Facebook

torsdag 22. desember 2016

Indre begjær

God jul frå Stongfjorden

Bloggen min er 10 år i desse dagar. Den første spede starten var ein juledag i 2006 med elendig vèr. Eg las ein plass om ei oppskrift på eigen blogg. Om eg var tidleg eller seint ute med dette hugsar eg ikkje. Men i dag er blogging meir eller mindre gått av moten. Folk har verken tid til eller å lese blogg. Bilder og videosnuttar flimrar forbi - dei forsvinn like fort ut av syne og sinn på Snapchat, Instagram og Facebook som dei blir lagde ut... 

Nokre bilete frå vår årlege familiesamling 1.juledag var det første blogginnlegget eg posta. Ganske vågalt på den tid? Personleg og greier. Midt inn i heimen. Det var ikkje måte på åtvaringar som vart bringa til torgs - bilda kunne bli misbrukte, eg var altfor personleg, islett av narsissisme etc. Vel, eg har nok lært meg ei lekse undervegs. Fått på pukkelen har eg òg. Mest i det siste når eg har bevega meg utanom eigen "tursfære"....Det er kanskje rett som fruen i huset har uttalt - "du treng ikkje dokumentere alt du er med på". Men om eg har vore i tvil, har eg i dei aller fleste tilfelle spurt om å få bruke bilder. Iallefall frå meir "private settingar". Bildeflaumen, og ikkje minst bruken, har også endra seg mykje opp gjennom åra. Eg får seie som ei jente eg kjenner sa då eg spurde om å få bruke bilder av ungane - så lenge dei har klede på seg er det ok... Men det er jo ikkje til å kome forbi at folk ser ulikt på dette. 

Dette er eitt av dei første digitale bileta eg har teke.
Det er frå turlagsturen frå Stongfjorden til Nipebu og Bygstad 25/6-2005


Ganske fort vart bloggen min ein rein turblogg. Blogginga som ekstra "uttøying" etter turen. Konklusjonen om du vil. Først og fremst for å vise alt det flotte landskapet vi har rundt oss. Og ikkje minst å motivere andre til å ta i bruk fjellet som eit kick for eiga helse. Endorfinar og alt det der. Å gje av meg sjølv og eigne erfaringar vart på ein måte ein livsstil. Og nærast som ein sjølvfylgje vart bilder frå Nipebu lagt ut denne første bloggstunda mi. Reist på dugnad av stolte og engasjerte menneske. Nipebu har såleis følgt meg mykje desse åra. Diverre har tidene endra seg i høve hytta òg. Det som var kjem aldri meir att...

Fullmåne på Svarthamrane 21/12-10 

Når eg i dag ser tilbake på 2425 blogginnlegg (visingane kan heller vere hemmelege), dei flesta av turar med bilder, så vart nok bloggen litt annleis enn eg såg føre meg ei rysja jul i 2006. Den har nemleg gitt meg utruleg mykje glede desse åra. No tygg eg nokre dagar til på å avslutte han. Slik sett blir det å avslutte eit kapittel i livet. Alt av fjell her heime er besøkte eit uttal gonger. Gjennom alle årstider. Motiva er gjennomfotograferte. Men kanskje er det nokon som finn eit kvart interessant i all denne informasjonen? Som pensjonist, eller på heimen, kan det for eigen del sikkert vere kjekt å ha noko å sjå tilbake på. Jula er kanskje den mest retrospektive tida slik sett. Lett tilgjengeleg ligg iallefall "alt samla på eitt fat".... 

God jul frå Stongfjorden.



Legg inn en kommentar