Facebook

søndag 9. oktober 2016

Om fjelltrimbøker og payback-time

Dagens selfie

Eitt av motiva mine frå ruta om Krikavatna til Toreheia


Fjelltrimgruppa i Askvoll har no fått lagt ut ny bok på Toreheia. Kjell og Tordis la denne ut i går kveld. Eg gav difor beskjed om at den andre boka som ligg fast der oppe vart teken ned slik at det ikkje skulle oppstå "forviklingar". Den gamle boka ligg difor i kjellaren min heime. Ho blir lagt ut igjen når trimgruppa i Askvoll er "ferdig" med fjellet neste haust. Det er unødvendig at det ligg to bøker der oppe. 

Ved Mangevatna
Det er mange som synest det er kjekt å skrive namnet sitt i ei bok på fjelltoppane i kommunen. Etter mitt syn er det fint at det ligg bøker på så mange fjell som mogeleg. Og ikkje nødvendigvis dei fjella det er konkurranse om å oppnå flest mogeleg poeng på. På fjella i Kystarven ligg det faste bøker m.a. på Skylefjellet og Fløyen. Og fleire på Atløyna. Det ligg dessutan faste bøker på Yndestadhøgeheia, Kringla, Skålefjellet, Dokka og Brendeheiknappen. Turlaget i Kvammen har òg postar med bøker. Eg har eit ynskje om at det blir lagt ut bok på Moldura. Dette vil eg ta meg av med det første. Hugs å pakke bøkene godt inn når du har besøkt fjella. 

Svanøy og Florøkanten
Eg var oppom Toreheia og Skylefjellet ein tur igjen i dag. Etter den relativt lange turen i går, fekk det greie seg med halvparten i dag. Når det gjeld vèret, fargane, stilla og alt, så slepp ein vel etterkvart opp for superlativ. Som den ekte sunnfjordingen eg er så lurer eg berre på korleis vi skal få betale dette tilbake...
Sjå foto


Legg inn en kommentar