Facebook

søndag 25. september 2016

Om å sveitte ut dekelskap

Dagens (forkjølte) selfie

Greitt med litt ekstra sikring over hammaren
(spesielt om vinteren)





Synd å seie det, men eg drog på meg ein forkjølelse etter turen austover forrige helg. Nærare detaljar på akkurat den diagnosen trengst vel ikkje.... Dress og nattevake er ikkje heilt mi greie. Ikkje sofalivet heller. Som mesteparten av dagen i går gjekk med til. Lørdag og beste turdagen. 

Eg starta på same viset i dag. Men TO helgar på rad utan å kome meg til fjells, det ville berre ta kaka. Så ut på føremiddagen kom eg meg opp av sofaen. Og etter to koppar kaffi drog eg avgarde på Skålefjellet. Var eg ikkje kar om å kome meg opp der, var senga neste. 

Sveitten sila i den durabelege vinden. Men det gjekk gitt. Greitt både opp og ned. Om eg har fått sveitta dekelskapen ut av kroppen veit eg ikkje. Det får no tida visa. Tilfredsstillande er det iallefall å vite at ein ikkje er heilt kaputt - endå!


Legg inn en kommentar