torsdag 4. august 2016

Blogg og hogg

Etter å ha sett ned bøtta stira det ein kar på meg som verna tua si

Det kan følge med forskjellig heim i i blåbær-bøtta

Marie føretrekte hanskar under reinskinga-
om det var for åmene sin del veit eg ikkje
Stor reinskeaktivitet
Det tok meg faktisk ikkje meir enn to timar å plukke 10 kg blåbær i dag, så bærhausten ser ut til å vere god... 

No var det visst ikkje berre bær eg heldt på å plukke med meg heim igjen - for etter å ha sett ned bøtta ein gong stirra det ein kar på meg frå nokre cm avstand. Om det var han eller eg som skvatt mest veit eg ikkje... Og ikkje søren om han ville flytte seg heller der han låg og verna den flotte blåbærtua. Så for å få tak i bæra laut eg pirke bort i han med ein pinne. Det likte han lite så pinnen fekk seg eit par hogg. Om det var gift i bita veit eg ikkje.... Men til slutt skjønte han likevel at han hadde møtt overmakta og stakk sin veg.... Close encounter of the worm kind...

Nei, etter historia med hundane på Kreta for ei veke sidan var det vel ikkje meir enn rett og rimeleg at ikkje fekk fleire hogg denne veka.... Ferie eller ei. Men fruen i huset du - ho skal eg seie var nøgd... Ja, ho skvatt visst til litt ho òg der eg kom heim med to store bøtter med bær. Nøgd vart ho òg då eg plukka vekk ein fire, fem åmer som følgde med fangsten heim att..:-) Men at ho skreik meir av åmene i dag enn av kamphundane som angreip oss hin dagen står for meg som ei gåte. Kanskje er det likevel slik at når ein er livredd misser ein både munn og mæle? Medan redselen for åmer og edderkoppar meir skuldast fobiar? Ikkje veit eg... Vel, kanskje er det best å late vere og analysere dette noko vidare - fruen kan jo hogge ho òg....:-)


Ingen kommentarer: