søndag 2. oktober 2016

Nordsida




I dag gjekk eg den flotte turen frå Vågane via Ytrevågefjellet og Toreheia til Yndestad. Krossa litt fram og tilbake nord/sør oppe på platået for å sjå om det gjekk sauer her opp. Ingenting å rapportere. Truleg går det nokre nede i Oslands-lia. Men der er det så mykje lauv på trea endå at det er umogleg å få oversikt. I høgda går det iallefall ingen. 

Derimot var det svermar med trast på trekk over området. Sidan det er EuroBirdwatch weekend får eg rapportere dette inn på Artsobservasjoner

Elles var det eit fantastisk vèr. Men kaldt i høgda på morgonen. Vasspyttane var difor frosne til is. Flott og fargerik start på dagen.

Ingen kommentarer: