søndag 30. oktober 2016

Yess - bingo, victory, i skitvèr, skodde og vind....

Man and the four....

Yess - bingo, victory, i skitvèr, skodde og vind.... 

For eg gjekk opp igjen på Fanafjellet i dag. Med sauene eg såg i går som mål å få ned att. På toppen av Fanafjellet såg eg nesten ingenting. Det bles og regna og skodda dreiv. Og ned til der sauene gjekk i går var umogeleg å sjå. Så eg var i grunn i stuss om eg berre skulle gå rett heim igjen. Men det var no fortryteleg det òg... Eg gjekk difor ned i dalsøkket på nordsida av Moldura, mellom Fagredalen i aust og Størdal i vest, og vidare vestover. Frå toppen på nordaustsida av Størdalen, fekk eg utsikt ned i sjølve Størdalen, og langt der nede såg eg to sauer.... Desse var ikkje dei fire nei. Så eg gjekk vidare vestover. 

Eg kryssa nord og sør over høgdene mellom Størdalen og Stongfjorden utan å sjå noko. Og passerte plassen eg såg sauene i går. Og endå lenger vest mot Størdalsstauren hadde eg i grunn gitt opp heile greie. Men etter at eg fann noko fersk saueskit på trakket vestover, fatta eg nytt mot - og fem minutt seinare stod jammen sauene der.... Mykje lenger vest enn i går. 

No var det ganske langt å gå aust og opp igjen med sauene, for om mogeleg å få dei ned Størdalen. Det var i grunn her største spaninga låg. Men etter at dei gjorde eit par utfall mot nord mot Stongfjorden, fiksa dei jammen råsa ned dei bratte hamrane øvst i Størdalen og gjekk ned mot dalen. Fantastisk! Meir eller mindre berga på dette punktet, fekk eg gitt beskjed til Ole Andrè i Holmedal. 

Det var likevel ikkje slutt med dette. Heile dalen mot vest stod att. Men sauene kom seg iallefall ikkje opp att på sjølve fjellet. Retningen mot vest sa seg sjølv. Opp dei bratte dalsidene på sør og nordsida kom dei seg ikkje, og bak dei frå aust kom eg. Bingo og eit aldri så lite sigershyl....

Men meir skulle kome. For heilt øvst i dalen gjekk det ein sau til med to lam. Som eg ikkje hadde sett ovanfrå. Så no var fire sauer blitt til sju. Dei var ikkje så heilt gode å få til å gå i lag. Dei tre siste var heilt klart høgrevridde. Men på kryss og tvers kom vi oss nedover. 


became suddenly seven...

Som om ikkje dette var nok tok eg så att dei to eg hadde sett ovanifrå i første omgang. Så no var sju blitt til ni. Dette var omlag som å telje sauer når ein ikkje får sove om kvelden. Men var dei tre mellomste vanskelege å få til å gå i lag med dei fire første, var dei to siste heilt håplause. Dei skar ut til sides heile tida, så eg hadde eit heise bal med å få dei samla nedover. Kanskje ikkje så rart egentleg. For dei to siste høyrde til ute i Grimelia, og ikkje i Holmedal.....


and then we were nine...

on our way to the fjord...
Atte på alt fekk eg likevel heile bunten med meg ned til bøgardane i Størdal. Her dukka Ole Andrè opp. Han hadde køyrt traktor frå Holmedal. Heilt enkle var sauene ikkje å få ned på hovudvegen. Såg ut som dei hadde ein viss aversjon mot asfalt... Så godt vi no var to mennesker her... Endå verre var det å få dei inn i delingsgjerdet som står i svingen ved Frøholmen. Men no hadde Bjørn også kome til. Og så kom Halgeir frå Grimlia og tre stk Frøholm. Etter litt fram og tilbake gav sauene opp, og bingo punktum finale  - sauene var i boks. Ei reint herleg jakt var over! 


and the jail....:-)



Jubileumskonsert Askvoll Musikklag - 65 år

    


Eg må nesten få lov til å bruke orda usedvanleg kjekk hyggjestund om Jubileumskonserten til Askvoll Musikklag i går ettermiddag. Laget fyller nemleg 65 år i år. Og mykje folk var samla i Samfunnshuset i Askvoll for å feire jubilanten. Per Arne Tveit var hyra inn som leiar av festen. Men stø hand drog han oss gjennom seansen.

Per Arne Tveit leia festen

I dag er ikkje hornmusikkmiljøet i kommunen større enn at musikarar frå fleire kommunar av og til spelar i lag. Dale Musikkorps var såleis inviterte til festen, sidan fleire musikarar spelar i begge laga. (Musikk kjenner ingen grenser). Elles var Atløykoret inviterte, og ei Linedancegruppe frå bygda dansa frå scena til hornmusikk... 


Atløykoret



Mykje folk samla i samfunnshuset ein lørdagsettermiddag



Kommunens yngste (?) var òg på plass....

Største bidraget til festen hadde Sveinung Fristad. Han opna med å hylle Jon Jorde som har vore med i Dale Musikkorps sidan oppstarten i 1945. Jorde spelar framleis. Imponerande! 

Fristad fortalde vidare om oppveksten og den gryande interessa for hornmusikk. Han fekk oppleve dei marsjerande musikantane frå Dale og vart biten. Han bestemte seg då for at hornmusikk skulle askvollingane òg ha. Mellom anna fekk han Arvid Follevåg og Audun Høyvik med på laget. Dei starta opp i 1952. Det var sjølvsagt lite med pengar og dårleg med instrument å få tak i. Ein spelte nærast på det ein fekk tak i....Rekrutteringa var god. Men "nåde den som ikkje kom på øving". Utvalet av songar var prega av etterkrigstida. 


Sveinung Fristad fortel om historia til laget

Audun Høyvik og Arvid Follevåg fekk applaus

Musikklaget har spelt under mange plassar og under mange tilhøve -
foto bak viser frå Bulandet der det berre møtte opp ein katt for å høyre på...!


Fristad fortalde elles mange humørfylte historier. Til lått og løye. Om songarstemne og musikkstemne ein deltok på. Ei spesiell hending var under ei midnattsmesse då dei etter at kyrkjeklokkene hadde slege ut spelte "Kling no klokka" ut gjennom glasa i kyrkjetårnet. Det var visst ikkje heilt utan fare for både liv og helse å dra instrumenta opp dit. Heilt støe på foten var dei visst heller ikkje... Og noko sikring mot å falle ut av kyrkjetårnet fanst sjølvsagt ikkje.... 

I 1958 kom kongen på besøk, men då var det eit så forferdeleg dårleg vèr at ein verken kunne syngje eller spele. Øyfolket kom seg heller ikkje til Askvoll. At han ikkje tok mot til å be opp Mette Marit til Øyarikets vals då kommunen i 2006 fekk kongeleg besøk, har han angra på sidan. Valsen har Fristad skrive sjølv.

Elles spelte korpsa kvar for seg og i lag. Frå "Rett som ørnen stiger"og "Hanen stend på stabburshella" til "Gamal Jegermarsj" (sjå video). "Eg vil heim" av Jakob Sande og "Øyarikets vals", og mykje mykje meir. Fleire songar var vi i salen med på å syngje.


Gratulasjonar frå Dale Musikkorps framført av Arve Arstein

Så var det tid for blomeutdelingar. Varaordførar Gunnar Osland helsa frå kommunen og overrekte gåvesjekk og blomar til leiar i laget Kari Stang. Elles vart det delt ut blomar til dirigentar, lydteknikar, kor og Linedancegruppa.

Varaordførar Gunnar Osland hyllar jubilanten

Jørgen Alisøy får blomar for gjesteopptreden som dirigenti Askvoll Musikklag

Inn i mellom alt dette smakte det godt med kaffi og kaker frå eit velfyllt kakebord. 

Arve Arstein, Monica Nyland og Torbjørn Arstein kosar seg med kake....
Arve er leiar av Dale Musikkorps

Solist Erland Ona Gjul, pianist Anton Proskurnin, Atløykoret og korpsa avslutta med ein fantastisk versjon av "You raise me up". Og ikkje eit auge var tørt i salen. Med det var ei særs triveleg stund i samfunnshuset i Askvoll denne lørdagsettermiddagen over. 

Kanskje er det ikkje så mange som tenkjer over kor viktig det er å ha musikkorps i bygda. Og ikkje berre kvar 17. mai. Korpsa gjer seg ikkje sjølve.... Vi får håpe dei unge som veks opp i dag får oppleve den same gnisten for hornmusikk som Sveinung Fristad gjorde, slik at korps-tradisjonane blir haldne i hevd i framtida òg. 


(Bilda er av avgrensa kvalitet pga manglande apparatur)

Sjå utval av videoar. Kvalitet noko mangelfull.
Hugs å sette på høgste oppløysing.












lørdag 29. oktober 2016

Første snøen i fjellet...

Frå Moldura i dag


ds

Utsikt ved Størdalsstauren

Skuggen av Størdalsstauren mot Hogane
The waltzing trees

Eg tok den vanlege ruta frå Neset til Moldura igjen i dag. Eller det vil seie eg gjekk først bortom Fanafjellet, det er på same ruta, men ei litt meir austleg retning rett vest av Langevatnet (Stongfjorden) mot toppen.  

Det var steinkaldt her oppe i dag tidleg. På Moldura snøa og hagla det. I tillegg bles det ein solid vestleg vind. Eg skifta som vanleg klede på toppen. Kombinert ull og fleece frå Brynje, vindtett skjørt og to softshelljakker - i tillegg til vindtett hue og tjukke hanskar. Det kom seg då. Sjølv om drevet svei i fjeset...! 

Eg tok turen utom Størdalsstauren heim igjen. Her fann eg ein sau med tre lam... (sjå foto) og fekk gitt beskjed til eigaren. Diverre hadde eg ikkje noko særleg tid til å spele meg med i dag, så eg laut dei berre få fred. Vi får sjå kva som skjer i morgon... Det var nemleg jubileumsfest for Askvoll Musikklag, i Askvoll samfunnshus eg måtte få med meg. I tillegg hente mamma i Dale på førehand så ho òg fekk vere med. Sjå neste blogginnlegg i morgon....

søndag 23. oktober 2016

Ny turbok på Moldura

Neset

Utsikt frå Moldura med Holmedal og Straumsnes

Utsikt mellom Moldura og Fanafjellet
Eg avgrensa fjellturen i dag til eit besøk oppom Moldura og Fanafjellet. Eg gjekk opp frå Neset i Stongfjorden. Her set eg alltid bilen ved huset til Ansgar Bjarne. I dag møtte han meg utanfor huset der vi hadde oss ein prat. 

Turen opp gjekk heilt som vanleg. Litt lettare no når det er så tørt. Men ein skikkeleg sur søraust vind, og delvis skya vèr, gjorde det svinaktig kaldt på toppen. Sola er heller ikkje så mykje mòn i no - iallefall når det bles - så eg måtte fram med alt eg hadde med meg av klede i sekken. I sekken hadde eg òg med ei ny turbok som eg tenkte kunne ligge fast på Moldura. Ei bok det kan vere kjekt å skrive seg inn i for dei som besøker dette fjellet. Ei bok utan noko konkurransemål. Boka ligg i ein boks inne i varden på nordsida. 

Eg gjekk ned igjen austsida av fjellet. Her bles det endå meir, men no var eg bra innpakka og heldt fint varmen. Ikkje eit liv var å sjå. Deretter gjekk eg ned på nordsida av fjellet, og aust til Fanafjellet. Her skreiv eg meg inn i boka til fjelltrimgruppa. For syns skuld. 

På veg ned igjen til vestsida av Langevatnet sette eg opp nokre nye vardar. For dei som vèl å gå på Fanafjellet frå Stongfjorden. Det er ei flott og godt merka rute. 

Fin tur. Og så gjekk ikkje heile søndagen med heller....


fredag 21. oktober 2016

Haust i Fossedalen

Morgonstemning i Fossevikja

Her seier segna frå Fossedalen at Sølvbordet på Brendeheiknappen skal ligge...
  
Toppen av Søre Kringla




Eg fekk innvilga ein feriedag i dag i det flotte vèret. Ein dag på fjellet var i tankane. Eg stussa litt på kva fjelltur eg skulle velge. Det er jo eit uttal av ruter og turalternativ hjå oss her på heimebane. Å køyre land og strand rundt for å gå på fjellet har aldri vore mi greie. Eg trivst med "heimefjella mine", og orkar ikkje bruke meir tid til bilkøyring enn høgst nødvendig. 

Ok, eg køyrde til Dale og Ottersteinen i dag tidleg. Likevel. Så lange biten er no ikkje det då. I gryotta ville eg prøve "nyestien" frå brua via Brendeheiknappen, Nordre og Søre Kringla med retur gjennom Fossedalen. I gryotta er vel rette nemninga ja - eg starta nemleg turen bort i Fossevikja med hovudlykt. 

Lyset kom likevel ganske fort. Og som planlagt nådde eg soloppgangen på Brendeheiknappen. Fantastisk.   


Soloppgang på Brendeheiknappen
Merkinga som vart gjort av Agnar og leiaren for IST frå Brendeheiknappen til skogsvegen på Laukeland, fekk eg ikkje vere med på. Etter å ha fått testa denne for første gong i dag, kan eg seie at merkinga var veldig bra. Så no er det merka veldig bra frå Ottersteinen til Massbu. 

Massbu låg spegla i flotte haustfargar og tidleg morgonsol. Ja, ord kjem fort til kort slike dagar. Superlativa om det flotte haustveret og fargane er i grunn oppbrukte i år .... 
Massbu i morgonskrud


Massbu
Når det gjeld den vidare merkinga frå Massbu til Botnatjerna (frå Botnatjerna til Nipebu merka eg oppatt i fjor haust med merkekjeppar) er denne litt for dårleg. Malinga er falma fleire plassar. Så denne biten skulle ha vore gått over av merkegruppa i IST... Eg følgde for det meste dei blankskurde berga i det tørre elveløpet nordvest-over oppe i dalen, før eg skar meir sørover opp dei lange berga til Nordre Kringla. 
Brendeheiknappen frå Søre Kringla

På Nordre Kringla bles det faktisk ganske friskt. Så eg skifta på meg ein del klede på overkroppen før det bar ned slukta til dalen under og opp att stigninga til Søre Kringla. Her oppe kunne eg konstatere at Dale låg i skuggenes dal, medan eg stod i sola og glytte ned.... Kjempefint. 


Utsikt vestover frå Søre Kringla
Øvre Fossedal i midten mot høgre.
Det grå fjellet er Fossedalshengenipa.

Utsikt opp igjen til Nordre og
Søre Kringla
Øvre Fossedal med Nordre
og Søre Kringla

Så bar det ned att til Øvre Fossedalen. Her var det ikkje folk så tidleg på ein fredag. Artig å stå i Øvre å sjå spissen på Søre Kringla eg nett var oppom der oppe. Ser ganske spektakulær ut her nede i frå... 


Ved vassenden på Fossedalsvatnet
Eitrenipa, Nordre- og Søre Kringla
(fjella ser litt annleis ut her i frå...)

Eg tok vestsida av vatnet mot vassenden i sør. Sjølv om det er noko dårlegare sti denne sida av vatnet, er utsikta vèl så fin som frå hi sida. Siste turane har eg difor stort sett gått denne sida. 

Ved Fossedalsfossen tok eg meg eit par skiver. Det var ikkje rare vassføringa i dag. Så eg sette meg på det blankskurde berget nesten midt ute i det som skulle vere fossen. 


Vedig lite vatn i Fossedalsfossen
(eg ligg midt i elva....)

I Nedre Fossedal heldt sola allereie på og seie takk for seg for dagen... Men du verda kor flott og fredeleg her var. Og nydelege haustfargar ramma inn dei flotte nymåla bygningane. Praktfullt. 


Nedre Fossedal
Nedre Fossedal
Tilbake i Fossevikja
(jmfr. bilde nr 1)
I Kleivane ned til Fossevikja slo eg av ein prat med to damer frå Dale som eg kjende. Hyggeleg! No var det rett nok hunden dei hadde med seg eg måtte bruke mest tid på. Han gøydde noko heisa. Sikkert nervøs. Men etter ltt godsnakking fekk eg både klø og klappe han. 

Deretter bar det til Ottersteinen igjen. Nesten 7 timar sidan sist eg var her. Ein nydeleg "ferietur" var over. Takk til Kari og dei andre på jobben i banken...:-)


søndag 16. oktober 2016

Strandliv i oktober
















  













I dag gjekk familieturen med ungar og gjestar til Liavika. Frå Vågen i  Grimelia er dette ein fin og flat tur som passar for alle aldrar. Med flotte haustfargar som kulissar hadde vi ein fin tur langs landet. I Liavika rasta vi i fjæra med kaffikos og leik. Ungane kunne byggje og putle med stein og anna i strandkanten. Dei storkosa seg. Som vi vaksne gjorde. Herleg søndag!  

Heile bildefila familietur Liavika 1606