Facebook

søndag 29. mai 2016

Eit møte med fjellgeiter

Eg møtte to fjellgeiter på Eitrenipa

Ja, jammen gjekk eg meg ikkje opp i eit møte med to friskusar oppe i skaret på Eitrenipa i dag. Hyggjelege, smilande og sosiale var dei... Så eg sa like godt at eg skulle vise dei ein spanande veg til topps. Så slik vart det til at vi sat ved varden der alle tre. Og bilde måtte vi sjølvsagt få til... 

Dei supersporty jentene såg føre seg Blegja i aust som eit nytt mål. Så eg peika og gestikulerte ut mine tips innover Blåegga sidan dette visst var nytt område for dei. Korleis det gjekk veit eg ikkje. Men er ein i god form klarar ein det meste... Eg for min del gjekk ned den vanlege ruta i Eitreskaret til Botnatjerna. Deretter langs den merka stien til kloppa på Krokavatnet og vidare opp i Svartetjerna. 



 Foto frå Eitrenpa.
Fossedalshengenipa t.h.
Langevatnet ved Nipebu t.v. for Fossedalshengenipa.Fossedalsvatnet t.v.
Heileberget med snøflekker på frå venstre og utover.
Kloppa ved Krokavatnet i midten nede.
(Sjå bildelink)



Under hellaren mellom Krokavatnet og Svartetjerna ser vi Fossedalshengenipa

På Fossedalshengenipa.
Nipebu bak hovudet mitt

Og etter noko opp og ned nådde eg ryggen på Fossedalshengenipa. Så bar det opp den flotte konglomerat-ryggen til toppen. Fantastisk. Kanon. I berre shortsen. Utan eit einaste klesbyte. Piece of cake. Så sprang eg ned igjen ryggen og mesteparten av vegen til bilen ved kraftvegen i Skjerlia. I like fin form som då eg starta - nesten. Super 4-timars tur. 


P.S. Det vart ingen tur i går sidan vi hadde avdelingsmøte i banken på Byrkjelo 
frå fredag til lørdag.
Desse bilda held eg førebels privat. 
Men her eit par smakebitar frå 27. 












Legg inn en kommentar