onsdag 25. mai 2016

Barndomens fotefar

Bakkevatnet den gang då...

Bakkevatnet den gong no....
(med eit insekt som kamerat)




Selet ved Bakkevatnet

Dokka Kalderasnipa og Moldura




Det er ei mektig oppleving å vandre einsam i barndomens fotefar. Å kjenne minna frå somrar då sola alltid skein. Og då alt var mykje større enn i dag. Eg vandra såleis langs Bakkevatnet i Holmedal i kveld. Der eg var mykje i barndoms åra mine. Vi var nemleg kvar sommar i mange år på garden Boge i Holmedal, der bestemor mi kom frå. Og mykje ved Bakkevatnet. Der ein hadde både slåttemark, sel og båt.

I kveld var det eit nydeleg vèr. Litt nordatrekk som susa i grankronene. Sysvorta sang sine melankolske strofer, og eit canadagåspar symde over vatnet med årets kyllingar mellom seg. Nokre sauebjeller lydde av og til i det fjerne. Elles var det heilt stilt. Og så gjekk sola ned bak Dokka.

Ja, det var nesten som det vart litt mykje å kjenne etter kor fort åra har gått. Sterkt, trist, godt og.. stilt... Rare kjensler. Som då eg såg att båten vi brukte til å sette garn frå. Båten eg skreiv dikt om her hitt året. No endå eit par år eldre. På veg tilbake til naturen. 


Den gamle båten eg sit i på første bildet
Det gjer godt å gå i barndomens fotefar. Til gamle minner. Til  minna om mennesker som ikkje er her lenger. Dit pappa og eg hadde kvalitetstid i lag.

Heim igjen sette eg på den siste og blodferske musikken frå heavy metall gruppa Grand Magus, nedlasta frå Spotify, offline på smarttelefonen, og overført via bluetooth til mediaavspelaren i bilen. Tilbake til kvardagen. Musikken er i grunn den same som før. Om tidens tann tek oss alle til slutt.... 

Bakkevatnet 240516

Bakkevatnet t.v.
frå kammen på Dokka

Ingen kommentarer: