lørdag 15. oktober 2016

7 timar 9 fjell

I dag tidleg:
Portafjellet midt i bildet og Skålefjellet-
to av fjella eg var oppom i dag

Smørskornova Bakkefjellet Dokka
Alden og Moldura
Svelivatnet


Rivedalskletten



Utløpet av Langevatnet i Holmedal inkl heimelaga saft...
Dagens selfie på Hekkelfjellet



Svarthamrane i dag

...og Skålefjellet

Osland


7 timar solid fjelltrim i dag med toppane Portafjellet, Stordalsfjellet, Vardeheia, Røyrbotnholten, Smørskornova, Hekkelfjellet, Svarthamrane, Skålefjellet og Nipane. Ruta starta og slutta i Oslandsbotnen. 

Det var noko meir vind på toppane i dag enn i det siste. Men temperaturen var utrulege 13 grader då eg reiste heime i frå noko etter klokka 07. Kanskje unødvendig å nemne at det var sol.... Eller rettare sagt - det vart sol, for det var tussmørke då eg drog...Unnateke ein matbit ved utløpet av Langevatnet mellom Smørskornova og Hekkelfjellet (fast plass) gjekk turen i eitt. 


Flotte haustfargar på oppstigninga til Svarthamrane frå aust.
Portafjellet i midten og Vardeheia t.h. har eg vore oppom...

Fargane er eit kapittel for seg sjølv om dagen. I alle variantar av brunt. Brunt og blått er fint i lag. Knallblå himmel og haustfargar er det flottaste naturen kan by på. Det er flott når det grønkast om våren, men fargeprakten må ein til hausten for å finne. Kvar årstid har sin sjarm. Vi er heldige som bur i eit så flott og fritt land som kan nyte desse. 


Frå oppstigninga til Vardeheia (Vardenova) frå aust er det flott utsikt austover Stordalen.
(Fjella i aust kjenner vel dei fleste som føl bloggen).

I dag lèt eg bileta tale for seg sjølv. Detaljane får kvile. Det treng min snart 60 år gamle skrott òg...:-)
Foto
151016

Ingen kommentarer: