søndag 22. mai 2016

Herleg rundtur

Mot vest

Snaue fjellet ved Norddalen



Eit fantastisk "snauklipt" fjell...

Her vi ser Norddalstjerna og inst i Markavatnet 


Ved Stordalsfjellet
Vardenova og Portafjellet


Dagens selfie på Stordalsfjellet (eg treng ein klipp...:-)

Tilbakeblikk mot Indrevågefjellet og Middagsnipa


Eg gjekk meg ein skapleg morgontur i dag tidleg (sjå bildelinken). Ja, før det bar til Førde på diverse handleoppdrag. Deretter var det gebursdagsfeiring av eldste og yngste barnebarnet mitt i Sundsdalen. Så lørdagen har i grunn arta seg som ei berg og dalbane. Eller at eg har fått både i pose og sekk. Kan vel ikkje kalle det for noko anna, heldig som eg er med 8+3 barnebarn, og flotte fjell rundt nòva.

Bilda frå turen fortel vel om bakke opp og bakke ned. Akkurat ruta i dag er ei stund sidan eg har gått. Men det er i grunn fantastisk å gå ned inst i Norddalen, for så å gå opp dei blankpolerte berga mot sør. Fjellet her er berre utruleg slette og utan vegetasjon. I dag sildra det vatn over alt. Ja, kanskje difor dei er slette. Elva mot vest ned gjennom Norddalen startar jo her. 

Elles var det ikkje mykje morgonliv i fjellet. Litt heipiplerke er her og nokre ryper. Men alt i alt lite fugl. Men på Osland var det betre. Her såg eg både strandsnipe, ringtrast, steinskvett og tre smålomar på vatnet som "krangla"... Og veldig kjekt å sjå både geiter og hest på Osland (sjå bilder). 

Osland

Tyngste biten var likevel å gå grusvegen frå Oslandsbotnen og til bilen. Den stod ved fylkesvegen på Osland. Fjellsko på slette grusvegar er aldri noko særleg. Men endå verre er det på asfalt. 

Flott tur og herleg lørdag. 

Ingen kommentarer: