mandag 5. september 2016

Krig og fred

Solnedgang på Staveneset lørdag

På denne tida av året går sola i hav rett vest for neset...

Helga gjekk i grunn i eitt, så her eit kort resymè. 

Eg gav meg på å ligge på bar bakke på fjellet natt til søndag. Våt og kald etter turen tidlegare på dag ombestemte eg meg på heile greia. Det var søkk vått overalt. Temperatur, skodde og vind baud ikkje akkurat opp til dans heller. Å ligge i telt var aldri noko alternativ. Eg tok meg heller ein tur på Staveneset lørdagskvelden og kosa meg med solnedgangen. 


Sola går i hav

Søndagen tok eg den "vanlege" ruta frå Neset til Moldura og Størdalsstauren for å studere sauene til sankinga neste lørdag. Desse gjekk i store flokkar der dei plar - vest av Moldura og ut mot stauren. No big deal. Roleg og fredeleg sløva dei i bakkane i føremiddagssola. Mange samla i flokkar, andre tre og tre... Så då har eg ein plan om å få alt på nordsida av Størdalen mot Holmedal. Anten ned Fagredalen eller Nyksvatnet. Dei får ta vegen som dei vil.... Som i fjor!

Fotolink Moldura og Størdalsstaauren 

Størdalsstauren
Start og retur på ruta til Moldura frå nord er frå Neset i Stongfjorden.
Det er godt merka heile vegen. 

Ettermiddagen gjekk med til ein biltur med familien og mor mi til Lutelandet og Lammetun. Olaug fiksa kaffi og natronkaker som vi kosa oss med i solveggen på butikken i Korssund. 


Yme plattforma



Natronkaker og kaffi i Korssundet


Bestemor mi Lovisa Sørebø (mor til Herbjørn) kom frå Eika ved Tyssedalsvatnet. Mamma har difor rike minner frå området her. Spesielt var det å sjå Yme plattforma på Lutelandet. Men endå kjekkare var det å besøke kystfortet på Lammetun. Klårt dette er interessant for Peter på 16. Han var i fyr og flamme. Litt meir skeptisk var han å gå ned i dei mørke og våte og kalde gangane i fortet.. Spesielt då eg gjekk ned vakttårnet åleine og kom ut att i opninga under jorda ... - medan han stod att inne! Sjå elles foto frå Lammetun. Heimeside her.


Down in the bunker

Alden frå ein ny vinkel


Harald Risnes sjef for Milorg

Tysk propaganda

Peter i bunkersen

Peter i vakttårnet


Frå Krig til Fred


Fotolink Lutelandet og Lammetun

Så alt i alt ei flott helg, sjølv om hovudhappeninga ikkje vart noko av (men så er iallefall helsa godt intakt i dag) Å ligge under open himmel har eg forresten gjort før i sommar...! Og kven veit kva som skjer neste helg om vèret er bra...;-) 


Ingen kommentarer: