onsdag 31. august 2016

The Glory of Autumn (bilder)

Dalsfjorden


Eg lasta ned bilda som var brukte i filmen hin dagen - sjå link:

tirsdag 30. august 2016

The Glory of Autumn

Fint på altanen hin kvelden...

In own pictures: The Glory of Autumn


Etter kva ein seier har vi visst hatt den finaste før-sommaren og den dårlegaste ettersommaren i manns minne. Ja, eg hugsar så godt den svidde plenen og angsten for at vatnet skulle ta slutt i juni... 

Javel, herr Statsråd, vatnet kom igjen det, til gagns. Men heldigvis er hausten ofte veldig fin. Spesielt i fjellet. Og mykje finare enn om sommaren. Den kalde, klåre lufta speglar naturen i fargesprakande idyll, og gir vidt utsyn i alle himmelretningar. Klar for nye opplevingar som vitnar om tida som har gått og nye vårar som kjem. For det er ikkje lenge til sola snur igjen.

Hausten er så inderleg fri for pollen, mygg, klegg, flått, kveps og tusenvis av fluger som om sommaren kan ta knekken på den friskaste fjellgeit! Den kalde lufta gjer det lett å puste. Du slepp strie straumar av sveitte og solkrem i raude og sviande auge. Og borte er dunkinga av pulsen i skallen av varmen. For ei sælebot – for ei lette! Ja, kjenn kor opplagd du blir etter ei god natts søvn – fri frå klame, varme dyner som tek kvelartak på deg i eit soverom som aldri vert kaldt nok!

Ja, hausten er finaste tida i fjellet. Den styrker både kropp og sjel. Startskotet går no. Kva ventar du på? Vel, ta deg tid til å sjekke ut linken ovanfor først - ei lett samanrasking av haustlege goodies...


søndag 28. august 2016

Dagens looks...

Dagens selfie
Stongfjorden


Osland
Mykje kjende fjell her....


Toppen frå aust


Dei stolar på "forkledninga"....

Som velståande pensjonistar i blokkleiligheit i Førde....


I dag gjekk eg meg den greie trimturen opp Gjerdedalen og Brekka til Skålefjellet. I delvis skya og stille vèr. Tok ruta over hammaren ved første elva opp, og den andre ruta om Skålefjellsvatnet ned igjen. På sistnemnde rute hadde sauene fere hardt ut over vardane, så her tok eg noko opprettingsarbeid. 

Ovanfor gapahauken traff eg forresten Arnljot og Jo Eivind og slo av ein prat med dei. Elles kjekt å sjå at det hadde vore folk i gapahuken då det framleis rauk frå pipa. Så då var helgas trimturar i boks...


lørdag 27. august 2016

Applaus for merking

Oppe ved Eidselva med flott utsikt
mot Kyllaren og nordsida av Fristadfjellet t.h..


Eidsfjorden
Ringstad-sauer ved Kalderasnipa


Lysshow på Moldura


Meir lysshow - Dokka t.h.


I dag gjekk eg den flotte ruta på ovannemnde link. Lyset var spektakulært. Skodde, låge og høge skyer, sol og regn. Eg heldt på å seie alt på ein gong. Men det var litt overdrive. Fantastisk flott var det iallefall. 

Diverre var det nesten ingenting å sjå på toppen av Kalderasnipa. Heller ikkje på toppen av Dokka. Då var det ein heil del betre då eg gjekk opp framsida på Moldura. Og spesielt oppe på platået på toppen serverte vèrforholda meg naturens ekte lysshow.

På veg opp på Moldura etter å ha vore på Dokka skein sola på bygdelaga ved Dalsfjorden.
Her Holmedal, Tysselandet og Straumsnes

Her oppe helste eg på sauene til Per Arne Tveit - som sist. På akkurat same plassen som hi helga. Om dei kjende meg att veit eg ikkje, men dei la no seg beint ned og tok livet med ro...










Ein annan ting eg vil nemne er den gode merkinga frå Nyksvatnet og opp på framsida av Moldura. Dette er nok heilt sikkert John Lien sitt verk. Og truleg har jobben vore gjort i det siste. 

Det er ganske bratt opp her og ikkje heilt enkelt å finne beste ruta om ein er ukjend. Og i skodde er merkinga uvurderleg å ha. Som tidvis i dag. 



                                      Super merking frå Holmedal til Moldura. Uvurderleg i skodde og for ukjende


Det ligg eit betydeleg arbeid, og ikkje minst engasjement, i å ta på seg slike frivillige oppdrag. No balar eg jo ein del med slikt sjølv, så i den forstand kan eg vel uttale meg..... Applaus til John Lien og kona Torill. 

På veg ned igjen på nordsida av Moldura mot Stongfjorden, gjekk eg inn i ein vegg med skodde. Ja, skikkeleg tjukk var ho. Havskodda kjem fort på! Men då var vardane Ansgar Bjarne har sett opp gode å ha. (Lenger nede er det bra sti og merka gjennom skogen). I tillegg til at skodda seig fort på vart det fleire grader kaldare. Nokre minuttar deretter silregna det. Så no var det berre å kome seg til fjorden igjen fortast mogeleg. Og egentleg er det kjekt å springe våte og myrlendte bakkar ned igjen. Det er berre å sette hælen på fjellskoa i myra og peise på .... 

Super lørdagstur igjen. Kjekt å ha sauene å sjå etter. Så mykje liv elles var det ikkje - eit havørnpar sirklande med skarpe auger, heipiplerker og ramn, men ikkje eit menneske...



torsdag 25. august 2016

Trim i solnedgang

Utsikt frå Toreheia

Mangevatna


Nydeleg trimtur på Toreheia og Skylefjellet i kveld. Blikkstilt i solnedgangen. Ikkje ein lyd. Ikkje eit menneske. Berre eigne hjarteslag. Fantastisk!

onsdag 24. august 2016

"Friluftslivets uke"

Siste solstrålane for dagen på Eitrenipa

Lett duskregn og sol skaper fint kveldslys

Soloppgang i aust ved Blegja


Det nærmar seg årets markering av friluftslivet - "Friluftslivets uke" frå 3-11 september. Det er Norsk Friluftsliv saman med friluftsorganisasjonane som står bak denne årlege markeringa. Fleire stadar rundt om i landet blir det arrangert friluftsaktivitetar i regi av lokale lag. Som før startar veka med #nattinaturen lørdag 3.september. Bli med på natt i naturen! Anten åleine eller saman med andre. Det treng ikkje vere større ekspedisjon enn å overnatte ute i hagen...:-) Meir info her

Blogg i fjor


søndag 21. august 2016

Tracking Holevika Furefjellet Høgeheia Lia Liavika Vågen

Staveneset - Olaf Saltskår sitt rike
Alden og Heggøyna





Dagens selfie med ein geo catch cap på Furefjelelt


Smelvær

Utsikt Høgeheia m.a. med Stongfjorden og Follevåg
Sauen kosar seg på Høgeheia

Grimelia og deler av Svanøy

Lia
Liavika


Liavika

Bær av ymse artar....

Vågen

Sidan det var litt moro i går med den Gps-trackinga, tok eg meg ein tur med den slått på i dag òg. Eg valde meg ut den flotte ruta frå Holevika på Staveneset, ut på Furefjellet, ytste pynten, og gjekk deretter austover via Høgeheia til Lia, Liavika og Vågen. Ein kjempeflott tur dette. Og for moro skuld var lengda 8,81 kilometer på 2 timar 38 minutt....:-)

Eg gjekk oppom alt som var av småtoppar aust over. I tillegg er det ein del myr å trakka i òg, så eg vart god og sveitt i det flotte og varme vèret. Trass i berre bruk av shorts. Ja, så fint og stilt var det at det neppe kan ha vore så mange slike dagar her ute i sommar. Vèrhardt som området ligg heilt ute i havgapet.  

Bilda fortel vil si historie om kor fint her er. Og så mykje er det vel kanskje ikkje å tilføye. Sauene såg iallefall ut til å ha det bra. Båtane tøffa nord/sør der ute i stilla. Mykje piplerker av ymse slag virra opp klare for hausttrekket. Elles var det lite liv å sjå. Fantastisk flott tur - igjen!


lørdag 20. august 2016

Tracking Otterstein Massbu

Fossedalen i gryotta.
Første solstrålane for dagen på Fløyen og Heileberget.
I dag tidleg gjekk eg opp ruta frå Otterstein via Brendeheiknappen til Massbu. Dette for å måle opp avstanden til ei ny skilting. Nøyaktig avstand i kilometer er 7,15. Eg sette også opp eit nytt lite og heilt provisorisk skilt ved Elraki med retning Massbu til ein får laga nye skilt. For ukjende kan tru at merkinga her går til Nipebu. Merkinga og ryddinga frå Brendeheiknappen til skogsvegen vest for Nedre Laukelandsstølen er ikkje ferdig. Ein må innom denne skogsvegen eit stykke for å kome opp til Massbu (Øvre Laukelandsstølen) frå Nedre Laukelandsstølen. 

Eg starta som sagt tidleg. I klårt og fint vèr. Og køyrde heime i frå klokka 05.45. Eg gjekk så frå Ottersteinen klokka 06.11 i følge Gps trackinga på mobilen. Det låg litt meir skodde i Dalsfjorden enn i Stongfjorden. Spesielt innover mot Bygstad. Skodda i Dale forsvann som "dogg for sol" omlag då eg nådde Brendeheiknappen. 


Morgonskodda lettar i Dalsfjorden

Fossedalshengenipa frå tjørna der sagnet seier at sølvbordet frå Fossedalen skal ligge....


No er stien veldig bra frå Elraki til Brendeheiknappen. Godt merke og tilrettelagd for ålmenta. Men det står som sagt att å merke/rydde ned og austover her i frå. I dag tok eg ei litt anna rute enn sist. Meir retning utløpet av Storelva til Laukelandsfossen. Om det var så bra tvilar eg på. Det er for det første brattare ned her enn lia litt lenger nord og i tillegg fleire hamrar. Dessutan ein del trefall. Truleg er det betre der Agnar og eg gjekk i fjor då vi skrådde ned lia (her har vi òg rydda ein del). Dette får vi ta att med det første. Så mykje arbeid er det ikkje om vi går på det ein tre, fire stykker. 

På Massbu var det folk. Det stod to par stavar utanfor hytta... Sidan eg kom her nesten før fuglane hadde stått opp, og det var heilt stilt, rekna eg med folket i hytta sov. Så eg lèt dei få vere i fred. Og tusla meg vidare opp lia mot Nordre Kringla. 

I haust merka eg opp igjen frå Nipebu til Botnatjørna med gode stavar produsert hjå Atle Holsen, så denne biten av ruta frå Massbu til Nipebu er bra. I tillegg merka vi betre Rivedal-Nipebu. Fullt så bra er ikkje merkinga frå Massbu til Botnatjerna. Her bør det gjerast ein liten innsats med målarkosten slik at ein lettare finn rette ruta opp bjørkeskogen. 

Massbu
Avstanden frå Massbu til Nipebu er 8 kilomter. Det er ferdig avmerka på skiltinga begge stadar. Så i staden for å gå ut på Nipebu, ville eg heller gå oppom Nordre og Søndre Kringla for å få "toppkjensla"... 


Flott utsikt frå Nordre Kringla mot vest.
Langevatnet med Nipebu midt i bildet.
Så eg tok med meg toppen på desse fjella, og heller returnerte ned igjen i Øvre Fossedalen. No hadde det òg skya til og bles litt. Godt då å ha ekstra klede i sekken. Ein blir fort kald når fjellvinden tek tak i ein sveitt kropp.. 

I Øvre Fossedalen fekk eg eit kjekt møte med dei nye eigarane. Dei er i full gang med å sette i stand huset som Sofie og Astrid Fossedal åtte i si tid. Det var i heller skrøpeleg forfatning vart det sagt. Det meste av ny kledning og nytt tak er no på plass. At det er fantastisk flott at dette no blir gjort er i grunn berre førebokstaven... Øvre Fossedal har stor kulturhistorisk verdi !


Astrid Fossedal
Sofie Fossedal


Det stod mange hus i Øvre Fossedal i si tid...

Fotoserie Øvre Fossedal

Øvre Fossedal
Vandringa langs Fossedalsvatnet er alltid praktfull. Fotomotiva står i kø. Vatn og spegling er alltid fint. Så òg i dag. Eg tok meg elles nokre store nevar med forfriskande blåbær undervegs. Det var som eleksir for kroppen. 



I Nedre Fossedal såg eg ikkje folk sjølv om det såg ut til at her var folk i helga... Forklaringa fekk eg på Kleivane der eg møtte Tor Øystein med frue. I tillegg stod her to blad Nitter Sømme. Eg slo av ein prat med dei på den flotte utkikksposten mot Dale. 

Nedre Fossedal

Eg er i grunn slutta å tenke så mykje på tid og avstand når eg går tur. Det var verre for nokre år sidan då mykje fokus var på fjelltrimmen og poeng. No tek eg det meir som det kjem. Men sidan eg tok geo trackinga i dag, så var tidsbruken 5 timar 41 minutt, og total avstand 17,32 kilometer. Lunsjpakken min åt eg opp då eg kom heim igjen...:-)

fredag 19. august 2016

Tåkeboge



Det var kjekt å få ta bilder av ein tåkeboge. Dette fenomenet var i grunn nytt for meg.
Men på Toreheia hin dagen (sjå blogginnlegg) dukka dette opp.
Her er tekstkopi frå Meterologisk Institutt


"Tåkebuer dannes på samme måte som regnbuer, men tåkebuer dannes i situasjoner med svært mye mindre dråper i atmosfæren enn når regnbuer dannes. En regndråpe kan ha en diameter på ca. 1 mm mens en tåkedråpe har en gjennomsnittlig diameter på ca. 0,01 mm! De bittesmå tåkedråpene bøyer lyset på en annen måte enn hva de større regndråpene gjør. De små dråpene har andre optiske egenskaper enn regndråpene. De store regndråpene kan sammenliknes med glassprismer, der det hvite sollyset spaltes i forskjellige tydelige farger. Men i tåkedråpene spres lyset på en mye mer "uklar" måte, kalt diffraksjon. Derfor er også tåkebuene nærmest hvite, ikke så fargesprakende som sin fetter regnbuen".

torsdag 18. august 2016

Dødsstilig




Det var nedtur å køyre heim igjen frå arbeid i går. For med strålande vèr i Førde, gledde eg meg til nokre flotte timar på fjellet. Spesielt etter å ha stått i vestveggen på huset kvelden før og malt den nye kledninga med det tredje strøket beis. Men då eg køyrde over Nordheia skjønte eg teikninga. Skodda låg tjukk ut Førdefjorden... Og noko betre såg det ikkje ut då eg kom heim igjen. Skodda låg heilt i fjordyta. Bye bye fjelltur tenkte eg då...

Men etter å ha fått i meg middagen og slappa av eit bèl, vart lysta på å bevege seg for sterk. Eg hadde att 7 raudmalte merkestenger i kjellaren. Dei gjorde lite mòn for seg der dei låg. Eg bestemte meg difor å gå på Toreheia - igjen (sjå tidlegare blogginnlegg om trimpost), og like godt få stavane banka i jorda til hjelp for andre òg i skoddeheimen....

Skodda var så tjukk då eg kom opp på Rinda at eg ikkje såg noko som helst på ein 5-8 meter. Stien er likevel ganske bra oppgådd. Iallefall til forbi hyttene. På snøføre derimot hadde dette verkeleg vorte eit problem - utan merkinga. No står stavane og lyser opp. Og ovanfor hyttene sette eg opp nokre nye av dei eg hadde med meg. For eg såg ikkje "handa føre meg" slik forholda var no. Men eg heldt fram oppover...





Då eg nærma meg hytta til Lasse ved Krikavatnet, var det liksom forholda vart litt lysare. Jaha tenkte eg og nynna på "lei milde ljos"...  Ja, du skal berre sjå tenkte eg då.... Og min santen! Etter nokre minutt såg eg sola på vesthimmelen. Fantaastisk. Euforisk. Eg var som eit fly som letta frå Vestlandet og kom meg til himmels...! Til syden.... Til varmen. Eg og sauene til Reidun Hovden. Dei hadde trekt seg opp i himmelen dei òg. Fredelege som dei låg der eller beita i den varme sola frå vest.  






No har eg vore hundrevis av gonger på Toreheia. Til alle årstider. I alt slags vèr. Men eg må nesten få seie at dette vart ei heilt spesiell oppleving. Ja, ikkje berre spesiell. Den hadde nesten kristelege overtonar... (sjå video her)... Ein tur for minneboka mi!