søndag 12. juni 2016

Herleg familietur til Fossedalen

Kartet må studerast før avgang...

Ein har fått mykje skryt
for den sklisikre trappa
Tora i Fossevikja

Tora på Kleivane
Tiril på Kleivane

Og litt drikke må til
Fossedalselva er usedvanleg lita no

Nedre Fossedal

Vassenden på Fossedalsvatnet med Eitrenipa N&S Kringla
Øvre Fossedal t.v.

Vatnet var visst varmt
men ikkje alle bada for det...

Hund treng og mat
Ei flott stund

Hund ventar på leverpostei..

Hund (eller dame) treng kos

Posering 1
Posering 2

for ikkje å seie 3!

Ein liten selfie for dagen
Bak fossen

Olina trivst betre i småpyttane...

Tiril òg....

Mann med hund
Tiril med dusj frå Fossedalsfossen

Fossevikja


Olina har vore i Fossedalen for
første gong...


Saman med Olaug og Peter, Håvard, og barnebarna til Olaug, Tora, Tiril og Olina, gjekk vi oss ein flott tur frå Otterstein til Nedre Fossedalen i går. Deretter gjekk vi opp til vassenden på Fossedalsvatnet. Der bada ungane. Og nista vart innteken saman med mykje anna godt frå sekkane. Ei stund seinare var vi ned under Fossedalsfossen. 

Eg har vore mange gonger i Fossedalen opp gjennom åra. Men eg kan ikkje minnast å ha sett fossen så liten nokon gong som i går. Det forstod eg sjølvsagt då eg såg kor lita elva var nede ved Kleivane på veg oppover. For det har kome veldig lite nedbør i det siste. Og vassdraget endrar seg fort slik sett. Men for ungane sin del var dette berre av det gode. Dei er små og kunne spankulere på dei nakne berga og vasse i småpyttane. Ja, bak fossen gjekk det an å kome seg òg...

Ei herleg og avslappande stund. Og veldig greitt for min del etter den relativt lange turen i går. For ungane sin del kunne neppe dagen ha blitt betre.... Flott at dei små kan få eit forhold til den nydelege Fossedalen. Området som vart lettare tilgjengeleg etter at vi la til rette for den nye stien frå Dalsfjordbrua. Elles fortel vel bilda sitt...


Ingen kommentarer: