torsdag 13. oktober 2016

Oktobergrill i solnedgang







  




"Lova herren han er nær" - ja, ein kan bli reint religiøs av dei flotte oktoberdagane vi har. Medan ein elles rundt om på jordkloden slit med vanvittige krigar og uhyrlege stormar som ranar livet av folk, hus og heim, sit vi på vår fredlege plett og nyt oktoberkveldar som ingen kan minnast. Livet er aldri rettferdig. Heller ikkje vèret om det skulle vere noko samanlikning. 



Iallefall hadde vi nok ein fantastisk oktoberkveld ute på kysten ved Staveneset. Blankt hav, bål, pølser og grill (med løyve frå Olav S). Strålande nøgde ungar. og ei praktfull sol som tok sine siste strålar med seg i hav. Midt i veka på ein vanleg oktoberkveld etter ein vanleg arbeidsdag. I bunn og grunn er ein berre forplikta til å nyte livet som er gitt ein i gåve. Uansett kor urettferdig verda måtte synast. Så kan ein jo berre filosofere om det er nokon som styrer akkurat dette. Nydelege kveldar på Staveneset er gitt oss akkurat for slikt.


Ingen kommentarer: