søndag 31. juli 2016

Kreta sommaren 2016

Solnedgang på stranda i Agia Marina
Første dagane var det litt vind - sidan stilna det av....

Vi såg faktisk nokre skyer ein dag....

Olaug vinkar frå altanen.
Den var liten .... men med havutsikt.
Og den einaste med tak....!
Kanskje fordi dei venta sunnfjordingar?

På Pokemon Go jakt hamna Peter og eg inn på ein kyrkjegard ein kveld med fullmåne...
(Dvs. Peter ville ikkje gå heilt inn...)
Denne opplevinga var ganske spektakulær... (sjå fleire bilder på fil)

Å skulle samanfatte 14 dagar på Kreta er ikkje lett. Så denne bloggen blir berre brotstykke av flotte dagar med sol og varme. Kvar dag! Ei "vøle" med bilder fortel vel meir enn ord om opplevingane vi hadde. For dei som har tid og anledning til å studere desse då. Hovudfila med bilder er nemleg stor. Mogeleg eg deler denne opp i mindre sekvensar etter kvart. Når tid og anledning høver. For dei som føl meg på facebook har eg lagt inn nokre statusar no og då frå dei siste 14 dagane. Men bilda der var med smarttelefon.

Ein tur vi bestemte oss for på førehand i sommar, var vandring i Samaria ravinen. Hvis vi skulle gjort noko annleis på denne turen hadde det vore å brukt litt stivare sko enn vanlege joggesko for asfalt. Spesielt galdt dette Peter som sleit litt med for dårlege sko. Men det er sjølvsagt avgrensa kva ein får med seg på flyet av vekt. Så difor vart skovalet som det vart.


(Tekst held fram under alle bilder)

Samaria Gorge

Vedlikehald må til...

Peter tykte Samaria Gorge var ei flott oppleving...

Turen i seg sjølv var fantastisk. Og svarde absolutt til forventningane. Spesielt kjekt var det at det var såpass overskya første delen. Det gjorde himmelen ganske spektakulær oppe ved det høgste punktet på ca 1200 moh. Elles var naturen med dei bratte fjellsidene, steinane, dalane, dei gamle busetjingane og dei eldgamle trea imponerande. Bilda frå turen vil eg legge som eiga bildefil etter kvart. Du kan lese om ravina på wiki her.


Litt meir stein enn vardane heime....


Bildet tok eg gjennom glasruta på bussen på veg tilbake til Agia Marina

Turen med det Little Train i Agia Marina må òg nemnast. Vi fekk besøke Minousakis Winery. Olaug fekk prøvesmake vin. Deretter lære litt om prosessar og framstilling. Og kva ein skal sjå etter og smake etter av god vin. Peter og eg gjekk heller på Pokèmon Go- jakt i nærområdet, og tok nokre bilder av slikt som turistane ikkje ser. M.a. den opne vinproduksjonshallen....:-)

Avreise med Little Train

Jenta som selde billettar var ei triveleg og informativ jente -
faktisk meir enn ein kan  forvente - det vesle ekstra!

Olaug på vinsmaking

Besøket på Stavropegic Monastery of Chrysopigi var praktfullt. Vi fekk ta del i eit bønemøte. Dessuten vist omkring på klosteret. Klosteret i seg sjølv var nydeleg dekorert. Her produserer dei lokal oliven olje, røykelse, mykje ikonar og mange andre ting. Eg sneik meg til eit par bilder frå utsmykkingane... Også av ho som viste oss rundt!

Olaug måtte draperast før ho slapp inn på klosteret
(det er ikkje lov for damer å kome inn med bare skuldrar)

Interiøret i klosteret var utruleg vakkert

Som seg hør og bør var det òg utsal - ja i eit kloster!
Eg kjøpte med meg spesiallaga olivenolje med motiv frå klosteret....

Sjølvsagt var vi òg ein tur til Chania. Og mange turar til Platanias. Gamlebyen i Chania og fyrtårnet er verdskjende. Den venetianske hamna praktfull. Turisttilstrøyminga om sommaren er enorm. Turistane gjekk i strie straumar langs hamna. Tavernane var overfylte om kveldane. Rolegare var det derimot ute ved fyrtårnet. Her var det mindre med turistar. Sjå bilder.


Det er mange løyndommar som utspelar seg i fyrtårnet i Chania
(p.s. Eg fekk lov til å ta bildet...)


Båtturen vi tok denne sommaren gjekk til Gramvousa og Balos. Stadane har praktfulle strender. Det er ruinar etter ei gamal venetianske borg på toppen av førstnemnde. Eg "sprang" oppom toppen her i varmen og tok nokre bilder. Stranda på Balos var noko for seg sjølv - sjå bilder...!

Balos Beach var fantastisk vakker

Vatnet var lunka...
Artig motiv...


Frå festningen på Gramvousa

Frå Gramvousa med utsikt til Balos Beach

Den mest selsomme opplevinga vi hadde på dette opphaldet, var på ein tur oppe i åsen over Platanias. Brått angreip to kamphundar Olaug og meg i fullt firsprang. Olaug gjekk heldigvis litt bakom meg. Vi trudde vi var på veg ned til byen, men gjekk diverre ved ein feil inn ein grusveg mot ein residens i staden. Medan eg heldt eine hunden unna beit den andre meg i leggen. No gjekk heldigvis dette ganske greitt. Både eg og hundane overlevde. Men eg må seie at eg følte meg både naken og utsett der i berre shortsen mot desse villdyra.... Eg gjekk til doktoren som stod oppført i StarTour brosjyra etter på. Spesielt sidan eg ikkje kan hugse å ha teke sprøyte for stivkrampe nokon gong. Her fekk eg behandling, og skrive ut resept for antibiotika og sprøyte for stivkrampe. På næraste apotek sette deretter Olaug sprøyta på meg. Ho er van med slikt frå legekontoret. Såra er no nærast grodde. I ettertid har eg tenkt noko på at dette kunne gått så mykje, mykje verre. Glad er eg for at det var eg som tok støyten og ikkje fruen... Ho er nemleg livredd hundar!

Etter solnedgang på stranda


Elles gjekk jo dagane på Kreta med til soling og bading. (Det er no mest det ein reiser for når somrane her nord er som dei er). Og så gjekk kveldane med til mykje trakking gatelangs. Anlegget vårt Caldera Village som vi nytta oss av denne gongen ligg på ei høgde over byen. Det vart difor ein del turar opp og ned frå stranda. Spesielt på meg som likar stranda betre enn badebasseng. Heldigvis får eg seie. For dei fantastiske gode middagane, og det enorme utvalet på frukostbordet, har lett for å ha sin pris... Vekta og forma har eg difor klart og halde vedlike i år. Tilfredsstillande iallefall. Og betre enn før om åra. Dovne dagar med mykje god mat legg seg fort over magen. Det var ikkje få menneske langs strender og badebasseng som såg ut til å nyte altfor godt av slikt elles i året òg... 

Gorgona Beach i Agia Marina

ds

Matkart vart hyppig studert


Caldera Village ligg på ei høgde over Agia Marina med fin utsikt

Barnebassenget

Dette blogginnegget får halde i denne omgang. Godt å vere heime igjen er det iallefall. Til frodige landskap. Som nok diverre har sin pris det òg... Regn! Og snart er det slaps og kulde. Ein skulle nesten ikkje tru det var så stor skilnad på klimaet her på den vesle jorda vår. Frå brunsvidde fjellsider til grøn jungel...

Ein liten time til bussen tek oss til flyplassen for heimreise -
takk for denne gong!

Nei, når eg blir stor skal eg flytte til ei sydhavsøy om vinteren. Der skal eg nyte bøker, piker, vin og sang. Til utsikta mot det blå havet frå ei stråhytte. Iallefall halve året. Trur slikt er godt for helsa eg. Men internett må eg ha. Det er alltid kjekt å skrive litt òg...:-) Men i dag skal eg plukke fram igjen den gamle gode LP`en min "Get your dog off me" med Beggars Opera frå 1973...:-) Hugsar du den Sillan?





Ingen kommentarer: