Facebook

lørdag 1. oktober 2016

Roundabout Holmedalsfjella

Osland i dag tidleg

Oppstigninga til Smørskornova frå nord

Utsikt mot vest frå Smørskornova
Frå nedstigninga mot Langevatnet







Flott roundabout i Holmedalsfjella i dag på jakt etter sauer. Eg starta såleis frå Oslandsbotnen ca 08.15, og gjekk først opp i Svelia. Ved enden på vatnet gjekk eg opp skaret i enden på dalen, og her frå nordsida opp på Smørskornova. Vèret var nokolunde bra, men ein del skodde. Seinare vart det alt slags vèr.... 

Eg gjekk deretter ned Smørskornova på sørsida og til Langevatnet. Her i frå nord att til enden av vatnet, og tok opp på Hekkelfjellet frå austsida. Fantastisk flott no. Vatnet låg blankt. Landskapet spegla seg i vatnet. Flotte haustfargar på lendet. Ja, sola stakk til og med fram...


Langevatnet (Holmedal)

Så gjekk eg ned frå Hekkelfjellet på sørvest sida til enden av Siklabergvatnet. Deretter opp igjen DNT-stien til Mannskaret. Ikkje ein sau var å sjå. Alt eg hadde sett var tre heipiplerker som hadde utsett trekket, og ein ramn. Ikkje rare greiene gitt.



Utsikt frå Hekkelfjellet

Deretter gjekk turen vestover frå Mannskaret og opp på Fanafjellet. No dreiv det inn ei saftige regn- sludd- og haglebyge frå havet. Skodda tjukk som graut. Men eg gjekk vidare over toppen på Fagredalen og opp nordsida av Moldura. 


Moldura
Skodda kom og gjekk, men stort sett var sikta veldig dårleg. Eg nådde opp på toppen. Og her fekk eg skifta på meg ei ny tørr ulltrøye og eit vindskjørt under Rab-jakka. Det gjorde seg. For det var iskaldt. Nei, her var det berre å komme seg til fjorden igjen. Turen ut på Størdalsstauren hoppa eg over. I skodda var det ikkje noko å sjå likevel. Så delvis springande kom eg meg ned att på Neset i bygda. Utan å ha sett ein einaste sau. 


Det lysnar ute i havet igjen
Men gjet kva... Olaug og Marie hadde henta bilen min i Oslandsbotnen, og sett han klar til meg ved fjorden. Godt å ha ei kjekk frue og snill stedotter. For det var jammen godt å kome seg fort heim att i dusjen. Turen hadde teke nøyaktig 5 timar, inkludert 5 minutt stopp på Moldura. 


011016


Legg inn en kommentar