Facebook

tirsdag 16. august 2016

Kvalitetsjusterte leveår...

Frå Smørskornova er det fin utsikt.
På bildet ser vi mellom anna Stølsfjellet t.v inn over Heileberget og Rivedalskletten.
I ser òg mot Dalsfjorden og Flekkefjorden, Tysselandet og Rivedal.



Sidan vi var innom Toreheia, fjelltrimmen og merking i går, har eg sett litt meir på dei andre fjella som står på programmet for neste sesong. Etter 7-års rulleringa skal då Eggane, Fanafjellet, Fossedalshengenipa og Smørskornova, utanom Toreheia og Blegja (frivillig), stå for tur. Underteikna kjenner desse fjella godt.

Eg beit meg forresten merke i ein setning i ei brosjyre for sportsartiklar i går kveld at auka mosjon kunne gje deg fleire "kvalitetsjusterte leveår"... Eitnymotens begrep kanskje? Det surra iallefall i hovudet i går kveld. Og når det første som skjedde i dag tidleg då eg skrudde på radioen var at Bob Dylan sang om "forever young", ja då måtte dette berre skrivast ned. Artig var det iallefall. Mountains in Askvoll på Facebook er iallefall ei gratisside for mellom anna auka lyst og motivasjon til å kome seg i betre form.Eit lite bidrag til folkehelsa.

Som nemnt ovanfor er Smørskornova i Rivedal eitt av dei "nye" fjella på fjelltrimmen frå hausten av. Vedlagde bilde er frå Smørskornova. Vi ser Dalsfjorden, Flekkefjorden, Tysselandet og Rivedal. Fjella er Stølsfjellet t.v. (post no), innover Heileberget og Rivedalskletten. På linken her ligg det mange bilder frå Smørskornova https://youtu.be/j0irtXHL01s.

DNT-løypa Stongfjorden - Nipebu som går vest/aust passerer på nordsida av fjellet. Elles er det fullt mogeleg å gå frå Holmedal i vest via Bakkefjellet. Frå nord kan du gå opp via Svedalen (to stadar). Men den meste brukte ruta er å nytte dalen opp frå Rivedal som bildet viser (to ruter). Med andre ord er Smørskornova relativt lett å nå frå alle himmelretningar. Men obs - på vinteren ligg det ofte mykje is her oppe. Du har då behov for broddar. 



Legg inn en kommentar