Facebook

fredag 7. oktober 2016

Frå Mountains in Askvoll


Frå Mountains in Askvoll

Sidan vi var innom Blegja i går, tek vi med ein liten oppfølgar i dag.Vedlagt to bilder frå to ulike årstider.

På folkemunne lever det fleire vandrehistoriar om det "smale" punktet ute mot toppen av Blegja. På snøfritt underlag kan det tykkjast rart at dette punktet er så smalt. Som vedlagde haustbilde viser er det egentleg ganske breitt. På snøføre om vinteren kan det likevel vere litt annleis. Difor er det sett opp markeringsstolpar som viser kvar det er fast fjell (av og til er stolpane nedsnødde).

Om vinteren heng det store skavlar ut over nordsida av Heilefjellet mot Førdefjorden. Som vist på bilde to, teke mot det "smale" punktet. Og her er det bratt utfor! Mot Kvanndalssida på sørsida er det òg bratt dei fleste stadar. Om ikkje stupbratt, Hellinga på snøen om vinteren gjer likevel til at det "smale" punktet virkar smalare enn det i røynda er. At enkelte synest dette er eit ekkelt punkt er difor forståeleg. Skarete og isete og bratt utfor på begge kantar som det er. Og i tillegg har ein usikkerheita over kor stor skavlen er mot Førdefjorden i bakhovudet
Når ein snakkar om vandrehistoriar så har dei alltid ein viss porsjon sannheit i seg. Kor mykje kan jo diskuterast. Men det er fortalt at ein som gjekk på ski over dette punktet ein vårdag, stakk skistaven gjennom skavlen og såg ned i Førdefjorden. Ein annan har fortalt at skisporet han laga på veg ut på toppen var vekke då han rende inn igjen! Dette må no ha vore før stålstolpane på bildet vart sette opp. Om ein kan lite på desse historiene veit eg ikkje. Kanskje du veit meir...
God turhelg frå Mountains in Askvoll #mountainsinaskvoll
Legg inn en kommentar