lørdag 6. august 2016

Fin trimtur

Utsikt mot nordvest frå stigninga opp på Toreheia.
Skylefjellet i midten.

Kvit røsslyng


Alden sett frå Toreheia
Stongfjorden

Mange flotte fjell og niper i aust

Det heldt med ein tre-timars trimtur på Toreheia i dag, sidan turen i går var temmeleg lang. Og som vanleg gjekk eg den kjende ruta mi. Ruta som forøvrig er godt merka til hausten då fjellet står på programmet for fjelltrimmen i kommunen. 

Når det er nordavind som i dag er det utruleg temperaturforskjell nede i dei sørvende bakkane i høve platået oppe på fjellet. For ovanfor ryggen mot fjorden er fjellet veldig eksponert for vind. Frå å gå nærast naken på første delen treng ein skikkelege klede lenger oppe. Spesielt i nordavind. For vinden er alltid kald. Av god erfaring hadde eg difor med meg klede i sekken. Dei var gode å ta på seg oppe i den isande vinden....

Eg trefte forresten eit par på tur oppe på Rinda, og slo av ein prat med dei. Som førstegangsbesøkande på Skylefjellet skrytte dei uhemma av naturen. Og akkurat det har eg vel gjort til kjenne her på bloggen meir enn ein gong. Det er ei enorm kjensle av fridom å kome opp i dette opne og oversiktlege landskapet som ligg så tett på havet.

Ingen kommentarer: