lørdag 25. juni 2016

Jonsoknatt under hammaren

Ved Krokavatnet ser vi Eitrenipa



Videosnutt: 

Vassenden av Fossedalsvatnet med særs lite vatn no


Eg tok turen til Svartetjerna ovanfor Krokavatnet, og til hammaren her for ein overnattingstur i natt. Etter jobb stod sekken klar heime, og eg fekk Olaug til å køyre meg i Skjerlia. 

Etter at det hadde vore opplett og ganske fint heile dagen, kom det nokre dråpar regn då vi skulle til å køyre. Eg var kjapp å skifte frå shorts til Rab-klede. Det viste seg å vere heilt rett. Det dropla såvidt det var på turen frå Skjerlia og opp til Krokavatnet, og vidare langs det kuperte landskapet på vestsida av vatnet til Svartetjerna. 

Det er egentleg 3 store og gode hamrar å overnatte under her oppe. Ein rett nord og ein rett sør for Svartetjerna. Men eg valde den næraste ved vatnet, så eg fekk fiske litt nær leiren. Fisket var det så som så med. Det vart berre nokre pinnar. Ganske fine å steike. Men dette "gadd" eg ikkje i kveld. Så dei fekk behalde livet. "Catch and release" heiter det visst. 





Eg sanka deretter i hop noko ròteved og einer og laga meg eit bål til maten. Så hoppa eg i soveposen og naut freden. Ikkje ein lyd. Ingenting. Berre meg og hjarteslaga. Eg sovna fort. I berre boxaren. Heitt og godt på soltørka gras og eit godt liggeunderlag. Soveposen var nesten for varm. Og over hovudet hadde eg verdas mest solide tak....  


Det hadde nok regna noko i løpet av natta. For då eg vakna var det tjukk skodde og skikkeleg vått i graset utom hammaren. Dette var i 06-tida - som vanleg. Eg fekk i meg ein god frukost - i soveposen, og snudde meg berre igjen og sovna igjen etter litt. I påvente av at skodda letta....


Ein time seinare var skodda like tjukk. Så eg pakka sekken og gjekk sør til Krokavatnet. No er det ikkje allverda med sti dette stykket. Men bruk for noko "teknisk hjelp" hadde eg ikkje. Eg gjekk rett ned til hammaren midt mellom Krokavatnet og Svartetjerna, og deretter lett ned til kloppa på Krokavatnet. 

At det er lite vatn her oppe no viste seg til gagns ned mot Øvre Fossedalen. Eg har aldri sett elva som renn frå Krokavatnet til Fossedalsvatnet så lita. Ja, eg stod midt ute i "elva" og tok bilde ned mot Øvre. 


I dag gjekk eg vestsida av Fossedalsvatnet igjen. I det siste har eg gått denne vegen. Det vanlege er å gå på austsida. Men her på vestsida er det skikkeleg flott utsikt til Øvre heile vegen til vassenden mot Nedre. Så utruleg kjekt å gå langs eit av dei få vassdraga som ikkje er regulerte i Askvoll. Fossedalsvatnet er ein nytelse. 


Som vanleg tok eg eit par bilder ved vassenden òg. Elva er så lita her òg no at eg berre vasse over ho og tok stien ned i Nedre. Og i Nedre Fossedalen hadde ein slege heile innmarka - som vanleg. Fantastisk flott å sjå at ein ser verdien i dette. Hadde ein ikkje gjort så, hadde heile den store bøen vore gjengrodd. 


Deretter gjekk eg til fjorden. På den nye stien frå Vikja til Otterstein traff eg Linda Hovland og Per Ove Stenseth. På veg til Dalsstølen. Vi slo av ein prat oppe i Kleivane. 

Det svarar seg å vere gift med eit skapleg kvinnfolk. Ho kan eg ikkje få skrytt nok av. Frå besøk Vårdal kom ho nemleg og hente meg på Otterstein. Alternativet var sjølvsagt å reise heim til moderen i Dale, men sidan tilstanden min var trøtt (les tung sekk), våt, skiten og sveitt, så var eg egentleg ikkje noko å dra i hus. Dusj, mat og drikke var det mest fornuftige.  Flott tur sjølv om vèret ikkje var det beste...

fredag 24. juni 2016

Bixit


Ja, ja verda får no gå sin gang. Det gjer ho no med eller utan meg. 
Sekken er pakka og klar. To fiskestenger og ein butt med makk òg...
På vedlagde bilde veit eg om tre superbe hamrar å ligg under om 
helvetes lyn og torden skulle bryte laus. 

Eg skal tenne meg eit lite bål, ta meg ein Bixit, ein kopp kaffi og nyte livet...
Medan eg har det...:-)


torsdag 23. juni 2016

Ein dags pause...


Ja, no er det midtsommar. Graset er grønt, og det er lyst heile døgeret. Ei ny hektisk arbeidsveke er snart over. I tillegg er frisøren, tannlegen, blodbanken og eit par gebursdagsfeiringar unnagjort.... Og snart er det Kreta som står for tur. Så i kveld pakkar eg sekken, og stryk til fjells etter jobb i morgon. Med fiskestanga som kompis. 

Ei natt åleine under open himmel i fjellet er alltid godt for sjela og tankegodset. Det er slike turar eg minnest best av alle. 







Gebursdagar - igjen...

Kristine med blautkaka
(Alle foto med mobil)

Kristine klar med den tradisjonelle blautkaka med ein del bananer og ein del jordbær

Andreas vil ha meir Non Stop....

Amalie har smakt på gebursdagskake...
Live og Ingebjørg
SÅ var det tid for is...

Mamma og Margunn

































Ja, då var det Amalie og Andreas sin tur til å bli feira. 
 Kristine og Rudi inviterte til middag og kaker i Farsundfeltet på Sunde i Førde i går.

Vi har mange feiringar med 8+3 barnebarn og 3+1+3 eigne barn!
Kjekt er det med slike feiringar. 
Besta hadde sikkert sagt at det er ei velsigning å ha stor familie...

tirsdag 21. juni 2016

Rask fjelljogg




Herleg fjelljoggetur på Skylefjellet i kveld. Men jammen måtte eg stå på for å halde varmen. Stor skilnad på temperaturen då sola forsvann. I tillegg til ein ganske sur nordatrekk. Men etter å ha sprunge heim igjen i dusjen var det sjølvsagt berre supert...:-) 

mandag 20. juni 2016

Hus og heim




Inn Dalsfjorden frå fjæra

Straumsnes frå fjæra


Tiril og Tora

Odd og Ellen
Marie og Olina
Søndagen gjekk med på eit besøk på vising av gamlehuset til Olaug sin familie som no ligg ute for sal. Huset er i Holmedal. Det vart seldt ut av familien for nokre år sidan. Huset er no oppussa. M.a. med ny garasje. 

Etter dette samla vi oss heime i Stongfjorden for nokre kjekke timar i lag. Koseleg søndag.


lørdag 18. juni 2016

På kryss og tvers, opp og ned.


Utsikt frå Vardenova med m.a. Svelivatna og Moldura og Skålefjellet bak


Rivedal og Straumsnes frå Røyrbotnholten

Vardenova frå Røyrbotnholten

Svelivatna frå Røyrbotnholten

Oppstigninga til Smørskornova frå aust

Utsikt frå Smørskornova
Flekkefjorden i midten oppe

Mot Straumsnes

ds

Langevatnet
Dokka i midten bak

Dokka og Moldura frå Hekkelfjellet

Moldura frå nordsida av Hekkelfjellet

Stongfjorden frå Skålefjellet

Osland i midten og mot Førdefjorden

Nipane
Vardenova t.h. oppe


I desse EM-tider må bloggen bli kort. Men nokre ord om dagens tur likevel. Eg gjekk meg ein god roundabout frå Oslandsbotnen i dag tidleg. Og tok nokre toppar som passa inn til ein fotballkamp kl 15. Tidleg ute var eg ikkje i dag. Eg sovna "atte på" på sofaen etter frukost kl 05.30... Litt trøtt etter å ha sett på den flotte månen ute i fjorden kl 03.02

Klokka 03.02 i natt såg månen slik ut over Follevåg...


Eg gjekk først opp til enden av Svelivatnet og opp bratta til Vardenova. I den iskalde nordavinden var det såvidt eg heldt varmen i shorts og enkel trøye. Deretter gjekk turen ned på Rivedals-sida og ein snur oppom Røyrbotnholten. Så raskt og vestover og opp på Smørskornova. Frå nordenden av Langevatnet beint opp på Hekkelfjellet, og her i frå beint nordover til Skålefjellet i Stongfjorden. Eg avslutta med å gå aust og ned Nipane til Oslandsbotnen igjen. Turen tok ganske nøyaktig 5 timar utan pause.... 

Eg møtte ein del sauer på turen. Nokre ligg det foto av på linken inn under. Litt fugl var òg å sjå. Men ikkje eit einaste menneske. Sidan ingen av desse toppane eg var oppom i dag er med på fjelltrimmen for i år, er dei òg lite besøkte. For min del var det iallefall ein fin tur trimmessig. 

Ein del av ruta i dag. Foto frå Nipane.
Vardenova t.v. Røyrbotnholten i midten og Smørskornova t.h.



Foto

tirsdag 14. juni 2016

M/S Stangfjord



















Flott og høgtideleg markering i Stongfjorden i dag då M/S Stangfjord kom heim frå Hardanger Fartøyvernsenter der den har lege til restaurering. Båten er ikkje heilt ferdig, men skal få siste hand på verket på Jensbua, ytst i Flekkefjorden. I tillegg skal det på plass ny motor. 

Det er Ove Losnegård og skuta hans Linnea som har slept M/S Stangfjord frå Hardanger og heim att. Og inn Stongfjorden var det ein heil konvoy båtar som følgde slepet. M.a. Bakkejekta.

Det vart helde fleire takketalar for engasjementet som har ført båten hit den er i dag. Utan eldsjelar som brenn for kystkulturen hadde ikkje båten blitt restaurert. Ordførar Frida Melvær føretok den ærbødige dåpen av båten. 

For Stongfjorden er båten særs viktig som kulturberar for det gamle industrisamfunnet.  

(treng ab.)