lyste i stille grender, av byen i nord og øyane i vest. Perlerader i adventslys. Fantastisk! Og så kaldt og fint som det var... 

Føreforhold? Rein skare heile vegen. Perfekt for broddar. Og Krikavatnet var frose. Ingen problem... Intet ufrivillig vinterbad denne gongen! Verkeleg ein tur til å bli i godt humør og adventstemning av.