onsdag 7. september 2016

Indrevågefjellet


Niper i "bøtter og spann"

Mot Svanøy


I kveld tok eg meg ein rask trimtur på Indrevågefjellet. Det er ikkje så ofte eg har vore her i det siste. Men det var jammen kjekt å koste på opp den lange og bratte bakken frå Vågeskardet. Akkurat den trasèen eg gjekk så mykje sist det var fjelltrimpost her. Og dei fleste merka opp ura og over hammaren stod endå. Stilig! 

Då eg kom opp til varden stod det faktisk ein hjort nede på nordsida og studerte meg ganske lenge. Bildet vart ikkje allverda. Men han er no der hvis du ser etter. Synest alltid det er kjekt å treffe på hjorten i fjellet. Det er nesten so at det ikkje er same arten som dei som går rundt ved husnòva heime.

Fin trimtur!

Indrevågefjellet 070916


Ingen kommentarer: