Facebook

søndag 27. november 2016

Nydeleg adventstur

   
I dag brukte eg omlag 6 timar i fjellet mellom Stongfjorden og Rivedal/Holmedal. Eg starta frå Oslandsbotnen litt etter klokka 08, der eg først gjekk opp Brekka til Botnastølen, og vidare til Svedalen. Deretter opp skaret på sørvestsida av botnen på dalen og til toppen av Smørskornova. Eg nådde toppen rett etter soloppgang. Perfekt. Nydeleg utsikt til sola over Flekkefjorden. "Morgon på Smørskornova, morgon for frie menn - takk for det fine vèret - høgt opp i himmlen"... Fritt etter Jakoben Sande der borte i soloppgangen... 

Utsikt mot Flekkefjorden og soloppgangen.

Så gjekk eg sørvestover fjellet og tok ned mot Langevatnet. Runda vatnet som vanleg i nord og klauv opp på Hekkelfjellet. Nydeleg utsikt mot Holmedal, Blåfjellet, Dokka og ruta vidare vestover mot Moldura. 

Frå Hekkelfjellet ser vi Siklabergvatnet og ruta vestover. Ein rundar vatnet på høgre sida og tek opp bakkane på sørsida av Svarthamrane t.h. og opp til Mannskaret, bak "kuppelen". Fanafjellet ligg bak høgdedraget t.v.
Litt drikke må til. Foto i stigninga mot Mannskaret (midt i bildet ovanfor).

Turen gjekk så nord att Hekkelfjellet, ned fjellet her, og deretter strake vegen til Siklabergvatnet. Ned att i skuggelandet. Men eg brukte ikkje så lange tida før eg kom meg opp att stigningane vest av vatnet mot Mannskaret. Sol igjen. Denne gongen over Holmedal. 

Opp igjen høgdedraga vest for Mannskaret, og til Fanafjellet. Som vanleg vind her. Kaldt. Det dreiv inn ei lita snøbyge frå nord. Men eg fekk no teke eit par bilder før eg heldt fram opp skaret på nordsida av Moldura. No i skuggeland igjen heilt til topps. På veg oppover var det ein del is og polert fjell. Men ingen problem what so ever. 

Fanafjellet
Moldura


Håsteinen i midten og Ytrevågefjellet t.v.
Størdalsstauren

Så nedatt eit lite stykke av same vegen, til eg tok vestover til Størdalsstauren. Fram igjen i sollandet, og nokre bilder her i frå òg. Til slutt returen til Stongfjorden i nord og til Neset. Ei velvillig fru henta meg, og saman køyrde vi til Oslandsbotnen etter bilen min. 

Suveren tur. Nesten 6 timar i eitt utan pause. Sjølvsagt litt kaldt i vinden. Men med gode klede, rett utrustning og jamnt tempo, er det nesten som ein leik. Godt dagslys og sol på mørkaste tida av året er eit must. Det er no vi treng dette som mest. Og betre bruk av nokre timar ein 1.søndag i Advent veit iallefall ikkje eg...

lørdag 26. november 2016

Vindfull luftetur

All snøen har tina på Toreheia

Ein kik til bygds frå fjellpartiet i aust
Det vart ein vindfull luftetur på Toreheia i dag. Eit par skikkelege haglebyger med kulingkast svei både her og der. 

Frå toppen tok eg turen austover, og gjekk ned bakkane ovanfor demma på Osland. Ikkje akkurat den beste vegen for å seie det forsiktig. Men no har eg prøvd dette òg... Det er nok langt betre å gå ned Oslandslia eller ved den gamle kopargruva ovanfor Vågane. Her er det iallefall sti...


Overløp på demma
Eit fint juletre ved demma





onsdag 23. november 2016

Herlege saueskinn


Flott present som takk for årets ettersanking.
Takksam!

søndag 20. november 2016

Dagens friskus

Dagens friskus
Nyken bak
Snowy fields...


Ja, ja det vart nokre frosne tær i dag òg.... Men dei heng no på endå. Det neste innkjøpet må bli batterioppvarma sålar. For det var ganske så kaldt på Fanafjellet og Moldura i dag. Vind òg, men opplett. Kanskje var Ansgar Bjarne lurare enn meg som gjekk på trugar. Ein held litt betre på varmen på føtene når ein går på trugar enn i sko rett på snøen. Eg traff nemleg den karen rett vest for Nyken då eg hasta meg ned igjen frå Moldura. Så lange stunda stod vi ikkje der. Kulissane for noko sosialt lag var ikkje nett til stades der og då.... Men dagens trim var no uansett i boks. Ei ganske så tung 3-timars økt...


lørdag 19. november 2016

Vinter på Toreheia



Dagens selfie
Yndestadhøgeheia
Temmeleg frisk affære på toppen av Toreheia i dag tidleg. Eg gjekk opp den vanlege ruta over vadet på Krikavatna. Ned igjen gjekk eg Yndestahøgeheia. Det er merka begge vegar. Som eg tenkte tok vèret endå meir langs kanten enn opp dalen... Egentleg godt å kome seg heim att i dusjen...

torsdag 17. november 2016

Mountains in Askvoll - Fanafjellet




Fanafjellet var nemnd i går som ny trimpost. Vedlagt eit par novemberbilder her i frå.
Bilde 1 viser deler av ruta frå Mannskaret/Siklabergvatna som går diagonalt under ura. Bilde 2 viser utsikt vestover i søkket mot Moldura. Som på mange andre fjell i Askvoll er det flott utsikt frå Fanafjellet òg...

mandag 14. november 2016

Bergenstur



 Sjølv om vèret var både ryskje og grått i helga, tok eg nokre foto i Bergen. Her frå ein spasertur i Fana, nærmare bestemt rundt Nordås, Sørås, Søreide og Søråshøgda. Vi var nemleg på besøk til Torbjørn, son til Olaug,  og Ingrid i helga. Dei har kjøpt seg nytt husvære i Fana. Og namnet Søreide i nærleiken passar jo bra for Olaug (Søreide)...

Nokre timar lørdagen gjekk med til - eg vil kalle det - megasosialtsamvære på Lagunen, inkl XXL. For "einstøingar" som likar å trakke fjella åleine i helgane, blir folkemengdene, trafikken, støyen og maset på slike stadar i meste laget. Ok - det går ein gong eller to for året. Men eg kan vel innrømme at eg blir skikkeleg ør i skallen av slikt. Det kjekkaste er i grunn å drikke kaffi med noko å bite i, sittande rundt eit bord, for så og studere folk som fær hastande forbi... 

På lørdag kom forresten også Marie, dotter til Olaug som  studerer i Bergen, og Øyvind på besøk. Og søndagsettermiddag var vi på kaffibesøk til Odd, bror til Olaug, og Ellen på Landås nokre timar. Med andre ord ei veldig kjekk og sosial helg. Nokre nærare detaljar høyrer ikkje heime her. Så dette får halde som blogginnlegg for helga..


torsdag 10. november 2016

"Går det så går det, og går det ikkje så går det òg"


Eit par bilder som var nytta på Mountains in Askvoll sida på Facebook i dag


Ja, ja so var valsirkuset i Amerika over. Om det vart happy ending er det vel for tidleg å uttale seg om. Overraskande slutt vart det iallefall. Vi som alle hadde trudd at det vart business as usual. Kanskje er det nok slik det blir òg? Vi som har levd ei stund veit at "det jamnar seg til slutt". Uansett lyt ein gje fyren ein sjanse til å sjå at han duger til noko anna enn å vere stor i kjeften. Og noko anna val har vi faktisk ikkje. Eg får seie som eg las i ei bok av min kloke onkel Herbjørn Sørebø i går kveld - "går det så går det, og går det ikkje så går det òg". 

Elles er bloggen min ein turblogg, så det politiske sirkuset får leve sitt eige liv utan mine kommentarar. 

Turen denne helga går til Bergen. Så fjellbilder blir det lite av. Mange er sikkert litt meitte av det òg denne flotte hausten. 

søndag 6. november 2016

Hyggjestund med Jubelhornet







Fantastisk kjekk hyggjestund med "gamle" og "nye"Jubelhornet i Trudvang i Dale i ettermiddag. Dette var ein ekstrakonsert sidan konserten i går fort vart utseld. No var det fullt i dag òg, så for den del kunne ein sikkert ha sett opp endå fleire konsertar. Eller turnèrt. Arrangementet var sett i stand som ein del av at Jubelhornet har gitt ut cd. 


Dei fleste av melodiane til dikta av Jakob Sande er tonesett av Jørgen Alisøy. Men òg melodiar av Edvin Helgheim og Geirr Tveitt stod på repertoaret. Medverkande denne triveleg ettermiddagen var
Jørgen Alisøy 
Jan Haugen 
Andreas Ramstad 
Hallvard Arstein 
Eli Bjørhusdal 
Ane Østby Birkeland 
Joy Taylor
Anne-Hilde Skadal 
(p.s. bilda er tekne med mobil)

Indrevågefjellet Middagsnipa

På Middagsnipa i dag tidleg

Førdefjorden og Vevring
Førdefjorden


Flokeneset

Svanøy og Flora-bassenget


Foto
061116 


Flott morgontur på Indrevågefjellet og Middagsnipa i dag tidleg. I tillegg ein tur nord på fjellsidene mot Flokeneset. Eg gjekk så over ein del av vardane på denne ruta. 

Osland

lørdag 5. november 2016

Gufs av vinter


Lysta på nokon lengre fjelltur i dag var i grunn ikkje til stades. Med snøbyger langt ned i fjella og søraustleg vind, er det i grunn litt slitsomt å halde seg timesvis i høgda. Noko spesielt moro er det heller ikkje i lengda med rennefòket kvinande rundt øyra. Då er det betre å kome seg rett opp og rett ned igjen. Og det var i grunn det fruen og eg gjorde på Toreheia i dag tidleg. Friskt var det, kaldt òg, men det har vel alltid vore ein god tur når ein er komen seg heim att og i dusjen....:-)


torsdag 3. november 2016

Home sweet Home





Det har blitt skrive ein god del negativt om den flotte bygda Stongfjorden i det siste. Mykje av desse skriveria virkar sårande på oss som bur her. Etter mitt syn er det mange som bør gå ein omgang med seg sjølv i kva karakteristikkar dei legg ut om andre. Spesielt på facebook. Kanskje er det viktig å minne oss alle på at livet ikkje er svart/kvitt, og at ei sak alltid har to sider.

Vedlagt ligg to snuttar frå ei flott bygd med flotte menneske. Om siste snutten er nokre år gamal, så bur faktisk somme av oss i Stongfjorden endå....Trass i negativ omtale, skule- og butikknedlegging!