søndag 11. september 2016

Sanking

Fjell- og lirypa står på den nye raudlista over truga fugleartar. Eg håpar difor at alle rypejegerar let hagla i ro i år. Konkurransen og moroa med å "skyte fugl" bør heller vere å få inn liknande "skot" som mitt i går...



Even kjem med flokken innom Størdalsstauren

Dagen i går starta med eit syrgjeleg vèr. Eg venta difor ei stund før eg gjekk på sankinga. Meldingane var heldigvis betre ut over dagen. Men i 8.15 tida måtte eg berre avgarde. Då eg kom på Neset stod det allereie ein bil på utkøyringa. Etter å ha snakka med Jostein som var ute og lufta hunden i grisèveret, og hadde sett vedkommande labbe oppover, kom eg ei stund etter fram til at det måtte vere Even Vie. Klar for haustens høgdepunkt som han sa i fjor.  

Som sagt var vèret elendig. Det bøtta ned. Men eg hadde ikkje rekna med at det var så gale at eg ikkje kom meg over elva oppe i Langedalen for å kome meg ut på Størdalsstauren. Elva hadde vakse opp til reine infernoet på minuttar. Eg valde difor ruta opp mot Moldura i staden, for å sjå kva eg kunne sjå her oppe. Men vèret var minst like gale - og i skoddehavet såg eg ingenting. Eg tok difor og returnerte. 

Skodda letta noko lenger her nede. Og då såg eg Even kome med heile flokken som gjekk ute mot Størdalsstauren. Kjempegreier. Etter å ha snakka med han om stoda, gjekk eg vidare mot Langevatnet. Her var det ingenting å sjå. Deretter opp igjen på Fanafjellet.Tomt her også. Frå toppen såg eg heile flokken til Even ta ruta ned Fagredalen. Lenger nede i dalen stod det ei god del fleire sauer òg. Sidan alt dette såg ut til å gå som reine 17. mai toget til Holmedal, heldt eg fram austover toppane for å sjekke av i høgda.


Elva frå Skåefjellsvatnet var stor i går.



Skodda lettar!
Holmedal dukkar opp ...


På sørsida av Svarthamrane traff eg så Bjørn og Dag Ove og utveksla litt info. Dei tok peiling Fagredalen, medan eg heldt fram opp på Svarthamrane og gjekk nordatt til Skålefjellet. Den vanlege ruta. Det var unødvendig å gå ned til Holmedal. Ingen sauer å sjå. Deretter gjekk eg på framsida av Skålefjellet for å ta ned denne.  Her tok eg meg ein pause i skaret på autsida. 

No var det blitt varmt og solskin og greier. Reine idyllen med flott utsikt til bygda. Fantastisk kor fort vèret hadde snudd. Her nede i frå kunne eg sjå 8 sauer som gjekk aust i Nipane. Men det var aldri aktuelt for meg å prøve og få desse til Holmedal. Det var altfor langt. I tillegg kravde mange timar trakking i søkkvått lende sitt. I tillegg var det ein fotballkamp eg ville sjå... (I somme høve er det like greitt at andre har eigarskapen til dyra...) Eg fekk meldt i frå og gjekk til bygds igjen. 

Flott siesta her oppe

Alt i alt ein flott dag til sist. Men årets sanking vart meir som ein god fjelltur for mitt vedkommande. Det vil seie - det blir nok fleire turar. Som oftast er ettersankinga vèl so interessant som sankinga. Og sauer går det heilt sikkert att over dette store området lenge endå... Neste helg er det iallefall bryllaup på austlandet til minste bror min. Og då lyt sau vere sau...




Ingen kommentarer: