fredag 5. august 2016

Dale Nipebu Stongfjorden

Dalsfjorden med Vikaholmen

Nedre Fossedal
Dalsstølen


Ved Dalsstølen

Campingturistar ved Nipebu
Selfie Nipebu


Langevatnet med Nipebu midt i bildet
   
Mot Rivedal og Tysselandet
 
Ute i havet og i øyane ved Florø skein sola....

Apropos Åmer
Denne var stor
(sjekk blogg i går)
Det tok ganske nøyaktig 7 timar å gå den merka T-løypa frå Otterstein ved Dalsfjordbrua, via Nipebu, og til trappa heime på Yndestad i Stongfjorden i dag. Vèrmeldingane på nettet var gode, men vèret var for det meste overskya. Men eg såg litt i sola då skodda letta omlag i Fossedalen. 

På Nipebu stod det to telt. Eitt rett før hytta og reglementært. Men eitt telt kloss i hytteveggen. Det heiter seg visst at ein kan telte med minst 100 meter avstand til hytta. Ikkje det at eg trur dette hadde noko betydning i denne samanhang. Elles budde det ein familie på hytta. I det første teltet budde det eit par frå austlandet som eg snakka litt med. 

Merkinga frå Dale til Nipebu er svært bra. Betre enn ein nesten kan forlange. Frå Nipebu til Stongfjorden er merkinga òg bra. Kanskje med unnatak av første biten langs vatnet. Også over eit par myrar hadde det gjort seg med nokre merkestavar. 

Utanom sauer og geiter som gjekk i området var det lite liv å sjå. Fjellfuglane utanom steinskvett og heipiplerke har nok trekt vekk allereie. Og landskapet ber allereie preg av at det går mot haust. 

Veldig flott tur. I det flottaste landskapet vi har. Temperatur og vèr heilt ok, sjølv om sola uteblei.

Ingen kommentarer: