Facebook

onsdag 3. august 2016

Dugnadsarbeid











Flott dugnadsøkt i dag på den nye ruta frå Nedre Fossedal til Brendeheiknappen som skal gå vidare til Massbu. No står det å rydde og merke lia ned mot skogsvegen på Laukeland. Ei fin lørdagsøkt eller så. 

Det var Agnar, Sigvard, Arild og underteikna som stilte. Agnar hadde med motorsag for å rydde vekk tre som var for store for ryddesaksene. Og raud signalmåling tok eg meg av. Elles vart det sett opp ein del nye vardar. Vi gjekk opp og ned same vegen for å sjekke av merkinga. 

Vèret var heilt topp. Likeeins humøret. Ein kjekk og nyttig fridag dette. 


Legg inn en kommentar