Facebook

søndag 11. desember 2016

Sjukelege

Dagens naturoppleving - eit mobilskot frå sofakroken

Det er godt vi ikkje veit so mykje om morgondagen. For etter mitt siste blogginnlegg er det eit par ordtak som har summa i hovudet - "hovmod står for fall" eller at det "går troll i ord"... For førre veke var det knapt so eg makta å kome meg ut or senga. Og etter nokre dagar i ørska fekk eg konstatert det eg tenkte - pneumonia - eller på godt bokmål - lungebetennelse. For spesielt interesserte ja.... Kanskje var situasjonen reint mi eiga skuld? Eller for å bruke mor mi sine ord - det er på tide du tek det med ro... 

Vel, vel - syting er noko med det verste ein høyrer på. Så nok om det. Bloggen trengde ei oppdatering så ingen trur eg ligg på lit de parade.  Alt har si tid her på jord.. Og så lenge det ein slit med er ein overgang, skal ein berre vere glad til.... Eg er nok snart på tur igjen!
Legg inn en kommentar