lørdag 27. august 2016

Applaus for merking

Oppe ved Eidselva med flott utsikt
mot Kyllaren og nordsida av Fristadfjellet t.h..


Eidsfjorden
Ringstad-sauer ved Kalderasnipa


Lysshow på Moldura


Meir lysshow - Dokka t.h.


I dag gjekk eg den flotte ruta på ovannemnde link. Lyset var spektakulært. Skodde, låge og høge skyer, sol og regn. Eg heldt på å seie alt på ein gong. Men det var litt overdrive. Fantastisk flott var det iallefall. 

Diverre var det nesten ingenting å sjå på toppen av Kalderasnipa. Heller ikkje på toppen av Dokka. Då var det ein heil del betre då eg gjekk opp framsida på Moldura. Og spesielt oppe på platået på toppen serverte vèrforholda meg naturens ekte lysshow.

På veg opp på Moldura etter å ha vore på Dokka skein sola på bygdelaga ved Dalsfjorden.
Her Holmedal, Tysselandet og Straumsnes

Her oppe helste eg på sauene til Per Arne Tveit - som sist. På akkurat same plassen som hi helga. Om dei kjende meg att veit eg ikkje, men dei la no seg beint ned og tok livet med ro...










Ein annan ting eg vil nemne er den gode merkinga frå Nyksvatnet og opp på framsida av Moldura. Dette er nok heilt sikkert John Lien sitt verk. Og truleg har jobben vore gjort i det siste. 

Det er ganske bratt opp her og ikkje heilt enkelt å finne beste ruta om ein er ukjend. Og i skodde er merkinga uvurderleg å ha. Som tidvis i dag. 



                                      Super merking frå Holmedal til Moldura. Uvurderleg i skodde og for ukjende


Det ligg eit betydeleg arbeid, og ikkje minst engasjement, i å ta på seg slike frivillige oppdrag. No balar eg jo ein del med slikt sjølv, så i den forstand kan eg vel uttale meg..... Applaus til John Lien og kona Torill. 

På veg ned igjen på nordsida av Moldura mot Stongfjorden, gjekk eg inn i ein vegg med skodde. Ja, skikkeleg tjukk var ho. Havskodda kjem fort på! Men då var vardane Ansgar Bjarne har sett opp gode å ha. (Lenger nede er det bra sti og merka gjennom skogen). I tillegg til at skodda seig fort på vart det fleire grader kaldare. Nokre minuttar deretter silregna det. Så no var det berre å kome seg til fjorden igjen fortast mogeleg. Og egentleg er det kjekt å springe våte og myrlendte bakkar ned igjen. Det er berre å sette hælen på fjellskoa i myra og peise på .... 

Super lørdagstur igjen. Kjekt å ha sauene å sjå etter. Så mykje liv elles var det ikkje - eit havørnpar sirklande med skarpe auger, heipiplerker og ramn, men ikkje eit menneske...



Ingen kommentarer: