Facebook

lørdag 3. september 2016

Sau til plage og nytte....



Det er ikkje berre folk som kan ha nytte av merking i fjellet. Sauene har absolutt nytte av det. Diverre brukar ikkje sauene merkinga til å finne fram. Men til å stille kløen i skrotten. Resultatet er nedrivne og brotne merkestavar. Og siktvardar ligg kvelva. Eg hadde difor med meg hammar i sekken på Toreheia i dag, då eg måtte gå over mykje av merkinga til vinteren. Eg gjorde meg dessutan nytte av nokre gamle plankar eg visste om, etter at hytta ved Krikavatnet bles ned for nokre år sidan. Plankane la eg ut over myra ved austenden av vatnet.

No er det sauesanking på sørsida av fjorden neste helg. For meg såg det ut til å ha vore sanka på nordsida allereie, for det gjekk ikkje ein sau i høgste fjellet iallefall. Men mogeleg har sauene hatt vit til å trekkje ned igjen der i frå, for vèret var begredeleg. Skodde, vind, piskande regnbyger og nokre få varmegrader er sikkert like lite behageleg for sauer som for folk. Uansett ull-lag på skrotten.  

Vel, noko av vitet hadde eg sjølv ikkje med meg då eg heiv nokre ekstra klede opp i sekken før eg gjekk. For utan å ha pakka dette i plast, var sjølvsagt den varme og gode ulltrøya pissande våt då eg skulle skifte på overkroppen på toppen. Så bak varden i det ufyselege vèret måtte eg bite i det sure eplet å ta ei vindjakke direkte på kroppen og våt ull ut igjen på. Kanskje nærare ei bekledning det lukta sau av enn eg ynskte...

Det er sagt at sauene er lite kloke dyr. Eg veit ikkje eg. Personleg trur eg sauene tenkjer og oppfører seg med det dei har fått utlevert. I mange høve er eg meir tvilande til at vi menneske gjer det....
Legg inn en kommentar