Facebook

onsdag 10. august 2016

Sauesanking


Foto 6/8 ved Røyrbotnholten/Smørskornova i Rivedal. (Det er veldig flott å sjå dei drivkvite sauene på fjellet i høve dei skitsame sauene som har gått langs vegane i sommar....)

Det er snart tid for haustens vakraste eventyr - sauesankinga. Og etter turen Dale-Nipebu-Stongfjorden forrige fredag, kan ein konstatere at det går sau "overalt". (Også geiter vart observert på denne turen med tilbakemelding til eigar). Nokre er nesten fullstendig tame som avbilda her i Rivedal, andre spring på fleire hundre meters avstand. Så sankinga kva vere som ein behageleg fjelltur eller som ei fysisk stor utfordring...

Underteikna har aldri vore saueeigar, men ser fram til denne hendinga kvart år. For dette er både sosialt og moro. Og så gjer ein noko "nyttig" òg på fjellturen. Så her er det berre å melde seg som frivillig.

Største utfordringane dei seinare åra har likevel vore dei mange ettersankingane seinhaustes når det går einskildsauer att i fjellet. Då er ofte den mennesklege hjelpa til sankinga mindre enn under sankedagen, og dei fysiske utfordringane størst.... Av eiga erfaring er takksemda frå saueeigarar i slike høve også størst... Kjensla av å "spisse" fjellturane på denne måten er ubetaleleg! ‪#‎mountainsinaskvoll‬ ‪#‎sauesanking‬‪#‎visitnorway‬
Legg inn en kommentar