lørdag 2. juli 2016

Askvoll hills


Nordeide

Eidsfjorden










I dag tok eg med meg fiskestonga for ein tur til Fismavatnet. Så eg gjekk tidleg frå Nordeide til Fisma, og opp skaret til vatnet her i frå. 


Noko gjengrodd er her. Spesielt opp skaret. Får nesten ei slags kjensle av jungel på veg opp på heia her i frå. Irrande grønt med sitlande vatn. Høgt ormegras. Tre og greiner. Både levande og halvrotne. Ekte natur med andre ord. Utan menneskleg påverknad. Eg gjekk ein god del her for nokre år sidan då Jamneheiane var trimpost. Nokre av vardane står igjen. Men no er det tydlegvis berre hjorten som går her. Og ein og annan gongen underteikna.. . 



Om nokon går til Fismavatnet så brukar dei oftast den lange Askdalen nordover frå Askvoll. Området langs vatnet har vore brukt ein del til overnattingsturar for elevane på skulen. 

Vèret i dag var heilt fint for ein fisketur. Søraust bris og opplett. Og nokolunde bra temperatur. Men å stå delvis i ro i vinden ved eit fjellvatn krevst bra med klede. Iallefall når du har gått deg skikkeleg sveitt! Så eg hadde pakke med meg eit ekstra lag klede, både til byte og anna, for ikkje å bli iskald. 

Eg fekk meg nokre flotte fjellkjø. Men eg gav meg når eg hadde fått med meg ein middag heim. Det er aldri verdt å vere for grådig heller. Tyngje sekken gjer slikt òg... 


No ville eg ikkje gå ned att same vegen. Eg bestemte meg difor å gå oppom nokre toppar på veg sørover igjen. Eg gjekk såleis oppom Jamneheiane først. Deretter tok eg stien sørover og opp lia. På toppen her gjekk eg så opp til Steinheia. Frå Jamneheiane og Steinheia er det flott utsikt mot vest - til Alden, Atløyna, Heggøyna, Smelværet og til Staveneset. Mot nord ser ein mot Florø og øyane her. Ja, eg ser jamvel heim igjen til Yndestad og til Toreheia òg...


Jamneheiane

Frå Steinheia

Utsikt frå Steinheia
Turen gjekk så vidare sørover høgdedraga til Kultingane. Her er det fin utsikt til Askvoll. Nedstigninga mot aust til Nordeide gjekk eg ned heile fjellsida og til skaret på sørsida av Smettet. Dette skaret nytta eg mykje då Kultingane var fjelltrimpost for nokre år sidan. Skaret her er på langt nær så gjengrodd som det andre ved Fisma, og ganske greitt å ta seg ned. Det er gode hjortetrakk i dette skaret. 

Utsikt sørover frå Steinheia.
Fristadfjellet og Blåfjellet t.h.
Askdalen i midten.


Utsikt frå Kultingane mot aust.
Dalsfjorden bakest.
Søreide t.v. og Ringstad i midten.

På dette oversiktsbildet frå ruta til Kalderasnipene, og opp frå Eidsfjorden, ser ein skaret opp ved Fisma til høgre.
På motsett side (delvis i skugge) ser ein skaret ned m.a. frå Kultingane.
Blåfjellet 533 moh stikk opp bak Kultingane med Alden bakerst.
Steinheia 524 moh er det høgste fjellet t.h. med snøflekk på. Jamneheiane ligg framfor Steinheia
Blåfjellet og Steinheia er dei to høgste fjella på Askvoll-halvøya.
Foto 8.mai i år. 


Nydeleg tur, inklusiv ein god søndagsmiddag på vent i kjøleskåpet....:-)



Ingen kommentarer: