Facebook

lørdag 20. august 2016

Tracking Otterstein Massbu

Fossedalen i gryotta.
Første solstrålane for dagen på Fløyen og Heileberget.
I dag tidleg gjekk eg opp ruta frå Otterstein via Brendeheiknappen til Massbu. Dette for å måle opp avstanden til ei ny skilting. Nøyaktig avstand i kilometer er 7,15. Eg sette også opp eit nytt lite og heilt provisorisk skilt ved Elraki med retning Massbu til ein får laga nye skilt. For ukjende kan tru at merkinga her går til Nipebu. Merkinga og ryddinga frå Brendeheiknappen til skogsvegen vest for Nedre Laukelandsstølen er ikkje ferdig. Ein må innom denne skogsvegen eit stykke for å kome opp til Massbu (Øvre Laukelandsstølen) frå Nedre Laukelandsstølen. 

Eg starta som sagt tidleg. I klårt og fint vèr. Og køyrde heime i frå klokka 05.45. Eg gjekk så frå Ottersteinen klokka 06.11 i følge Gps trackinga på mobilen. Det låg litt meir skodde i Dalsfjorden enn i Stongfjorden. Spesielt innover mot Bygstad. Skodda i Dale forsvann som "dogg for sol" omlag då eg nådde Brendeheiknappen. 


Morgonskodda lettar i Dalsfjorden

Fossedalshengenipa frå tjørna der sagnet seier at sølvbordet frå Fossedalen skal ligge....


No er stien veldig bra frå Elraki til Brendeheiknappen. Godt merke og tilrettelagd for ålmenta. Men det står som sagt att å merke/rydde ned og austover her i frå. I dag tok eg ei litt anna rute enn sist. Meir retning utløpet av Storelva til Laukelandsfossen. Om det var så bra tvilar eg på. Det er for det første brattare ned her enn lia litt lenger nord og i tillegg fleire hamrar. Dessutan ein del trefall. Truleg er det betre der Agnar og eg gjekk i fjor då vi skrådde ned lia (her har vi òg rydda ein del). Dette får vi ta att med det første. Så mykje arbeid er det ikkje om vi går på det ein tre, fire stykker. 

På Massbu var det folk. Det stod to par stavar utanfor hytta... Sidan eg kom her nesten før fuglane hadde stått opp, og det var heilt stilt, rekna eg med folket i hytta sov. Så eg lèt dei få vere i fred. Og tusla meg vidare opp lia mot Nordre Kringla. 

I haust merka eg opp igjen frå Nipebu til Botnatjørna med gode stavar produsert hjå Atle Holsen, så denne biten av ruta frå Massbu til Nipebu er bra. I tillegg merka vi betre Rivedal-Nipebu. Fullt så bra er ikkje merkinga frå Massbu til Botnatjerna. Her bør det gjerast ein liten innsats med målarkosten slik at ein lettare finn rette ruta opp bjørkeskogen. 

Massbu
Avstanden frå Massbu til Nipebu er 8 kilomter. Det er ferdig avmerka på skiltinga begge stadar. Så i staden for å gå ut på Nipebu, ville eg heller gå oppom Nordre og Søndre Kringla for å få "toppkjensla"... 


Flott utsikt frå Nordre Kringla mot vest.
Langevatnet med Nipebu midt i bildet.
Så eg tok med meg toppen på desse fjella, og heller returnerte ned igjen i Øvre Fossedalen. No hadde det òg skya til og bles litt. Godt då å ha ekstra klede i sekken. Ein blir fort kald når fjellvinden tek tak i ein sveitt kropp.. 

I Øvre Fossedalen fekk eg eit kjekt møte med dei nye eigarane. Dei er i full gang med å sette i stand huset som Sofie og Astrid Fossedal åtte i si tid. Det var i heller skrøpeleg forfatning vart det sagt. Det meste av ny kledning og nytt tak er no på plass. At det er fantastisk flott at dette no blir gjort er i grunn berre førebokstaven... Øvre Fossedal har stor kulturhistorisk verdi !


Astrid Fossedal
Sofie Fossedal


Det stod mange hus i Øvre Fossedal i si tid...

Fotoserie Øvre Fossedal

Øvre Fossedal
Vandringa langs Fossedalsvatnet er alltid praktfull. Fotomotiva står i kø. Vatn og spegling er alltid fint. Så òg i dag. Eg tok meg elles nokre store nevar med forfriskande blåbær undervegs. Det var som eleksir for kroppen. 



I Nedre Fossedal såg eg ikkje folk sjølv om det såg ut til at her var folk i helga... Forklaringa fekk eg på Kleivane der eg møtte Tor Øystein med frue. I tillegg stod her to blad Nitter Sømme. Eg slo av ein prat med dei på den flotte utkikksposten mot Dale. 

Nedre Fossedal

Eg er i grunn slutta å tenke så mykje på tid og avstand når eg går tur. Det var verre for nokre år sidan då mykje fokus var på fjelltrimmen og poeng. No tek eg det meir som det kjem. Men sidan eg tok geo trackinga i dag, så var tidsbruken 5 timar 41 minutt, og total avstand 17,32 kilometer. Lunsjpakken min åt eg opp då eg kom heim igjen...:-)

Legg inn en kommentar