onsdag 1. juni 2016

Dei gamle i Myrane

Myrane ved Oslandsvatnet i 1918

(Alle gamle foto Paul Stang. Henta frå Fylkesarkivet)

Anne Kirstine Larsdotter hadde
som livrett sterk kaffi og god
røyk på kritpipa.
Ho døydde i 1922, 91 år gamal

Jakob Osland var boresmed på dam-
anlegget ved Stangsvatnet då
aluminiumsfabr. tok til i 1906

Lars Gundersen Stavestrand
(Stranda Lars)
Sjå tekst.


Frå folketeljinga i 1910 for Kinn herred kan ein lese at det budde 4 personar i Myrane, Gnr. 111 bnr. 1. på sørsida av Oslandsvatnet. Dette var:

Jakob Andreassen Osland f 1504-1840 yrke. Jordbrugsarbeide og Kreaturstell
Maren Gundersen Osland f 2402-1836 Sengeligende sygeli
Anne Kirstine Larsdotter Oslandsbotten 2907-1829 lidt Husholdning offentlig understøttet
Lars Gundersen Stavestrand f 0305-1849 lit Jordbrugsarbeide

På dei to gardane på Osland budde det 14 personar. På Lien ved Vågeskardet 4 personar. Og i Oslandsbotten 5 personar. I alt 27 vaksne. Ein kan ikkje lese ut frå digitale data kor mange born som budde her, men i følge eit anslag budde det såleis ein stad mellom 50-60 personar. I dag er her ingen fastbuande. Men garden på Osland blir halde fint i hevd. Her har ein både geiter og hestar. 

Utsikt til Osland frå stranda ved Myrane i går

Eg har vandra mange gonger langs Stongsvatnet og Oslandsvatnet. Og restane av husmanssplassen i Myrane har interessert meg. Den fortel ei historie. Ei historie som eg synest er vel verdt å ta med seg. For det er faktisk ikkje meir enn 100 år sidan det budde og levde folk her under totalt forskjellige kår om ein samanliknar med i dag. Dette kan igjen gje tankar om korleis ein vil leve om 100 år igjen - frå i dag av... 

Myrane i går

Den gamle stova i Myrane

Det er særleg Lars Stavestrand, kalla Stranda Lars, eg tenkjer på. Han må ha vore ein særskild person. Han var fødd på Stavestranda i 1849. Faren Gunder Stavestrand var lærar på Askrova og klokkar til Svanøy kyrkje. Han var vide kjend som ein flink songar. Bror til Lars, Ananias, var telegrafist, og var på Skorpa i dei store sildeåra. Lars fungerte då som telegrafbod. Lars arbeidde òg i Grimelid gruver og sidan Viksnes Kobberverk. Etter arbeid både her og der slo han seg ned i Myrane der søstera levde. 

Her i den vesle stova var det trangt om plassen.


Lars fekk difor ha loftsrommet. 


På loftsrommet var det så trangt under taket at han ikkje kunne stå oppreist. Varmen fekk han frå stova gjennom ei luke i golvet. Maten heldt han seg for det meste med sjølv. 

Av natur var han smålåten, stillfarande og nøysam, men ein herda kar. Berrføtt gjekk han frå tidleg vår til seine haust. 

Her sit Stranda-Lars berrføtt -
legg merke til nevane og vèlslitne klede

Når nokon skulle ha hjelp til tungarbeid vart det alltid sendt bod på Lars. Og om haustane følgde han treskjemaskina frå gard til gard. 

Lars sleit og bar mykje ved frå vedaskogen. Også kvistbører til sopelimar. Desse gav ein vekk i byte for mat.


Ein dag kom han ned til bygda og fortalde at det hadde skjedd ei ulukke oppe i dalen. Kva var så dette ville folk vite? 

"Eg kom ovafrå stølsdalen dragande med ein bjørkestrongje, somme tide bar eg somme tide drog eg. Då eg skulde hive strongjen yve garden rykte togenden - so eg bar i kjefta - til og drog ut to tenner på meg". 

Ein vinter Lars skulle til bygda med ei bør gjekk han gjennom isen på Stongsvatnet då han korta vegen over vika i sørenden. Då heldt han på å drukne. Men etter ein dramatisk kamp slo han seg gjennom isen og kom seg til lands. 

Med omsyn til klokskapen så var det mange som tok feil av Lars og trudde han verken kunne lese eller skrive. Såleis hadde han eit arbeid på fabrikkanlegget og bere varer til fjells. Då han kom på kontoret for å kvittere for pengane lurte kontoristen på om han kunne skrive. Men då Lars kvitterte såg dei på han og undra seg over den fine handskrifta hans. 

Bokleg stoff var det lite av på Plassen. Men andaktsbøker og salmebøker hadde dei. Ei bok som Lars tykte om var Berte Kanutte Årflot si bok "Sanger og Salmer". Bladet "Vestlandsposten" hadde dei òg. 

Det er ikkje veg hit i Myrane. På vinterstid var det såleis ikkje alltid like lett å kome seg til folk. Mest omgang hadde dei med menneska i Oslandsbotten og på Osland, der ein fekk bytt til seg noko kvitt til kaffien.  Det er fortalt at ei jul ein kar frå Stongfjorden skulle sjå til dei, bar det opp til nordvest-kuling med snø og hagl, så karen måtte utsette turen til 2. juledag. Då han kom opp til Myrane, sette dei fram steikte geiteribbar til han. Litt etter kjem Lars ned frå loftet og tek til å bale med noko borte ved ovnen. "Kva er det du står og balar med spurde mannen. 

"Å eg står å tina på ein frosen grautabite, han er så hard at tolekniven står ikkje i han"

Det var maisgraut han tinte på, som han hadde kokt for fleire dagar sidan... 

Dei siste åra Lars levde budde han på Osland. Her døydde han 6. juli 1937, 88 år gamal.  

Når eg stundom set meg ned på ein av dei gamle steingardane her oppe i Myrane, tenkjer eg ofte på livet og folket som budde her. Det gir meg refleksjonar over eige liv. 


Utsikt mot Oslandsbotten frå Myrane i går

Den gamle stova der det i si tid budde 5 gamle menneske (1906)

Eigne dikt frå Myrane

Stranda-Lars

Ein kròken rygg






Kjelde: Anton Stang Jul i Sunnfjord 1961



Ingen kommentarer: