søndag 31. juli 2016

Jentemøte...

Fjellkyr (!) på beite ved Svartevatnet er flotte greier....
Dei trivst sikkert like godt her som eg!
(mobilfoto)

Ikkje akkurat Kreta ved Krikavatna og Mangevatna i dag...

Eg måtte berre ha meg ein rask tur på Toreheia i ettermiddag. Eg la ned så mykje arbeid med det forrige blogginnlegget mitt at eg var reint susen i hovudet og trengde luft....! Eg kan iallefall rapportere om ein ting - ingen hundar...! Men regn, skodde og neglesprett (kanskje ikkje så rart etter 14 dagars grilling)! 

Eg traff faktisk ei blid og triveleg jente frå Svanøya på toppen. Hadde nettopp flytta heim. Ho kom opp nærast i same andedrag som mitt. Jenta hadde teke båten frå Svanøya til Stavestranda og gått opp der i frå. Hyggeleg bekjentskap. Artig det kor opnare vi menneske er når vi går tur på fjellet.... 

Elles var det flott å kjenne kor godt kroppen fungerte etter relativt late dagar på Kreta med cola, chips, kaker og snop...:-)

Kreta sommaren 2016

Solnedgang på stranda i Agia Marina
Første dagane var det litt vind - sidan stilna det av....

Vi såg faktisk nokre skyer ein dag....

Olaug vinkar frå altanen.
Den var liten .... men med havutsikt.
Og den einaste med tak....!
Kanskje fordi dei venta sunnfjordingar?

På Pokemon Go jakt hamna Peter og eg inn på ein kyrkjegard ein kveld med fullmåne...
(Dvs. Peter ville ikkje gå heilt inn...)
Denne opplevinga var ganske spektakulær... (sjå fleire bilder på fil)

Å skulle samanfatte 14 dagar på Kreta er ikkje lett. Så denne bloggen blir berre brotstykke av flotte dagar med sol og varme. Kvar dag! Ei "vøle" med bilder fortel vel meir enn ord om opplevingane vi hadde. For dei som har tid og anledning til å studere desse då. Hovudfila med bilder er nemleg stor. Mogeleg eg deler denne opp i mindre sekvensar etter kvart. Når tid og anledning høver. For dei som føl meg på facebook har eg lagt inn nokre statusar no og då frå dei siste 14 dagane. Men bilda der var med smarttelefon.

Ein tur vi bestemte oss for på førehand i sommar, var vandring i Samaria ravinen. Hvis vi skulle gjort noko annleis på denne turen hadde det vore å brukt litt stivare sko enn vanlege joggesko for asfalt. Spesielt galdt dette Peter som sleit litt med for dårlege sko. Men det er sjølvsagt avgrensa kva ein får med seg på flyet av vekt. Så difor vart skovalet som det vart.


(Tekst held fram under alle bilder)

Samaria Gorge

Vedlikehald må til...

Peter tykte Samaria Gorge var ei flott oppleving...

Turen i seg sjølv var fantastisk. Og svarde absolutt til forventningane. Spesielt kjekt var det at det var såpass overskya første delen. Det gjorde himmelen ganske spektakulær oppe ved det høgste punktet på ca 1200 moh. Elles var naturen med dei bratte fjellsidene, steinane, dalane, dei gamle busetjingane og dei eldgamle trea imponerande. Bilda frå turen vil eg legge som eiga bildefil etter kvart. Du kan lese om ravina på wiki her.


Litt meir stein enn vardane heime....


Bildet tok eg gjennom glasruta på bussen på veg tilbake til Agia Marina

Turen med det Little Train i Agia Marina må òg nemnast. Vi fekk besøke Minousakis Winery. Olaug fekk prøvesmake vin. Deretter lære litt om prosessar og framstilling. Og kva ein skal sjå etter og smake etter av god vin. Peter og eg gjekk heller på Pokèmon Go- jakt i nærområdet, og tok nokre bilder av slikt som turistane ikkje ser. M.a. den opne vinproduksjonshallen....:-)

Avreise med Little Train

Jenta som selde billettar var ei triveleg og informativ jente -
faktisk meir enn ein kan  forvente - det vesle ekstra!

Olaug på vinsmaking

Besøket på Stavropegic Monastery of Chrysopigi var praktfullt. Vi fekk ta del i eit bønemøte. Dessuten vist omkring på klosteret. Klosteret i seg sjølv var nydeleg dekorert. Her produserer dei lokal oliven olje, røykelse, mykje ikonar og mange andre ting. Eg sneik meg til eit par bilder frå utsmykkingane... Også av ho som viste oss rundt!

Olaug måtte draperast før ho slapp inn på klosteret
(det er ikkje lov for damer å kome inn med bare skuldrar)

Interiøret i klosteret var utruleg vakkert

Som seg hør og bør var det òg utsal - ja i eit kloster!
Eg kjøpte med meg spesiallaga olivenolje med motiv frå klosteret....

Sjølvsagt var vi òg ein tur til Chania. Og mange turar til Platanias. Gamlebyen i Chania og fyrtårnet er verdskjende. Den venetianske hamna praktfull. Turisttilstrøyminga om sommaren er enorm. Turistane gjekk i strie straumar langs hamna. Tavernane var overfylte om kveldane. Rolegare var det derimot ute ved fyrtårnet. Her var det mindre med turistar. Sjå bilder.


Det er mange løyndommar som utspelar seg i fyrtårnet i Chania
(p.s. Eg fekk lov til å ta bildet...)


Båtturen vi tok denne sommaren gjekk til Gramvousa og Balos. Stadane har praktfulle strender. Det er ruinar etter ei gamal venetianske borg på toppen av førstnemnde. Eg "sprang" oppom toppen her i varmen og tok nokre bilder. Stranda på Balos var noko for seg sjølv - sjå bilder...!

Balos Beach var fantastisk vakker

Vatnet var lunka...
Artig motiv...


Frå festningen på Gramvousa

Frå Gramvousa med utsikt til Balos Beach

Den mest selsomme opplevinga vi hadde på dette opphaldet, var på ein tur oppe i åsen over Platanias. Brått angreip to kamphundar Olaug og meg i fullt firsprang. Olaug gjekk heldigvis litt bakom meg. Vi trudde vi var på veg ned til byen, men gjekk diverre ved ein feil inn ein grusveg mot ein residens i staden. Medan eg heldt eine hunden unna beit den andre meg i leggen. No gjekk heldigvis dette ganske greitt. Både eg og hundane overlevde. Men eg må seie at eg følte meg både naken og utsett der i berre shortsen mot desse villdyra.... Eg gjekk til doktoren som stod oppført i StarTour brosjyra etter på. Spesielt sidan eg ikkje kan hugse å ha teke sprøyte for stivkrampe nokon gong. Her fekk eg behandling, og skrive ut resept for antibiotika og sprøyte for stivkrampe. På næraste apotek sette deretter Olaug sprøyta på meg. Ho er van med slikt frå legekontoret. Såra er no nærast grodde. I ettertid har eg tenkt noko på at dette kunne gått så mykje, mykje verre. Glad er eg for at det var eg som tok støyten og ikkje fruen... Ho er nemleg livredd hundar!

Etter solnedgang på stranda


Elles gjekk jo dagane på Kreta med til soling og bading. (Det er no mest det ein reiser for når somrane her nord er som dei er). Og så gjekk kveldane med til mykje trakking gatelangs. Anlegget vårt Caldera Village som vi nytta oss av denne gongen ligg på ei høgde over byen. Det vart difor ein del turar opp og ned frå stranda. Spesielt på meg som likar stranda betre enn badebasseng. Heldigvis får eg seie. For dei fantastiske gode middagane, og det enorme utvalet på frukostbordet, har lett for å ha sin pris... Vekta og forma har eg difor klart og halde vedlike i år. Tilfredsstillande iallefall. Og betre enn før om åra. Dovne dagar med mykje god mat legg seg fort over magen. Det var ikkje få menneske langs strender og badebasseng som såg ut til å nyte altfor godt av slikt elles i året òg... 

Gorgona Beach i Agia Marina

ds

Matkart vart hyppig studert


Caldera Village ligg på ei høgde over Agia Marina med fin utsikt

Barnebassenget

Dette blogginnegget får halde i denne omgang. Godt å vere heime igjen er det iallefall. Til frodige landskap. Som nok diverre har sin pris det òg... Regn! Og snart er det slaps og kulde. Ein skulle nesten ikkje tru det var så stor skilnad på klimaet her på den vesle jorda vår. Frå brunsvidde fjellsider til grøn jungel...

Ein liten time til bussen tek oss til flyplassen for heimreise -
takk for denne gong!

Nei, når eg blir stor skal eg flytte til ei sydhavsøy om vinteren. Der skal eg nyte bøker, piker, vin og sang. Til utsikta mot det blå havet frå ei stråhytte. Iallefall halve året. Trur slikt er godt for helsa eg. Men internett må eg ha. Det er alltid kjekt å skrive litt òg...:-) Men i dag skal eg plukke fram igjen den gamle gode LP`en min "Get your dog off me" med Beggars Opera frå 1973...:-) Hugsar du den Sillan?





torsdag 14. juli 2016

Time to go south...



Alle foto Star Tour si heimeside

I år har vi valt å ta turen til Agia Marina på Kreta og hotellet Caldera Village. Avreise frå Bergen i morgon. Alt er klappa og klart, så no skal det bli godt med sol og sommar, og null blaute sko i 14 dagar. Herleg. Det blir såleis minimalt med oppdateringar dei neste to vekene på bloggen her, LysandeStemningar, Mountains in Askvoll og Fossedalen - i grøne far. Bloggar og facebook sider som eg har. Så med det vil eg ynskje alle ein god sommar.  

mandag 11. juli 2016

Blaute sko

Svartetjørna

Botnastølsvatnet er vakkert når det er fullt...

Deler av første feriedagen min gjekk med til nokre timar i og rundt Svedalen. Inkludert fisking i Svædvatnet og Svartetjørna. Men i motsetnad til i går var fisken av det mindre slaget. Så den drog eg ikkje med meg heim att. 


Hytta ved Botnastølsvatnet
Elles var det kome inn to sauer og seks lam i vèrebeitet i Svelia. Les du dette Arve Arstein så stemmer talet med vèrar du nemnde. Så dei er der iallefall. 

Diverre vart eg kliss blaut på føtene i dag òg. Både paret i går og det i dag er såleis kasserte. Eg har smurt dei inn etter alle kunstens reglar, men med den væte som er i gras og vegetasjon no held dei ikkje mål. Alt har si tid. Også sko og tal impregneringar. Det er som med nye fjellklede - dei blir aldri så tette ved reimregnering som når dei er nye, same kva du gjer med dei..... 


søndag 10. juli 2016

Strevsam fjellkjø

Fint på altanen kl 04.15...

På høgdedraget aust for Leknesvatna
I dag tok eg turen frå Rørvika til Høgefjellet og ein fisketur i Bjørnastigvatnet. Fin fisk, men vanskeleg å få. Og endå vansklegare å gå. Mykje sva og hamrar som går bratt i vatnet. Dessutan tilgrodd der det er mogeleg å ta seg fram. Så om eg skal anbefale dette for "gud og kvar mann" tvilar eg på. Så kjøa i dag sat langt inne. Men fantastisk flott er ho då....:-) Smellfeit og raud i kjøtet.

Returen til folk att tok eg vest til Leknesvatna og Skjerlia. Som den kjekke fru eg har her i heimen, kom Olaug og henta meg. Eg sat forresten på med ho til Rørvika òg, då skyssen i dag tidleg gjekk med Ingrid Anita til Førde. Ho skulle ta morgonbussen til Bergen. 

Flott, men strevsam tur. Fjellkjø av ein viss storleik er ikkje det enklaste ein balar med...:-)

Kjøa i dag var skikkeleg fin....


torsdag 7. juli 2016

Blåfjellssåta



I dag er vi på Blåfjellssåta i Holmedal. Fjellet ligg mellom Bakkefjellet og Blåfjellet. Toppen er ein pinakkel. Og når du ser han på avstand, m.a. frå Dale, så ser det ut som han står midt på Bakkefjellet. Mange veit difor ikkje at dette er to fjell, men trur begge er Bakkefjellet.

Det er flott utsikt frå Blåfjellssåta. Omlag den same som frå Bakkefjellet. M.a. inn Dalsfjorden og Flekkefjorden. Men i motsetnad til Bakkefjellet så ser du ned på Bogestølen og Bakkestølen og bort på Hålandsstølen. Ein ser dessutan opp Fagredalen og til Dokka, Moldura og mot Svarthamrane og Hekkelfjellet i nord. Mot aust ser vi alle dei vanlege fjella i den retningen. Det næraste er Smørskornova og Rivedalskletten.Bogetjørna ligg rett nedom. Langevatnet aust om.
Blåfjellssåta er ein fin topp å klatre opp på når ein likevel går den vanlege vegen frå vassverket til Bakkefjellet. Blåfjellet kan også takast med "i same snuren"... Ein kan sjølvsagt halde fram turen til Hekkelfjellet eller austover òg. Alt etter som. Men nedturen til vassverket, kan ein ta i skaret mellom Blåfjellet og Blåfjellssåta til Bogestølen. Det er god sti frå stølen til vassverket.
Bakkefjellet, Blåfjellssåta og Blåfjellet er gode alternativ til tur i Holmedal. Til liks med Dokka og Moldura ‪#‎mountainsinaskvoll‬ 

onsdag 6. juli 2016

Sælebot i fjellet

Sissel Hestad, Viola Barwitzki og Olaug Søreide

Det er liten tvil om at friluftsliv og fjellrangling er godt for helsa. Både fysisk og psykisk. Ved å halde seg i form forlenger ein livet.
Når det gjeld å nytte fjellet som middel for folkehelsa, er dette godt dokumentert. Korleis ein legg opp turane sine er sjølvsagt individuelt. Nokon likar arrangerte turar der mange går i lag. For sikkerheit og sosialisering. Andre blir trigga av poeng og beste tider på toppane. Enkelte søkjer fred og fridom i einsemd. Gjerne i filosoferingens teikn. Det er vel heller ingen løyndom at fjellet kan verke som regulator og botemiddel mot ein stressande kvardag. Fjellet har dessutan vist seg å vere utmerka medisin mot rus.
Ein av dei mest nytta klisjèane vi har er "Ut på tur aldri sur". Eg traff desse damene på Stordalsfjellet. Dei kan vere eit godt vitneprov for akkurat det.

søndag 3. juli 2016

Fjellkjø

  

Eg tok livet heilt med ro i dag tidleg. Ja, løyste x-ord og kvilte frukost. Å kvile frukost er ein undervurdert tilstand....

Men turen i går gav i grunn meirsmak. Så rundt lunsjtider tok eg med meg fisketroa og gjekk opp i eit anna fjellvatn enn i går. Så då vart det eit par middagar i dag òg. 

Det er likevel eit aber med alt her på jord. Nesten iallefall... Aberet er at Olaug åt seg lei på fjellkjø for mange år sidan. Kjøa stod nok litt for ofte på menyen. Ein gong var ho vekke på kurs på eit flott hotell, og så stod det jammen meg fjellkjø på menyen der òg om kvelden. Skuffa kunne ho konstatere at det ikkje vart den middagen ho hadde gledd seg til.... 

No et heller ikkje Peter kjø. Men eg simpelthen elskar det. Både å fiske og ete ho. Ja, ja det er ikkje enkelt her på jord. Problema lagar ein seg som oftast sjølv.... Eg får heller kose meg med kjøa ein gong åleine. 

lørdag 2. juli 2016

Askvoll hills


Nordeide

Eidsfjorden










I dag tok eg med meg fiskestonga for ein tur til Fismavatnet. Så eg gjekk tidleg frå Nordeide til Fisma, og opp skaret til vatnet her i frå. 


Noko gjengrodd er her. Spesielt opp skaret. Får nesten ei slags kjensle av jungel på veg opp på heia her i frå. Irrande grønt med sitlande vatn. Høgt ormegras. Tre og greiner. Både levande og halvrotne. Ekte natur med andre ord. Utan menneskleg påverknad. Eg gjekk ein god del her for nokre år sidan då Jamneheiane var trimpost. Nokre av vardane står igjen. Men no er det tydlegvis berre hjorten som går her. Og ein og annan gongen underteikna.. . 



Om nokon går til Fismavatnet så brukar dei oftast den lange Askdalen nordover frå Askvoll. Området langs vatnet har vore brukt ein del til overnattingsturar for elevane på skulen. 

Vèret i dag var heilt fint for ein fisketur. Søraust bris og opplett. Og nokolunde bra temperatur. Men å stå delvis i ro i vinden ved eit fjellvatn krevst bra med klede. Iallefall når du har gått deg skikkeleg sveitt! Så eg hadde pakke med meg eit ekstra lag klede, både til byte og anna, for ikkje å bli iskald. 

Eg fekk meg nokre flotte fjellkjø. Men eg gav meg når eg hadde fått med meg ein middag heim. Det er aldri verdt å vere for grådig heller. Tyngje sekken gjer slikt òg... 


No ville eg ikkje gå ned att same vegen. Eg bestemte meg difor å gå oppom nokre toppar på veg sørover igjen. Eg gjekk såleis oppom Jamneheiane først. Deretter tok eg stien sørover og opp lia. På toppen her gjekk eg så opp til Steinheia. Frå Jamneheiane og Steinheia er det flott utsikt mot vest - til Alden, Atløyna, Heggøyna, Smelværet og til Staveneset. Mot nord ser ein mot Florø og øyane her. Ja, eg ser jamvel heim igjen til Yndestad og til Toreheia òg...


Jamneheiane

Frå Steinheia

Utsikt frå Steinheia
Turen gjekk så vidare sørover høgdedraga til Kultingane. Her er det fin utsikt til Askvoll. Nedstigninga mot aust til Nordeide gjekk eg ned heile fjellsida og til skaret på sørsida av Smettet. Dette skaret nytta eg mykje då Kultingane var fjelltrimpost for nokre år sidan. Skaret her er på langt nær så gjengrodd som det andre ved Fisma, og ganske greitt å ta seg ned. Det er gode hjortetrakk i dette skaret. 

Utsikt sørover frå Steinheia.
Fristadfjellet og Blåfjellet t.h.
Askdalen i midten.


Utsikt frå Kultingane mot aust.
Dalsfjorden bakest.
Søreide t.v. og Ringstad i midten.

På dette oversiktsbildet frå ruta til Kalderasnipene, og opp frå Eidsfjorden, ser ein skaret opp ved Fisma til høgre.
På motsett side (delvis i skugge) ser ein skaret ned m.a. frå Kultingane.
Blåfjellet 533 moh stikk opp bak Kultingane med Alden bakerst.
Steinheia 524 moh er det høgste fjellet t.h. med snøflekk på. Jamneheiane ligg framfor Steinheia
Blåfjellet og Steinheia er dei to høgste fjella på Askvoll-halvøya.
Foto 8.mai i år. 


Nydeleg tur, inklusiv ein god søndagsmiddag på vent i kjøleskåpet....:-)