søndag 14. august 2016

Merking



Dagens selfie
Skodda letta på veg ned igjen til Svartevatnet....
Sidan Toreheia er post på fjelltrimmen frå hausten av og neste sesong, tok eg meg ei ekstra runde med merking av dei områda eg veit er veldig utsette for white-out når snøen kjem. Frå tidlegare har eg merka øvst oppe. Eg malte difor ein del nye merkestavar heime som eg sette opp frå Rinda av og oppover. I tillegg varda eg opp igjen ein del lenger oppe. 

No var forholda nærast perfekte for å sjå etter merkinga. For skodda låg grautande tjukk då eg gjekk oppover. Og frå Rinda av såg eg nesten ingen ting. Men utan noko slags form for tekniske hjelpemiddel var det heilt problemfritt å gå etter vardar og stenger. So no skal alle forhold ligge til rette for mange besøk på Toreheia frå hausten av.... Ja, det går fint an å gå med hovudlykt opp i mørket òg... 

Eg gjekk Selda ned igjen, og tok meg eit par timar med rydding av denne stien i same slengen. Utruleg kor det veks til med or og einer. Grantrea som står lengst nede fekk seg ei barbering òg.... 

Mykje vatn over vadet ved Krikavatnet i dag





Ingen kommentarer: